Andreas Dorotheus Wulfsberg (1747–1828)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.

Andreas Dorotheus Wulfsberg (fødd i Tønsberg 9. mai 1747 død i Gausdal 10. oktober 1828) var teolog, sokneprest i Åmot i Østerdalen og prost i Østerdalen. Han vart kjend som opplysningsmann og ein pådrivar i nærings- og kulturutvikling i distriktet sitt, og særskilt som medstiftar av Aamodtske patriotiske Selskab og tekstilverksemda Enigheten. Han kan trygt reknast blant dei mest utprega «potetprestane» frå denne tida.

Familie

Han var son av residerande kapellan i Tønsberg Niels Andreassen Wulfsberg (1715-1784) og hustru Abigael Jacobsdatter Achton (1718-1786).

Andreas Wulfsberg var gift med Dorothea Catharina Johanne Elisabeth Bøckmann (fødd i Sandeherred, nåverande Sandefjord kommune i Vestfold 19. mars 1754 død 10. april 1827), dotter av Paul Conrad Bøckmann og Maren Olsdatter. Andreas og Dorothea Wulfsberg hadde ikkje born sjølve, men brorsonen Niels Wulfsberg (teolog og særleg kjend som pressemann og samfunnsdebattant) voks opp hjå dei i Åmot.[1]

Andreas Wulfsberg var bror av byfut og politimeister i Christiania justisråd Jacob Wulfsberg (far til Niels). Andreas Wulfsberg var også onkel til eidsvollsmannen og amtmannen Gregers Winther Wulfsberg.

Utdanning og embete

Andreas Wulfsberg vart student frå Tønsberg skole (latinskule) i 1764 og var ferdig utdanna teolog frå Universitetet i København i 1768. Han vart utnemnd til personellkapellan for sokneprest Christen Kiær i Åmot 29. oktober 1777. Da Kiær døydde i 1786, etterfølgde Wulfsberg han i embetet.

I 1779 hadde Wulfsberg kjøpt husa på bruket Polmannsmoen rett ved prestegarden i det området som seinare vart til stasjonsbyen og bygdesenteret Rena. Wulfsberg budde der til han flytta inn på prestegarden som sokneprest. Polmannsmoen var skild ut frå Åmot, ein nabogard som hadde vore drive under prestegarden alt frå mellomalderen av. Åmot-garden hadde tidlegare mellom anna vore kapitelsgods, og var nå privat eigd av avdøde sokneprest Kiærs arvingar. Det oppstod tvist mellom desse og Wulfsberg om kva som retteleg låg til prestegarden.

I følgje folketeljinga 1801 var det 14 personar som da budde i prestegarden. Det er presteparet sjølv, systera til kona som var enkje med to mindreårige born, åtte tenestefolk og ein innerst som var skreddar. Under prestegarden er det dessutan registrert seks hushald til av husmenn, handverkarar og dagleigarar.[2]

Wulfsberg var i kallet til 1. august 1822. I tidsrommet 1795-1816 var han også prost i Østerdalen prosti.

Det framgår ikkje av gjennomgåtte kjelder korleis han tilbringa dei siste åra av livet sitt. Han døydde på prestegarden i Gausdal. Det har truleg samanheng med at soknepresten der, Andreas Fuglesang Dircks, var gift med ei Abigal Wulfsberg.[3] Ho var venteleg nær slektning av Andreas Wulfsberg, kanskje niese og pleiedotter?

Næringsutviklar og patriot

I bygdeboka blir Wulfsberg omtala som «en liberaler og ektefødt barn av opplysningstiden» og om aktivitetane og det lokale engasjementet hans heiter det der: «...det han ikke hadde en finger med i [i prestegjeldet], er som lite å regne (...) og alltid var det bygdens og bygdefolkets ve og vel som lå ham på hjerte.»[4] Andre vitnemål og kjensgjerningar ved Wulfsbergs virke synest stadfeste utsegna. Mellom anna engasjerte han seg i forbetring av skulestellet ved å tale for høgare løn og betre vilkår for lærarane. Han medverka til eit betre poststell i Østerdalen, og arbeidde ihuga for eit meir føremålstenleg fattigvesen. Saman med amtmannen og futen i distriktet stilte Wulfsberg seg i spissen for opprettinga av ei rekkje bygdemagasin i Østerdalen, derav eit i Åmot frå 1792.[5]

Mykje av Wulfsbergs innsats for bygdesamfunnet vart kanalisert gjennom det Aamodtske patriotiske Selskab, som vart stifta i 1782 på initiativ av bonden og lensmannen Ole Evenstad frå annekssoknet Stor-Elvdal.[6] Foreininga stod bak opprettinga av tekstilfabrikken og industriskulen Enigheten frå 1785. Wulfsberg var forstandar for tiltaket, og stod for den tette og viktige kontakten til styresmaktene i København. Mellom anna var han på eit lengre opphald i hovudstaden sommaren og hausten 1782. Da kunne han sjå til med dei to ungdomane som Enigheten hadde sendt til opplæring der, kanhende hadde han reist saman med dei da dei drog ned der i juni. Samstundes kunne Wulfsberg bearbeide sine kontakter i Kommersekollegiet og i Det kongelige Landhuusholdnings Selskab, som var opptekne av å fremje slike tiltak som Enigheten. Wulfsberg var korresponderande medlem av Landhusholdningsselskapet frå same hausten. København-opphaldet var også gunstig for kapellan Wulfsberg når det galdt utsiktene til å få overta prestekallet i Åmot.[7]

Wulfsberg var også medlem av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab i Trondheim.[8]

Referansar

  1. Haukaas, K. 1983
  2. Andreas Wulfsberg i folketelling 1801 for Åmot prestegjeld fra Digitalarkivet.
  3. Kleiven, I. 1926:157. Etternamnet åt Dircks er også stava Diriks.
  4. Lillevold, E. 1973:200
  5. Lillevold, E. 1973:266ff
  6. Lillevold, E. 1973:276
  7. Sørensen, S. 1984:21.
  8. Sørensen, S. 1984:28.

Kjelder og litteratur

  • Halvorsen, J.B./Koht, H.: Norsk forfatter-lexicon 1814-1880, bd. 6, oppslag Wulfsberg, Andreas Dorotheus. Kristiania 1908.
  • Haukaas, Kaare: Artikkelen «Niels Wulfsberg» i Norsk biografisk leksikon (1983).
  • Hutchison, Ragnhild: Enigheten - tekstilfabrikken i Østerdalen. Fabrikkdrift og teknologioverføring i det norske bondesamfunn på slutten av 1700 tallet. Hovudoppgåve i historie, Universitetet i Oslo, hausten 2003. Digital utgave.
  • Kleiven, Ivar: Gamal bondekultur i Gudbrandsdalen. Østre og Vestre Gausdal. 1926.
  • Lillevold, Eyvind: Åmot bygdebok. Garder og slekter bd. I. 1967.
  • Lillevold, Eyvind: Åmot bygdebok bd. III. 1973. (Generell bygdehistorie)
  • Sørensen, Steinar: «Fremskrittsmenn og patriotisk flid i Sør-Østerdalen.» I Nytt om gammalt. Glomdalsmuseets årbok 1984. Elverum.

Eksterne lenkjer