Anne Aanundsdotter Lillegaard

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Anne Aanundsdotter Lillegaard (fødd 1792Eidsborg, død 20. oktober 1863) var tradisjonsberar. Ho er særleg kjend for ein av dei viktigaste oppskriftene av Draumkvedet og for Agnus Dei og Hugaball.

Ho vart fødd på Turtedalen under Bratterud i Eidsborg, og var dotter av husmann Aanund Saavesson og Tone Olavsdotter.

I 1820 vart ho gift med Aasmund Halvorsson Kleivi. Dei budde ei tid på Kleivi, og vart så husmannsfolk på Lillegård under Nigard Dalen. Eigaren av Nigard Dalen var den gongen lensmann og stortingsrepresentant Peter Mikkelsson Mandt. Paret fekk tre døtrer: Ragnhild (f. 1822), Tone (f. 1825) og Hæge (f. 1829). I 1836 vart Anne enke, men ho vart sitjande på husmannsplassen.

Ho lærte fleire gamle songer av bestemora Johanne Kristinsdotter Juvet. Ho døydde då Anne var berre elleve år gammal, men songane vart sitjande i minnet. I 1840-åra kom mellom anna Jørgen Moe og Sophus Bugge til ho for å skrive dei ned. Det ser òg ut til at Olea Crøger og Magnus Brostrup Landstad møtte Anne Lillegaard. Vi veit sikkert at Jørgen Moe kom i 1847 og budde hos Mandt på Nigard Dalen, og at Anne då vart hente for å synge. Han skreiv ned femten viser den gongen, ein av dei Draumkvedet med 22 strofer , altså ein noko kortare versjon enn Maren Ramskeid sin på 30 strofer. Moe merka seg at ho var nøye med å rette opp om ho hadde sunge feil, og at ho sa fra om lakuner og varianter. Seinare skreiv andre ned fleire songer, slik at det i alt er 37 oppskrifter etter Anne. Hennar variant av Hugaball er den einaste komplette oppskrifta av denne balladen.

I 2015 sette Tokke kommune opp ei minneplate over ho ved plassen Lillegaard.

Oppskrifter

Litteratur og kjelder

  • Jonsson, Bengt R. og Olav Solberg (red.): "Vil du meg lyde" : balladsångare i Telemark på 1800-talet. Utg. Novus. Oslo. 2011. Mal:Bokhylla