Anfinn Refsdal

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 31. des. 2013 kl. 18:48 av Gunnar E. Kristiansen (samtale | bidrag) (Defaultsort)
Hopp til navigering Hopp til søk

Mal:Thumb høyre Anfinn Refsdal (fødd 4. juli 1839 i Vik i Sogn, død 28. april 1920 i Vik) var lærar, politikar, religiøs forkynnar og målmann. Han var son av jekteskippar Lars Markusson Tveit frå Balestrand og Gjørdis Johannesdotter frå Orvedal i Vik. Faren døydde før Anfinn var fødd, så han voks opp i Orvedal med mora og ein "noko streng stefar". I barneåra flytte han med huslyden til Refsdal i Vik, og såleis fekk han det namnet.

Lærar

Refsdal vart omangsskulelærar i Davik i 1861, men fekk ein omgangsskulelærarpost i Vik frå same året. Han gjekk på det andre kullet på Balestrand lærerskole frå 1864 og tok lærareksamen i 1865. Deretter var han lærar i Sogndal frå 1866 og lærar og kyrkjesongar i Hove sokn i Vik frå 1868, ein post han hadde fram til 1911.

Då kommunen sette i gang ein friskule for ungdom i 1880-åra, vart han sameina med allmugeskulen og Refsdal og Sigurd Nesse vart lærarar. Med folkeskulelova 1889 gjekk han over til å bli framhaldsskule.

Med lærargjerninga som utgangspunkt fekk han etter kvart ein svært framståande posisjon i lokalsamfunnet.

Misjons- og fråhaldssak

Refsdal vart gripen av den johnsonske vekkingsbølgja i 1960-åra og vart med i lekmannsrørsla. Han vart der både ein mykje nytta religiøs forkynnar og emissær, og gjorde eit stort arbeid som organisator. Han var sentral i Midtre Sogns Indremisjon frå skipinga i 1869.

Refsdal engasjerte seg i fråhaldssaka og skipa fyrst eit lag i Vik for strengt måtehald, og seinare eit totalfråhaldslag.

Lokalpolitikk

Refsdals politiske karriere byrja som heradsstyremedlem i Vik frå 1874. Han var ordførar i to periodar, 1886-97 og 1902-07. Han var òg formann i skulestyret, forlikskommisær (frå 1901), valmann fleire gonger og formann i amtsskulestyret 1900-01 attåt fleire andre offentlege ombod.

Han engasjerte seg òg i næringsorganisering. I slutten av 1880-åra skipa han eit jordbrukslag og var fyrste formann.

Lærarorganisering og målsak

Refsdal engasjerte seg tidleg i organiseringa av lærarane. I 1877 var han ordstyrar på eit stort lærarmøte i Bergen, og same rolla hadde han på prostilærarmøtet i Sogn i 1880. Han var leiar for nemnda som kalla inn til amtslærarmøta både i Førde i 1881 og i Vadheim 1884. Han vart seinare landsstyremedlem i Norges lærerlag.

Refsdal vart etter kvart ihuga målmann, sjølv om han ikkje var mellom dei fyrste i Sogn. På lærarmøtet i 1880 var Refsdal mellom dei som uttala seg kritisk til målsaka, på eit møte som mange aktørar seinare har omtala som skilsetjande for målreisinga i Sogn. I 1882 deltok han på lærarkurset i landsmål i Sogndal, og på amtslærarmøtet i 1884 høyrde Refsdal til det overveldande fleirtalet som slutta opp om Vadheimresolusjonen. Han uttala at det ville vere ei vinning for forkynninga om bøndene kunne tale sitt eige mål i religiøse samkome.

På Stortinget vart Refsdal ein viktig mann for målrørsla ved fleire høve. I kyrkjekomiteen var han med i mindretalet som prøvde å få inn målparagrafen i folkeskulelovene i 1889. Då det lukkast å få inn målparagrafen i 1892, var Refsdal ein av framleggsstillarane.

Stortingsrepresentant

Refsdal vart vald som 2. vararepresentant til Stortinget i 1885 og 1. vara i 1888. Han møtte fyrste gong våren 1889 (for Edvard Liljedahl). Han kom inn på fast plass i valet i 1891 og sat i tre periodar, til 1900. På Stortinga 1903-1906 var han 1. vararepresentant, og han møtte mellom anna 15. mai-14. juni 1905 og fekk såleis med seg unionsoppløysinga. Han møtte òg sesjonen 1905-06.

Det meste av tida på Stortinget sat han i kyrkjekomiteen. Refsdal høyrde til den moderate pietistiske vestlandsfløya i Venstre. Etter partikløyvinga i 1888 gjekk han over i Moderate Venstre til liks med andre framståande politikarar frå fylket som Jakob Sverdrup og Edvard Liljedahl.

Familie

Refsdal åtte ein ein mindre gard i Vik, Gildhus. Refsdal var gift tre gonger, (1) med Anna Bentsdotter, (2) med Eli Thorsdotter, og (3) med Gjertine Andersson.

Dottera Inga vart gift med læraren, målmannen og misjonsmannen Sigurd Nesse, som òg vart lærarkollega med Refsdal i Vik.

Refsdal var òg far til kartografen og læraren Ivar Refsdal.

Kjelder og litteratur