Anne Grimdalen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Anne Grimdalen i sitt atelier i 1938.
Foto: Henriksen & Steen (firmaet)
Minnestein over Magnus Brostrup Landstad, laga av Anne Grimdalen i 1951.
Foto: Siri Iversen (2011).
«Dyrefontenen» og «Tømmerfløtere» frå 1947, Oslo rådhus.
Foto: Jac Brun (1961).

Anne Marie Grimdalen (fødd 1. november 1899Skafså, død 3. oktober 1961 i Oslo) var bilethoggar, kjend mellom anna for utsmykkinga på vestfasaden på Oslo rådhus.

Ho var dotter av gardbrukar Olav Tarjeison (1865–1931 og Gunnhild Grimdalen. Sjølv vart ho ikkje gift.

Ho vaks opp i ein syskenflokk på ti på slektsgarden Grimdalen i Skafså. Som dei andre ungane byrja ho tidleg å arbeide på garden. Men slekta har òg lange tradisjoner for kunsthandverk. Morfaren var sylv- og kunstsmed, og mora vedde. I barndomen teikna og malte Anne ein del, og då ha var atten år gamal lærte ho seg rosemåling og treskurd hos Gro Kvipt i Fyresdal.

Hausten 1922 søkte ho seg inn på Statens håndverks- og kunstindustriskole, og flytta til Kristiania etter å ha kome inn i teikneklassen. Ho måtte ha ein halvdags huspost for å fø seg under studiane. Anne Grimdalen kom raskt inn i modellerklassen, der ho var frå 1922 til 1926, og det var der ho fann sitt kall. Særleg det å lage dyreskulpturar hadde ho stor glede av, og etter ein opvekst på garden og i skog og mark hadde ho mykje inspirasjon å hente frå.

Ho kom i 1926 inn på Kunstakademiet, der ho var elev av Wilhelm Rasmussen fram til 1928. Debuten kom på akademiet sin vårutstilling, der ho stilte ut ei byste av Elliot Kvalstad. Ei tid etter fekk ho ei tinging frå Tilla og Otto Valstad på nokre bjørnungar, eit motiv ho seinare kom attende til mange gonger. Frå 1928 var ho årleg med på Haustutstillinga, og i 1931 kjøpte Nasjonalgalleriet inn bronseskulpturen «Gjenta på hesten».

Ho fekk mellom anna med støtte frå Houens legat tatt seg studieopphald i København, der ho arbeida hos professor Einar Utzon-Frank. Ho nytta òg høvet til å studere dyra i den zoologiske hagen der. Pengestøtte frå vener gjorde det òg mogleg å reise til Italia, Tyskland, Hellas, Frankrike og England. På veg heim frå Italia i 1934 fekk ho vite at ho hadde eit svakt hjarte, noko som seinare plaga ho ein del. Til tider måtte ho ta seg nokre veker med rekreasjon, men så snart ho var på beina att var ho i arbeid eller på reise.

I 1938 vann Anne Grimdalen konkurransen om ein viktig del av utsmykkinga ved Oslo rådhus. Ho arbeidde med desse gjennom okkupasjonsåra, den første tida med atelier i rådhuset. Då flyalarmar, mørkleggjing og ikkje minst tyskarane sine forsøk på å få ho med i Rådet for kunst og kultur vart for mykje for ho, reiste ho heim til Skafså og arbeidde der til krigen var over. «Dyrefontenen» var ferdig i 1947. På veggen bak fontene finn vi relieffet «Tømmerfløtere», og på vestveggen ein fem meter høg ryttarstatue av Harald Hardråde. Ho fekk i 1950 Kongens fortenestmedalje i gull for desse skulpturane.

Kring førti av hennar skulpturar er i offentleg eige, mellom anna eit monument over Magnus Brostrup Landstad i Seljord, eit over Anders HovdenØrsta og eit over Håkon den gode i Fitjar. Ho deltok på fleire internasjonale utstillingar, og selde og verk til fleire andre land.

Frå 1959 hadde ho kunstnarløn. Då hadde ho slitt med økonomien lenge, men hadde eigentleg nådd eit punkt då ho kunne leve av kunsten sin. På 60-årsdagen fekk ho eit festskrift med heile 2000 gratulantar, med Olav V i spissen.

Hausten 1961 svikta hjartet medan ho arbeidde i atelieret. Ho vart gravlagd på Skafså kyrkjegard.

Dei eldste bygningane på Grimdalen vart etter ein innsamlingsaksjon og med offentlege tilskott restaurert kring 1970. Grimdalstunet opna i 1973 med kring 300 avstøpingar av skulpturane hennar.

Galleri

Litteratur og kjelder