Anne Marie Abel

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 11. sep. 2018 kl. 13:16 av Marthe Glad (samtale | bidrag) (f2)
Hopp til navigering Hopp til søk
Søren Georg og Anne Marie Abel. Silhuetten blei laga av venen deira Peder Mandrud Tuxen.

Anne Marie Abel f. Simonsen (døypt 5. januar 1781 i Risør, død 23. desember 1846 i Gjerstad) var prestefrue i Finnøy og Gjerstad. Ho var kjøpmannsdotter, ho var gift med den populære og forstandige presten Søren Georg Abel, og ho var mor til mellom anna matematikaren Niels Henrik Abel. Ein skulle tru det var oppskrifta på eit godt og lukkeleg liv, men kjøpmannen gjekk konkurs, presten hamna i vanære og matematikarsonen døydde ung. Når Anne Marie allereie før desse problema hadde byrja søkje lukka i botnen av ei flaske, blir dette for ein stor del ei trist livshistorie.


Slekt og unge år

Faren hennar var Niels Henrik Saxild Simonsen (1748–1820), som eigde det velståande handelshuset Simonsen i Risør, og mora var Magdalene Andrea Kraft (1752–1788). Dei gifta seg i 1773, og flytta kort tid etter inn i eit stor treetasjes hus i Strandgata i Risør. Eigedomen var verdt heile 1800 riksdalar ifølgje brannmatrikkelen frå 1777.

Paret fekk tre born. Anne Marie blei født i 1781 og var eldst - det tok altså åtte år frå ei gifta seg til dei fekk born. Den neste var Jens Kraft, og til sist kom Elisabeth Maria.

Etter av Magdalene døydde i 1788 gifta Niels Henrik Simonsen seg med Marichen Elisabeth Barth. Ho skal ha vore dotter av postmeister i Kragerø Daniel Barth. Dei fekk to born: Daniel Barth og Magdalena Andrea. Då dottera blei født i desember 1791 døydde Marichen i barselseng.

Nokon måtte ta seg av ungane, og allereie i 1792 gifta Niels Henrik Simonsen seg for tredje gong. Denne gongen var det med ei syster av den første kona, Christine Kraft. Dei fekk to søner: Simon og Henrich Moss.

Barna såg ikkje så mykje til sin far. Det var jo ikkje uvanleg i tida, og dei hadde det betre enn mange andre, med tenarar og undervisning i klaverspel og song. Magdalene Andrea, mora til Anne Marie, var ei kjærleg mor, mens syster hennar ikkje var like interessert i korkje eigne born eller steborna.

I mars 1800 gifta Anne Maria seg med den ni år eldre Søren Georg Abel (1772–1820), som hadde studert til prest i Danmark. Der hadde han fått med seg idealane frå opplysingstida. Abel var ein av dei som var kjend som potetprest. Ein veit ikkje sikkert kvar dei møtte kvarandre. Abel var kapellan i Gjerstad, der faren Hans Mathias Abel var sokneprest. Truleg møtte dei kvarandre i Niels Simonsen sin heim under ein fest der. Simonsen hadde ikkje noko i imot at dei gifta seg; systera Elisabeth Maria måtte gå gjennom fleire år med vanskar før han let ho gifte seg med Peder Mandrup Tuxen, som var ein ven av Søren Georg Abel.

Prestekone

Søren Georg Abel sitt første soknekall var Finnøy prestegjeld, og der starta han eit leseselskap, han vaksinerte mot koppar og han organiserte kystforsvaret som følgje av hendingane i Europa.

Eldstesonen, Hans Mathias Abel, blei født 13. november 1800 i Finnøy, og døypt der den 24. i same månaden.[1] I folketeljinga 1801 finn vi Anne Marie, mannen og eldstesonen på Finnøy prestegard.[2]

I 1802 fekk dei Niels Henrik. Han blei født tre månader for tidleg, ifølgje tradisjonen medan foreldra var på vitjing hos sorenskrivaren i Nedstrand, nabosoknet til Finnøy. Det blei sagt at han var livlaus, og at det var først då dei vaska han med raudvin at han viste teikn til liv. Det gjekk bra, og han blei døypt i Hesby kyrkje den 6. september 1802.[3]

I gardshistoria for Finnøy står det at dei fekk ein tredje unge før dei forlot staden, og at vesle Søren Georg døydde tre veker gamal.[4] Han blei gravlagd frå Hesby kyrkje den 18. november 1804.[5] Men dåpen den 4. november syner at det ikkje var paret Abel sitt born. Han fekk døypenamnet Søren Georg Abel etter den nyleg fråflytta presten, og foreldra var Svend og Eli Kingestad.[6] Det var ikkje så uvanleg at ein tok med heile namnet ved slike høve, også slektsnamnet til den ein kalla opp etter - Anne Marie og Søren Georg gjorde sjølv det med den fjerde sonen sin. Så her har det blitt ein feil i bygdeboka; Anne Marie og Søren Georg Abel fekk berre to born medan dei var i Finnøy prestegjeld.

