Anton Espeland

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 22. des. 2015 kl. 14:06 av Cnyborg (samtale | bidrag) (hbr)
Hopp til navigering Hopp til søk

Anton Severin Espeland (fødd 22. februar 1872Tysnes, død 1948) var lærar og lokalhistorikar. Han har etterlate seg ei rekkje artiklar og skrifter som omhandlar Sunnhordland si historie.

Lærar

Anton Espeland vart fødd på Onarheim på Tysnes i Sunnhordland, der foreldra hans nyleg var tilsette som lærarar. Som foreldra tok også Anton utdanning som lærar, etter alt å døme ved seminaret på Stord. Ei tid var han lærar på Rosendal privatskule, ca. 1894 - 1895. Espeland hadde seinare arbeidet sitt ved ein skule i Oslo. Folketeljinga for 1910 oppgjer at han var folkeskulelærar. I Norsk bibliografisk bibliotek er han oppført som skulestyrar (attgjeve etter M. Heldal).

Mellomalderhistorie

Anton Espeland tok tidleg til å interessera seg for lokalhistorie. Særleg mellomalderen var eit av dei områda han arbeidde mykje med. Han har såleis skrive ein del om Onarheimsgildet, men òg om andre emne, som den såkalla skottehandelen i Sunnhordland, om kalkbrenning og folkeminnestoff.

I åra 1919 - 1920 fekk han stipend frå Universitetet i Oslo til innsamling av folkeminne frå Hordaland. Materialet vart publisert i 1933, i Segn og Soge fraa Hordaland.

Skrifter

Espeland skreiv ei rekkje artiklar i ulike tidsskrift, særleg i ymse årbøker, men òg i tidsskrift som Maal og Minne. Ikkje minst innleia han eit samarbeid med Rikard Berge, som var ein leiande person innan folkeminnegransking, og som i mange år redigerte Norsk Folkekultur, Folkeminne-tidsskrift. Espeland var ei tid med i skriftstyret for denne skriftserien.

Fleire av dei større arbeida til Anton Espeland vart publiserte som tilleggsbøker til Norsk Folkekultur, m.a. Segn og Soge fraa Hordaland, som kom ut i 1933. I 1931 vart Tun og Teig. Av den norske bosetnings historie utgjeven under Norsk Folkekultur.

I 1946 vart Tysnes Sogelag skipa. Ei sentral oppgåve for laget var å få ei bygdesoge på prent. Anton Espeland vart førespurd om å ta del i dette arbeidet, tanken var at han skulle skriva om tilhøva i mellomalderen. Espeland døydde før arbeidet hadde kome i gong.

Doktorgrad

Dei store verka kom aldri frå hans hand. Det meste av det han skreiv var konsentrert kring Sunnhordland.

I april 1933 forsvarte han sin doktorgradsavhandling på Norges Landbrukshøgskule på Ås, med eit arbeid han hadde kalla "Tun og teig". Det same arbeidet vart i 1931 gjeve ut som eit hefte på Norsk folkekulturs forlag, under tittelen "Tun og teig - av den norske bosetnings historie".

Bibliografi

Bibliografien er attgjeve frå Sunnhordland Årbok 2009, utført av Mikal Heldal. Supplert april 2013 med bidrag frå Gudmund Harildstad.

