Arbeideren (Hamar 1923-1924)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.

Arbeideren var ei avis som kom ut på Hamar i åra 1923-1924. Avisa var framhald av Demokraten, som var Arbeiderpartiets organ for Hamar og Hedemarken. Den fyrste tida etter namneskiftet i 1923 hadde avisa framleis undertittelen «Hamar arbeiderparti og herredspartiene i Nord- og Sør-Hedmark». Frå nummer 30 1924 er partitilhøyrsla formulert som «Hamar kommunistiske parti (Hamar arbeiderparti) og herredspartiene i Nord- og Sør-Hedmark». Avisa hadde følgt Norges Kommunistiske Parti da dette vart utskilt frå Arbeiderpartiet i 1923. Året etter vart Arbeideren fusjonert med Lillehammer-avisa Gudbrandsdalens Arbeiderblad, som hadde gjort same valet som Arbeideren ved partisplittinga.

Redaktør for Arbeideren var heile tida Olav Larssen, som også vart den fyrste redaktøren i Arbeideren & Gudbrandsdalens Arbeiderblad.

Kjelder