Andreas Emil Hansen

Fra lokalhistoriewiki.no
Revisjon per 28. mar. 2019 kl. 05:01 av Oddloho (samtale | bidrag) (→‎Litteratur: HBR)
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Andreas Emil Hansen

Andreas Emil Hansen (fødd 26. juni 1837 på Kongsvinger, død 3. oktober 1919 i Kristiania) var kjøpmannsson. Han vart student 1855 og tok teologisk embetseksamen 10. desember 1861.

Frå 1862 til 1864 var han huslærar hjå presten i Tinn i Telemark. Her gifte han seg 21. mai 1868 med Anna Judith Sørensen (1848-1929), dotter av soknepresten i Tinn.

Hansen kom til å leve eit omflakkande liv som prest. Den 29. august 1864 vart han tilsett som personleg kapellan til Gjerstad i Aust-Agder. Den 8. februar 1868 vart han så utnemnd til sokneprest i Jostedalen i Sogn og Fjordane. Han var ordførar i Jostedalen ein kort periode i 1875, siste året han var i bygda.

Den 25. september 1875 vart Hansen utnemnd til sokneprest på Gol i Buskerud. Her var han til han 3. mars 1893 vart utnemnd til sokneprest i Skiptvet i Østfold. I Østfold vart han òg prost i Øvre Borgsyssel prosti. Siste embetet hans var som sokneprest på Nøtterø i Vestfold der han vart utnemnd 8. juli 1896. Han vekk avskil som prest i 1911.

Han og kona Anna fekk i alt elleve born.

Litteratur

  • Lampe, Johan Fredrik. (1896). Bergens stifts biskoper og præster efter reformationen. Biografiske efterretninger. (Bd. 2). Kristiania: Cammermeyer, s. 6. (Digital utgåve, Digitalarkivet)
  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 337-38. (Digital utgåve, NBdigital)
  • Øvregard, Kåre, Asbjørg Ormberg, og Oddmund L. Hoel. (2010). Jostedal kyrkje. Fakta, segn og soge gjennom 350 år. Leikanger: Skald forlag, s. 225.

Eksterne lenkjer


Forgjengar:
 Ole Christian Rasch 
Prestar i Jostedalen
Etterfølgjar:
 Anton Hansen 


Forgjengar:
 Rasmus Larsson Faaberg 
Ordførarar i Jostedal kommune
Etterfølgjar:
 Anders Christenson Ormbergstøl