Anton Espeland

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 10. nov. 2011 kl. 10:13 av Kallrustad (samtale | bidrag) (korr.)
Hopp til navigering Hopp til søk

Anton Severin Espeland (1872 - 1948) har etterlate seg ei rekkje artiklar og skrifter som omhandlar Sunnhordland si historie.

Lærar

Anton Espeland vart fødd på OnarheimTysnes i Sunnhordland, der foreldra hans nyleg var tilsette som lærarar. Som foreldra tok også Anton utdanning som lærar, etter alt å døme ved seminaret på Stord. Ei tid var han lærar på Rosendal privatskule, ca. 1894 - 1895. Espeland hadde seinare arbeidet sitt ved ein skule i Oslo. I Norsk bibliografisk bibliotek er han oppført som skulestyrar (attgjeve etter M. Heldal).

Mellomalderhistorie

Anton Espeland tok tidleg til å interessera seg for lokalhistorie. Særleg mellomalderen var eit av dei områda han arbeidde mykje med. Han har såleis skrive ein del om Onarheimsgildet, men òg om andre emne, som den såkalla skottehandelen i Sunnhordland, om kalkbrenning og folkeminnestoff.

I åra 1919 - 1920 fekk han stipend frå Universitetet i Oslo til innsamling av folkeminne frå Hordaland. Materialet vart publisert i 1933, i Segn og Soge fraa Hordaland.

Skrifter

Espeland skreiv ei rekkje artiklar i ulike tidsskrift, særleg i ymse årbøker, men òg i tidsskrift som Maal og Minne. Ikkje minst innleia han eit samarbeid med Rikard Berge, som var ein leiande person innan folkeminnegransking, og som i mange år redigerte Norsk Folkekultur, Folkeminne-tidsskrift. Espeland var ei tid med i skriftstyret for denne skriftserien.

Fleire av dei større arbeida til Anton Espeland vart publiserte som tilleggsbøker til Norsk Folkekultur, m.a. Segn og Soge fraa Hordaland, som kom ut i 1933. I 1931 vart Tun og Teig. Av den norske bosetnings historie utgjeven under Norsk Folkekultur.

I 1946 vart Tysnes Sogelag skipa. Ei sentral oppgåve for laget var å få ei bygdesoge på prent. Anton Espeland vart førespurd om å ta del i dette arbeidet, tanken var at han skulle skriva om tilhøva i mellomalderen. Espeland døydde før arbeidet hadde kome i gong.

Doktorgrad

Mykje av Anton Espeland sitt liv og virke ligg i mørkre. Dei store verka kom aldri frå hans hand. Det meste av det han skreiv var konsentrert kring Sunnhordland. Etter bibliografien å døme byrja han med å skriva artiklar i Sunnhordland Årbok, årbok for Sunnhordland Museum og Sogelag, i 1916, årboka hadde då berre eksistert i nokre få år.

På eit tidspunkt byrja han og andre å nytta tittelen “dr.” - altså underforstått ein doktorgrad, "dr. philos". Men det er uvisst om når og på kva emne han tok ein doktorgrad. I Nasjonalbiblioteket sin database over doktorgradar er han ikkje å finna, heller ikkje i boka Doctores kreert ved Universitetet i Oslo 1917 - 1961. I sin artikkel om Anton Espeland i Sunnhordland Årbok peikar Mikal Heldal på at dersom doktorgraden hadde vore avlagt i Noreg ville det meir sannsynleg vore “dr. philos” og ikkje berre “dr.” Enn så lenge får det vera ei gåte.

Bibliografi

Bibliografien er attgjeve frå Sunnhordland Årbok 2009, utført av Mikal Heldal. Lista over arbeid er ikkje fullstendig.