Gjerstad kyrkje og prestegard. Her budde Anne Marie Abel frå 1804 til 1820.
Foto: Ukjend, frå Gjerstad: av bygdesoga.

Søren Georg Abel fekk sokneprestembetet i Gjerstad i Aust-Agder i 1804. Der fortsatte han med sitt opplysningsarbeid. Mellom anna målte han avlingane i bygda og delte ut premiar. Han grunnla også eit leseselskap i Gjerstad, og gjorde mykja anna godt i bygda. Medan han hadde fokus på dette, var Anne Marie Abel meir interessert i å arrangere selskap og ball. Opp til hundre personar blei invitert til hennes store festar på prestegarden. Ho skal ha hatt lite merksemd på sine barn, og fekk tidleg eit alkoholproblem.

Den tredje sonen deira fekk namnet Thomas Hammond Abel. Han blei født i Gjerstad den 16. november 1805, og døypt der den 30. same månaden.[7]

Den fjerde ungen var også ein gut. Han fekk namnet Peder Mandrup Tuxen Abel etter foreldra sin ven. Han blei født den 12. november 1807 i Gjerstad, og døypt der den 16. desember.[8]

I 1810 kom det endelig ei dotter. Elisabeth Magdalena blei født 16. mars 1810 i Gjerstad, og døypt der den 22. same månaden.[9]

Den siste av paret sine ungar, Thor Henrik Carstensen Abel, blei født 20. desember 1814 i Gjerstad.[10]

Om hausten 1814 blei Søren Georg Abel vald inn på det overordentlige Storting for Nedenes amt. Han hadde prist det frie Noreg tidlegare på året, men måtte no vere med på å leggje til rette for at landet kom i union med Sverige. I 1818 blei han også vald inn på Stortinget. I 1814 blei han kritisert for å ha diskutert ein sak med nokre bonderepresentantar, over punsj, kvelden før ei avrøysting. Å gjere slikt vart sett nestan som juks, og han blei fordømt av andre representantar. Ein god ting som hende var at han blei kjend med lærarar ved Christiania katedralskule, der Stortinget hadde sitt møtelokale. Han fekk eldstesonen inn der frå hausten 1815; han ville ikkje reise, så Niels Henrik drog i staden. Hans Mathias kom året etter.

I 1816/1817 blei Søren Georg Abel råka av hard kritikk frå kyrkja. Han hadde skrive ei katekisme, som lektor Stener Johannes Stenersen plukka ifrå kvarandre i ein føljetong i Det Norske Nationalblad. Det var så ille at Stenersen hevda at Abel hadde personleg skuld for at minst ti tusen norske sjeler var på veg til sikker fortaping. Sjølv om Abel tok til motmæle og fekk ein del støtte, var det Stenersen sine ord som blei ståande, og Abel fekk nidvers mot seg i avisene. I 1818 fekk han litt revansj på Stortinget, då han fekk gjennom eit forslag om å opprette ein veterinærskule. Abel sitt syn i debatten om dei lærde skulane vant også fram. Katastrofen kom då Abel frå talarstolen på Stortinget sa at Carsten Anker hadde gått ifrå løfter om utbetaling av pensjonar til arbeidarane sine, og at han i dette hadde fått hjelp frå ein jurist som også satt på Stortinget. Heile forsamlinga oppfatte dette som ei grov krenking, men Abel ville ikkje trekke attende skuldingane. Det gjekk så langt at han blei truga med riksrett. Saka blei stoppa, men Abel reiste attende til Gjerstad, og der slo han seg på flaska.

I tida han var politikar, og etter at han byrja drikke, sleit Abel med å drive prestegarden. Han skal ha betalt dei som dreiv den for han med poteter, som dei så brende sprit av - heimebrenning for sal hadde blitt lovleg i 1816.

Våren 1820 døydde Søren Georg Abel, berre 48 år gamal. Den neste soknepresten, John Aas, sette opp eit enkelt trekors på grava, med teksten: «Stands Vandrer! hvo du er, lad denne Grav dig minde, At tidt blev Lykkens Smil omvendt til Graad. Skjønt livet monne blidt som sol oprinde, Blev Suk og Taarer dog dets sidste Lod!». Gjerstad ungdomslag fekk i 1905 sett opp eit minnesmerke over han, som kan vere plassert på sjølve grava.