  • Espeland, Anton 1916: Halsnøyklosteret. Sunnhordland Årbok.
  • Espeland, Anton 1917: Futane i Sunnhordland. Sunnhordland Årbok.
  • Espeland, Anton 1917: Onarheim i Søndhordland: ting, gilde, gudshus og ættehistorie. Sunnhordland Årbok.
  • Espeland, Anton 1918: Kalkbrenning i Sunnhordland. Sunnhordland Årbok.
  • Espeland, Anton 1918: Den siste trollkjerring og den siste trylleformular i Sunnhordland. Sunnhordland Årbok.
  • Espeland, Anton 1918: Sorenskriver Peder Starup til Fladerager og ætti hans. Sunnhordland Årbok.
  • Espeland, Anton 1919: Njarðarlaug - Onarheim - Tingstad. Maal og Minne 1919:62-65.
  • Espeland, Anton 1919: Hr. Torlak Olavsøn i Vikøy, prest. Hardanger s. 1–8.
  • Espeland, Anton 1920: Stedsnavner paa Njarðarlaug og i omegnen. I: MM 1920:103-110.
  • Espeland Anton 1921: Losna-ætten. Hovedtrekk av en gammel vestnorsk ætts historie fra 1300-1750. 44 s.
  • Espeland, Anton 1921: Odd Gottskalksson «hin norske». Syn og Segn, 27 s. 312–320.
  • Espeland, Anton 1921: Visa um Torkell Trondsson. Norsk folkekultur, 7 s. 1–6.
  • Espeland, Anton 1922: Tvo fyrr ukjende marknadsplassar i Hordaland, Bjelkarøy og Torget. I: Norsk Folkekultur 1922:11-20.
  • Espeland, Anton 1922: Ættenavn i norske gårdsnavn. I: MM 1922:83-90.
  • Espeland, Anton 1922: Minne um den gamle folkediktingi i Vest-Noreg. Norsk folkekultur, VIII s. 63–70.
  • Espeland, Anton 1922: Den siste katolske bispen i Bjørgvin. Vossebygderne, XII s. 26–32.
  • Espeland, Anton 1922: Sogemannen G. Miltzow. Vossebygderne XII s. 33–38.
  • Espeland, Anton 1922: Lagmann Lauritz Hanssøn Bonde. Rogaland historielag. Aarshefte. VIII s. 74–78.
  • Espeland Anton 1925: Norske stemninger under 7-årskrigen (1563-70). Tidsskrift for Valdres Historielag
  • Espeland, Anton 1926: Rogaland i millomalderen. I: Rogaland historielag. Årsskrift.
  • Espeland, Anton 1926: Sælehusplassar i Vest-Norge. En studie i norsk navnehistorie. I: Norsk Folkekultur 1926:49-63.
  • Espeland, Anton 1928: Bokn og Nautøy. Fra Rogalands eldste handelshistorie. I: Rogaland historielag. Årsskrift.
  • Espeland, Anton 1928: Norsk samband med Orknøy og Hjaltland. Norsk aarbok s. 39–54.
  • Espeland, Anton 1928: Vossingar i norsk soge. Vossebygdene, 17 s. 67–72.
  • Espeland, Anton 1928: Kongsgården Fitjar. Norge 4 s. 707–711.
  • Espeland, Anton 1929: Gamle Bygaarder i Bergen og deres Eiere. I: Bergens historiske forening. Skrifter 35 (1929):125-134.
  • Espeland, Anton 1929: Oldnorsk fyrvesen i norske stedsnavn [eld, brand, røyk, bokn]. I: NoB 1929:139-151.
  • Espeland, Anton 1929: Jens Pedersen til Bro. Rogaland Historielag. Årsskrift .
  • Espeland, Anton 1929: Den første evangeliske biskop i Stavanger (Jon Guttormson Torsnes). I: Rogaland historielag. Årsskrift.
  • Espeland, Anton 1929: Drottseten Jon Svaleson Smør. Norsk folkekultur s. 1–8.
  • Espeland, Anton 1929: Refsum paa Romerike. Nationen nr. 296, 21.12.
  • Espeland, Anton 1929: Herlaug Hudfat. Historisk tidsskrift, 28 (1927–29 s. 104–106.
  • Espeland, Anton 1929: Professor Alexander Bugge. Historielaget for Telemark og Grenland. Aarsskrift 1927–29 s. 1–6.
  • Espeland, Anton 1929: Skifte etter admiral Trond Theiste til Hananger 1660. Bidrag til Agders historie, 8 s. 39–42.
  • Espeland, Anton 1929: Odelsbonde og leiglending i Hordaland ikring aar 1600. Hardanger s. 3–13.
  • Espeland, Anton 1929: Hval i Sogn. Historielaget for Sogn, 7 s. 60–63.