  • Espeland, Anton 1916: Halsnøyklosteret. Sunnhordland Årbok.
  • Espeland, Anton 1917: Futane i Sunnhordland. Sunnhordland Årbok.
  • Espeland, Anton 1918: Kalkbrenning i Sunnhordland. Sunnhordland Årbok.
  • Espeland, Anton 1917: Onarheim i Søndhordland: ting, gilde, gudshus og ættehistorie. Sunnhordland Årbok.
  • Espeland, Anton 1918: Den siste trollkjerring og den siste trylleformular i Sunnhordland. Sunnhordland Årbok.
  • Espeland, Anton 1918: Sorenskriver Peder Starup til Fladerager og ætti hans. Sunnhordland Årbok.
  • Espeland, Anton 1919: Njarðarlaug - Onarheim - Tingstad. I: MM 1919:62-65.
  • Espeland, Anton 1920: Stedsnavner paa Njarðarlaug og i omegnen. I: MM 1920:103-110.
  • Espeland Anton 1921: Losna-ætten. Hovedtrekk av en gammel vestnorsk ætts historie fra 1300-1750. 44 s.
  • Espeland, Anton 1922a: Tvo fyrr ukjende marknadsplassar i Hordaland, Bjelkarøy og Torget. I: Norsk Folkekultur 1922:11-20.
  • Espeland, Anton 1922b: Ættenavn i norske gårdsnavn. I: MM 1922:83-90.
  • Espeland Anton 1925: Norske stemninger under 7-årskrigen (1563-70). Tidsskrift for Valdres Historielag
  • Espeland, Anton 1926a: Rogaland i millomalderen. I: Rogaland historielag. Årsskrift.
  • Espeland, Anton 1926b: Sælehusplassar i Vest-Norge. En studie i norsk navnehistorie. I: Norsk Folkekultur 1926:49-63.
  • Espeland, Anton 1928: Bokn og Nautøy. Fra Rogalands eldste handelshistorie. I: Rogaland historielag. Årsskrift.
  • Espeland, Anton 1929a: Gamle Bygaarder i Bergen og deres Eiere. I: Bergens historiske forening. Skrifter 35 (1929):125-134.
  • Espeland, Anton 1929b: Oldnorsk fyrvesen i norske stedsnavn [eld, brand, røyk, bokn]. I: NoB 1929:139-151.
  • Espeland, Anton 1929c: Jens Pedersen til Bro. Rogaland Historielag. Årsskrift .
  • Espeland, Anton 1929d: Den første evangeliske biskop i Stavanger (Jon Guttormson Torsnes). I: Rogaland historielag. Årsskrift.
  • Espeland, Anton 1930: Buck van See - Buck van Raa [Bokn, Bukken]. I: MM 1930:110-112.
  • Espeland, Anton 1931a: Gamle Bygårder og deres Eiere. I: Bergens historiske forening. Skrifter 37:341-345.
  • Espeland, Anton 1931b: Det Hordalandske Aristokrati i Årene 1500-1600. I: Bergens historiske forening. Skrifter 37, s. 325-340.
  • Espeland, Anton 1931b: Tun og teig. Av den norske bosetnings historie. I: Norsk Folkekultur 1931:1-96. (Òg utg. særskilt: Skien 1931. 96 s.)
  • Espeland, Anton 1933a: Gamle kulturnamn paa norske gardar. I: Norsk Folkekultur 1933: 1-7.
  • Espeland, Anton 1933b: Den frisiske handelen paa Noreg. I: Norsk Folkekultur 1933:77-87.
  • Espeland, Anton 1933c: Seleyar. I: Bidrag til Agders historie XV (1933):40-41.
  • Espeland, Anton 1933: Segn og soge fraa Hordaland. Tilleggsbok til Norsk folkekultur.
  • Espeland, Anton 1937: Kograven ved Son. I: MM 1937:74-75.
  • Espeland Anton 1944: Leidingsmanntallet for Sogn i 1611. Tidsskrift utgitt av Historielaget for Sogn.
  • Espeland, Anton 1947: Pilgrimsveiens stedsnavn i Norge [m.a. Fuglesangen, Helvete]. I: MM 1947:15-20.

Kjelder og annan litteratur

  • E.B. Drange: Gards-og Ættesoge for Tysnes Bd. IV 1991.
  • Mikal Heldal: Anton Espeland - lærar og historikar. Sunnhordland Årbok, 2009. Heldal byggjer noko av sin artikkel på opplysningar frå Leif Espeland, Astrid Aspelund og Anne Hanto, Universitetsbiblioteket, Universitetet i Oslo.
  • Segn og soge. Nyutgjeving. Hordaland Sogelag, 2010.