Enke

Alle i bygda visste at både soknepresten og prestefrua drakk. I den siste tida hadde ikkje Anne Marie Abel vilja sjå til sin døyande mann, og folk frå bygde måtte trå til. I gravferda drakk ho seg full med Risørpresten og gjestane som tilskodarar, før ho gjorde skandalen fullkomen ved å gå til sengs med ein tenestekar.

Anne Marie Abel hadde hatt ein velståande far, men i 1820 var ikkje han i stand til å hjelpe familien. Han hadde tapt alt i nedgangstida etter napoleonskrigane, og også han døydde våren 1820. Den einaste som hadde noko å bidra med var Niels Henrik Abel, som fram til han døydde i 1829, 26 år gamal, gjorde det han kunne.

Eldstesonen Hans Mathias rakk å kome heim før faren døydde. Han blei sendt heim av rektor på Katedralskulen, Jacob Rosted, som skreiv at hans «Sindsevner syntes at være bleven så svækkede, og med dem tillige hans Flid og Lyst, at der var intet Haab om at han nogensinde vilde kunne dimmitteres til Universitetet». Han tok det heile særs tungt, og skal resten av livet ha gått i skjørta på mora uten å gjere noko nyttig for seg. Hans Mathias gifte seg aldri. Han døydde på Lunde den 15. desember 1842.

Thomas Hammond Abel reiste til København i 1825; han hadde fått ein kontorjobb der. Han skal ha døydd der i 1835. Heller ikkje han gifta seg.

Peder Mandrup Tuxen Abel var knapt tretten då faren døydde, og må ha hatt det vanskeleg. Niels Henrik hjelpte han å få tatt studenteksamen. Så kludra han det litt til for seg då han fekk to born utafor ekteskap med Kirsti Olsdotter Salvesbu, det første i 1828 og det andre i 1832. Bygdefolket i Gjerstad kalla han «Peder Prestepikk» etter det, og det gjorde vel ikkje livet enklare. I 1833 blei han cand.theol., og i 1835 blei han personell kapellan hos sokneprest Isaach Wilhelm Castberg Fleischer i Botne. Han gifte seg med [Wilhelmine Magdalene Fleischer (1803–1882)|]], soknepresten sin dotter, i 1836. Dei fekk fem born saman. Peder Abel blei så i 1846 sokneprest i Etne, og der blei han også vald til ordførar. Heller ikkje han blei gamal; han døydde den 2. desember 1858 i Etne, og blei gravlagd der.

Elisabeth Magdalene var ni år då faren døydde. Då ho blei konfirmert i 1825 skreiv sokneprest John Aas: «Utdmerket gode Kundskaber, stadig Flid og godt Forhold». Ho var den av syskna som Niels Henrik Abel hadde det næraste forholdet til, og hausten same året som ho blei konfirmert fekk han ho til Christiania - det må ha vore for å få ho vekk frå mora. Ho budde det første halve året hos Cathrine Andrea Borch Hansteen, og så var ho i fem-seks år hos statsråd Niels Treschow. I 1832 flytta ho med dottera hans til Modum, og der trefte ho Carl Friedrich Böbert som var direktør på Blaafarveværket. Dei gifta seg i 1833, og fekk tre born. Carl Böbert døydde i 1869, og Elisabeth Magdalene i 1873.

Yngstemann, Thor Henrik, var berre seks år i 1820. Vi veit lite om barndomsåra hans. I 1840 blei hans student og reiste frå Gjerstad. Han fekk seinare stilling som huslærar hos broren Peder i Etne, så hos lensmannen og til sist hos ein bonde same staden. Det ser ut til at familien hjelpte han med pengar, for han fekk aldri nokon betre jobb. Thor Henrik Abel skal ha vore ein særs god fløytespelar. Han døydde i Etne den 15. desember 1870.