  • Espeland, Anton 1929: Nes herregaard i Torsnes. Nationen 9.2.
  • Espeland, Anton 1929: Um den gamle ætti Galt eller Galtung paa Torsnes. Hardanger s. 72–74.
  • Espeland, Anton 1929: To Stavangerlagmenn. Rogaland historielag. Årshefte, 15 s. 46–50.
  • Espeland, Anton 1930: Buck van See - Buck van Raa [Bokn, Bukken]. I: MM 1930:110-112.
  • Espeland, Anton 1930: Brynhilde Benkestok og adelsslægten «Skjolderbånd».Personalhistorisk Tidsskrift (København).
  • Espeland, Anton 1930: Oldnorsk fyrvesen i norske stedsnavn. Namn och Bygd s. 139–151.
  • Espeland, Anton 1930: Tvo Stavanger-bispar i midaldren. Rogalands historielag. Årshefte s. 9–12.
  • Espeland, Anton 1930: Kyrkjor og annan gamall kultur i Kvinnherad hovudsokn. Hardanger s. 1–4.
  • Espeland, Anton 1930: Um Holebispane og deira ætt paa Torsnes. Hardanger. s. 14–16.
  • Espeland, Anton 1930: Ryfylkeøyane. Natur og levekår før og nu. Stavanger turistforening. Årbok s. 9–33.
  • Espeland, Anton 1930: Kvinesdølen Anders Gullestad som vart lensherre på Lista. Bidrag til Agders historie, 11 s. 18–21.
  • Espeland, Anton 1930: Fru Elen til Asdal og striden um godset hennar. Bidrag til Agders historie, 9 s. 28–32.
  • Espeland, Anton 1931: Gamle Bygårder og deres Eiere. I: Bergens historiske forening. Skrifter 37:341-345.
  • Espeland, Anton 1931: Det Hordalandske Aristokrati i Årene 1500-1600. I: Bergens historiske forening. Skrifter 37, s. 325-340.
  • Espeland, Anton 1931: Tun og teig. Av den norske bosetnings historie. I: Norsk Folkekultur 1931:1-96. (Òg utg. særskilt: Skien 1931. 96 s.)
  • Espeland, Anton 1931: Då lensherren Erik Munk herja på Agder. Bidrag til Agders historie s. 15–23.
  • Espeland, Anton 1933: Gamle kulturnamn paa norske gardar. I: Norsk Folkekultur 1933: 1-7.
  • Espeland, Anton 1933: Den frisiske handelen paa Noreg. I: Norsk Folkekultur 1933:77-87.
  • Espeland, Anton 1933: Seleyar. I: Bidrag til Agders historie XV (1933):40-41.
  • Espeland, Anton 1933: Segn og soge fraa Hordaland. Tilleggsbok til Norsk folkekultur.
  • Espeland, Anton 1934: Ytre Kroken i Sogn. Historielaget for Sogn, 9 s. 62–66.
  • Espeland, Anton 1933: Utlendske menn i det norske riksraadet. Norsk folkekultur s. 142–146.
  • Espeland, Anton 1935: Odelsbonde og leilending. Norsk folkekultur s. 61–72.
  • Espeland, Anton 1937: Kograven ved Son. I: MM 1937:74-75.
  • Espeland, Anton 1938: Follo og Viken. Jonsok. Akershus i tekst og billeder s. 17–20.
  • Espeland, Anton 1939: Hr. Eirik Stilk og ætten på Kvale. Tidsskrift utgitt av historielaget for Sogn.
  • Espeland Anton 1944: Leidingsmanntallet for Sogn i 1611. Tidsskrift utgitt av Historielaget for Sogn.
  • Espeland Anton 1944: Ei gammel norsk stormannsætt i Sogn. Tidsskrift utgitt av historielaget for Sogn, 11
  • Espeland, Anton 1947: Pilgrimsveiens stedsnavn i Norge [m.a. Fuglesangen, Helvete]. I: MM 1947:15-20.

Kjelder og annan litteratur

  • Drange, E.B.: Gards-og Ættesoge for Tysnes Bd. IV 1991.
  • Anton Espeland i folketelling 1900 for Tysnes herred fra Digitalarkivet.
  • Anton Severin Espeland i folketelling 1910 for Kristiania kjøpstad fra Digitalarkivet.
  • Heldal, Mikal: Anton Espeland - lærar og historikar. Sunnhordland Årbok, 2009. Heldal byggjer noko av sin artikkel på opplysningar frå Leif Espeland, Astrid Aspelund og Anne Hanto, Universitetsbiblioteket, Universitetet i Oslo.
  • Segn og soge. Nyutgjeving. Hordaland Sogelag, 2010.

Eksterne lenkjer