Andreas Wiel Nygaard

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 9. mai 2017 kl. 07:26 av Cnyborg (samtale | bidrag) (hbr)
Hopp til navigering Hopp til søk

Mal:Thumb høyre Andreas Melchior Wiel Nygaard (født 28. mai 1903 i Idd, død 1982) var ein arkitekt som virka i Oslo i tidsrommet 1930-1952 og etter 1961. I ein periode etter 1955 var han direktør for Aschehoug forlag.

Han var utdanna ved NTH i 1926, og etablerte eige kontor i Oslo i 1930 etter nokre år hos arkitektane Bjercke og Eliassen. I 1933-1938 var Nygaard redaktør av Byggekunst, tidsskrift for Norske Arkitekters Landsforbund. I åra 1940-47 hadde han kontor saman med Thorstein Schyberg.

Blant hans arbeid i Bodø kan særleg nemnast ombygginga av Rønvik sjukehus 1941-42 og 1945-46, forretningsgard i Sjøgata 19 for Julius Jakhelln AS frå 1949 og Sundems bokhandel frå 1947.

Han har også tegna fleire kyrkjer: Øvre Saltdal kyrkje 1938, Digermulen kyrkje, Vågan kyrkje 1951 og Røssvoll kyrkje, Rana 1953 (dei to siste saman med Thorstein Schyberg).

Kilder og lenker


Senter for gjenreisningsarkitektur logo.jpg Denne artikkelen om en arkitekt er del av prosjektet «Gjenreisningsarkitektane» fra Nasjonalt Senter for Gjenreisingsarkitektur. Du kan gjerne bidra med flere biografier! Flere artikler finner du i Kategori:Arkitekter.