I denne gjennomgangen av ungane har vi nesten heilt hoppa over Niels Henrik Abel. Han var tilskodar til tragedien utanfrå, og gjorde nok sitt beste for å hjelpe til med pengar. Han fortsatte på Katedralskulen, og tok artium i 1821. han fekk karakteren haud; han gjorde det godt i matematikk, men ikkje i andre fag. Undervisninga hadde blitt betalt med stipend, men når faren var borte var det ikkje så lett å skaffe pengar til vidare utdanning. Mora kunne ikkje bidra med noko. Men professorane såg at han hadde eit særskild talent i matematikk, og sørga for ein hybel på Regentsen, den nye studentheimen på hjørnet av Lakkegata og Grønland. I 1822 tok han andreeksamen, og allereie året etter kunne han publisere sitt første større arbeide. Same året reiste han til København, og i 1824 fekk han eit reisestipend og ei årleg stønad. Han reiste i 1825 – etter å ha ordna plass i Christiania til systera – til Tyskland og så vidare til Frankrike. Først våren 1827 kom han attende til Noreg. Same året hadde han sitt store gjennombrot med oppdaginga av dei elliptiske funksjonar. , og han blei medlem av Videnskabsselskabet i Trondheim. I Noreg blei han framleis ikkje sett på som ein så stor matematikar, men Preussen og Frankrike gjorde alt dei kunne for å få tak i han. Han fekk ei stilling som dosent ved Det kgl. Frederik Universitet, og venta med tilboda frå utlandet. Jula 1828 reiste han til Froland for å vere saman med Christine Kemp som han var forlova med og vener. Han blei sjuk etter reisa, fekk ein blodstyrting som førte til at han blei sengeliggjande. Utover våren blei det klart at han hadde tuberkulose. Han var hardt ramma, og etter eit sjukeleie på berre tolv veker døydde han den 6. april, berre 27 år gammal.

I 1830, året etter at han døydde, fekk Niels Henrik Abel ein pris på 1500 franc frå det franske akademiet. Desse pengane hamna etter ein del diskusjon hos Anne Marie Abel i 1831. Kva ho tenkte om å ha mista sonen får vi aldri vete. Var ho så sjuk at ho ikkje forstod, eller drukna ho sorgane i meir brennevin? Det vi veit er at ingen av ungane hennar ser ut til å ha hatt noko meir med ho å gjere.

Minnesmerke over Søren Georg og Anne Marie Abel. Reist over Søren Georg, kanskje på grava hans. I 2010 vart Anne Maria sitt namn også sett på støtta; ho var gravlagt ein anna stad på kyrkjegarden.
Foto: Heidi Thöni Sletten (2015).

Kva gjorde så Anne Marie Abel i åra etter at mannen døydde? Ho slo seg saman med tenestekaren, Jørgen. Dei flytta til enkesetet Lunde med ungane hennar. Då sokneprest Jens Schanche frå Risør hadde forretta i Søren Georg Abel sin gravferd tok han for seg enka. Ho forsvara seg med at Jørgen hadde lova at han aldri ville forlate ho. For å ta ein holbergsk vending: Alle visste at Anne Marie drakk, men ingen visste kvifor. Men i den enkle forsvaret hennar ligg kanskje noko av svaret: Mora hadde ho mista som sjuåring, den første stemora mista ho som tiåring og den andre stemora brydde seg ikkje om ungane. Vi har høyrt at Anne Marie sjølv ikkje tok seg av ungane sine, men kven tok seg av Anne Marie? Mannen sin heltemodige innsats for folkeopplysninga tyder på at han ikkje kan ha hatt så mykje tid til kona. Og når dei endeleg var saman var det i festlig lag med andre til stades. Eit kjærleikslaust ekteskap med ein mann som aldri var der ikkje det ho trengte. Ho levde nok også i skugga av svigermora, som skal ha vore den perfekte prestefrue. Og då han fekk motgang og sjølv byrja drikke tett, så mykje at han framskynda sin eigen død, braut ho vel heilt saman. Det var ille at ho ikkje kunne ta seg av ungane sine, men det er ikkje berre enkelt å klandre ho for drikkinga.

Ettermæle

Ho døydde den 23. desember 1846 på Lunde, og blei gravlagt den 31. same månaden.[11] Det skal ikkje ha blitt sett opp noko gravminne over ho. Så passa orda John Aas hadde sett over mannen sin grav på henne også: «Skjønt livet monne blidt som sol oprinde, Blev Suk og Taarer dog dets sidste Lod!».

I 2010 gjekk Gjerstad historielag inn for at det skulle setjast opp eit minnesmerke også over Anne Marie Abel, men det var ikkje stemning for det i kommunen. I staden gjekk dei inn for å setje opp namnet hennar på ei plåte på Søren Georg Abel sitt minnesmerke.[12] Den kom opp hausten 2010, med teksten «Anne Marie Abel. Født Simonsen. 1781–1846».[13] 164 år etter at ho døydde var det endeleg tid for å markere at ho hadde levd.

Referansar

Litteratur og kjelder