Andreas Austlid

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 18. okt. 2009 kl. 08:53 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Ny side: <onlyinclude> '''Andreas Austlid''' (fødd 26. desember 1851 i Gausdal, død 1926) var folkehøgskulemann og lærebokforfattar. Han starta ein [[Friskulen i Lom 1871-1879|friskule i...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Andreas Austlid (fødd 26. desember 1851 i Gausdal, død 1926) var folkehøgskulemann og lærebokforfattar. Han starta ein friskule i Lom, var lærar ved fleire folkehøgskular, og grunnla sjølv Møre folkehøgskule. Austlid var forfattar av det fyrste heile leseverket for barneskolen på nynorsk. 


Familie

Han var fødd på garden Austlid i Østre Gausdal, son av gardbrukarparet Anders Eirikson Austlid og Ingeborg Andersdotter fødd Torp.

Andreas Austlid gifta seg i 1884 med Gunnhild Halvorsdotter Ofigsbø (1859-1944). Såleis vart han svogeren til ein annan kjend folkehøgskole og norskdomsamnn, Ivar Blekastad, som var gift med Torø Halvorsdotter Ofigsbø.


Utdanning

I ungdomen skipa Andreas Austlid saman med jamaldringar eit ungdomslag i heimbygda, der føremålsparagrafen hadde ein uttrykkeleg front mot pietismen. Lagsverksemda skulle «modarbeide og bekjæmpe alle skadelige indflydelser fra en livsfiendsk, pietistisk aandsretning, der mer og mer griber om sig og truer med at ødelægge alt sundt ungdomsliv». (Her sitert etter Ivar Blekastad 1930, med hans lett moderniserte rettskriving).

Etter den vanlege allmugeskolen gjekk Austlid i to vintrar på Christopher Bruuns folkehøgskule på Romundgard i Sel (1869-1871).


Friskule- og folkehøgskulelærar

I 1871 starta Austlid ein friskule på garden Ofigsbø i Lom, etter oppmoding frå folk i bygda som han hadde lært å kjenne på Romundgard. Dette heldt han på med tiåret ut, med avbrot vinteren 1873-1874, da han var med på bibelskulen som Christopher Bruun heldt på Fykse i Gausdal det året.

Frå Lom reiste Austlid til Danmark og vart der i to år. Føremålet var å lære meir om folkehøgskuletanken. For å finansiere opphalda på ymse lærestader, arbeidde han som grisepassar og fjøsrøktar, gartnar og jordarbeidar.

Heime att frå Danmark var han lærer på Vonheim 1881-1882. Derette arbeidde han i 17 år ved Ullensvang folkehøgskule i Hardanger, med Johannes Helleland som styrar. I Ullensvang kjøpte Austlid og dyrka opp garden Helleland, der han og kona sette i gang med planteskule og griseavl.

I 1899 flytta familien til Ørsta, der dei kjøpte ein ny, større gard. Der bygde Austlid opp Møre folkehøgskule, som han sjølv dreiv til 1908. I 1913 drog han til Gausdal for å byggje opp att Vonheim folkehøgskule. Det lykkast ikkje på den gamle skulestaden. Den nye skulen fekk tilhaldsstad på garden Austlid i to vintrar. Andreas Austlid var sjølv lærar der med Olav Aukrust som styrar. Denne skulen vart så flytta til Dovre, og var der i tre år. Til slutt kom skulen til Sel, fyrst med hus på Otta, så i 1919 til Romundgard på Nord-Sel, der Christopher Bruun hadde starta sin fyrste folkehøgskule i 1867.

I desse siste åra sine som folkehøgskulelærar starta Austlid to ungdomslag i bygda, eit for den sørlege delen og eitt for Nord-Sel. Han var sjølv leiar av båe to. Det største laget, på søre Sel, hadde meir enn 200 medlemmer.

Austlid slutta som folkehøgskulelærar i 1920.


Lærebokforfattaren

I 1880 utlyste Vestmannalagen konkurranse om å skrive den beste ABC-boka på landsmål. Austlid vann fyrsteprisen i konkurranse med mellom andre Ivar Aasen. Det var den fyrste ABC-boka på nynorsk i det heile teke. I noko omarbeidd form kom ho ut på nytt i 1888, også da med fyrsteprisen frå Vestmannalaget. Seinare kom boka i ni opplag med i alt om lag 90 000 eksemplar.

Austlid gav ut den fyrste leseboka si for born i 1889. Rett etter århundreskiftet kom Lesebok for folkeskulen (band 1 1902, band 2 i 1903 og band 3 i 1906). Seinare kom eit fjerde band. Med noko omarbeiding vart lesebøkene mykje brukt i norske folkeskular på bygdene heilt til i 1960-åra.


Anna forfattarskap

Austlid gav i 1879 ut den historiske beretninga Soga frå Sinklar og Skottom. Han skreiv eit tobands verk om den danske friskule- og folkehøgskulemannen Christen Kold, som kom ut i 1911 og 1913, Ein folkelærar. Rett før han døydde gav Austlid ut Bonden, bibelen og kulturen (1925) og Salt frå folkehøgskulen (posthumt 1926).


Litteratur

  • Blekastad, Ivar: «Andreas Austlid», i Årbok for Dølaringen 1930.
  • Kolden, Jon: Bygdabok for Lom 3. Utg. av Lom kommune ved Snøhetta forlag, Lesja, 2005. (Kapittelet om Ofigsbø)