Armfeldtfelttoget

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 6. des. 2018 kl. 09:57 av Arnfinn Kjelland (samtale | bidrag) (Ny side: {{under arbeid}} {{thumb|Stene skanse - en rekostruksjon.JPG|Rekonstruksjon av Steine skanse. Foto: Einar M. Finstad}} '''Armfeldtfelttoget''' er ei vanleg nemning på krigshandl...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.
Rekonstruksjon av Steine skanse. Foto: Einar M. Finstad

Armfeldtfelttoget er ei vanleg nemning på krigshandlingane som gjekk føre seg i Trøndelag under Den store nordiske krigen frå september 1718 til dødsmarsjen til karolinarane over Tydalsfjella i januar 1719.[1] Ein styrke på om lag 10000 soldatar, i samtida og ettertida ofte kalla Jemtlandsarméen, vart våren og sommaren 1718 samla kring Duved skanse i Jemtland for å foreta eit innfall i og erobre Trøndelag som ein del av svenskekongen Karl 12. andre forsøk på å ta Noreg under denne krigen. Arméen stod under kommando av generalløytnant Carl Gustaf Armfeldt, og felttoget har også fått namn etter han.

Også under det første forsøk Karl 12. gjorde på å ta Noreg, var det planlagt ein operasjon i Trøndelag, men den kom aldri i gang. Men no skulle det også opprettast ein front her, også for å forhindre at dei norske avdelingane i regionen vart sendt sørover for å forsterke forsvaret i Søre-Noreg. I utgangspunktet var Karl 12.s plan at Jemtlandsarméen skulle avmarsjere frå Duved 15. august og erobre Trøndelag innan 28. september, altså på seks veker. Det skulle altså vise seg å vere umuleg.

Vêr og føreforhold

Sommaren 1718 hadde ikkje vore optimal for jordbruket i Trøndelag, med mykje regn og kaldt ver. Det hadde òg ført til at dei dårlege vegane vart enda dårlegare, særleg utanom dei sentrale bygdene. Utover hausten og førjulsvinteren skifta vere mykje, mellom regn, snø, mildvêr og frost. Dette skapte betydelege problem for arméen på to måtar: dei hadde i betydeleg grad basert seg på å skaffe forsyningar i landsdelen mot betaling, rett nok i dårleg svensk mynt, og det vart vanskeleg å flytte med så store avdelingar med folk og forsyningsmateriell (tren).

Dei norske styrkane

Generalmajor Vincents Budde vart utnemnt til kommanderande general nordafjells 21. mars i 1718, og i regionane stod følgjande avdelingar: [2]

  • Det nordenfjellske dragonregiment under oberst Peter Motzfeldt med 5 kompani á ca. 100 mann
  • 1. (nordre) Trondhjemske nasjonale infanteriregiment under oberst Baltzer Meitzner med 12 kompani á 130 regulære soldatar og 40 reservemannskap, til saman 2040 mann
  • 2. (søndre) Trondhjemske nasjonale infanteriregiment under oberst Christian Ulrich Storm med same mannskapsstyrke som 1. regiment
  • Soldatane i dei opphavlege 9 landdragonkompania nordafjells vart fordelte med 80 mann på kvart av dei nasjonale infanterikompania
  • I Trondheim by: eit artillerikompani på 40 mann, eit frikompani på 120 mann og 2 borgarkompani kvart på 100 mann
  • 2 skilauparkompani skulle opprettast etter kgl. res. av 15. august, men vart ikkje ordentleg organisert før på nyåret 1719

Samla utgjorde dei norske styrkane ved starten på stridigheitene om lag 6900 mann.[3]

Dei svenske styrkane

Dei styrkane som skulle samlast ved Duved skanse var både svenske og finske, og var etter oppsettingsplanen 14.500 mann, men det var ikkje meir enn 7300 stridene og ca. 2000 trossknekter og andre ikkje-stridande.[4]

Den svenske innmarsjen

Etter ordre frå kongen skulle arméen altså avmarsjere frå Duved 15. august, men dei kom seg ikkje av garde før 29., altså to veker etter planen.

Trefninga ved Steine skanse

I Inndalen der den viktige vegen frå Sverige kom ned mot Verdalen, låg Steine skanse på garden Steine.

Skånes skanse blir overgjeve

Framrykkinga til Stjørdalen

Returen til Verdalen

Framrykkinga mot Trondheim

Beleiringa av Trondheim

Framrykkinga mot Gauldalen

Dei nordenfjellske dragonane blir jaga over Dovrefjellet

Jemtlandsarméens dødsmarjs

Kjelder og litteratur

  • Haarstad, Kjell: «Armfeldt og Budde – to hærførere i Trøndelag», i Clios tro tjener. Festskrift til Per Fuglum. Universitetet i Trondheim, Historisk institutt 1994. Mal:Bokhylla side 111–122.
  • Korstad, Reidar: Armfeldt og karolinernes innfall i Trøndelag 1718. Stjørdal. 1984. Mal:Bokhylla.
  • Osnes, H.: Strinda bygdebok. Bind III. Trondheim 1948. Mal:Bokhylla.
  • Pollen, Geir: Armfeldts armé. Historien om en katastrofe. Gyldendal 2014.
  • Wahl, J. O.: «X. General Armfeldt indfald i det nordenfjeldske Norge» og «General Armfeldts retræt. Slutning», i Felttogene 1716 og 1718, Særtryk af Norsk militært tidsskrift. Grøndal 1903 Mal:Bokhylla side 167–88 og 233–41.
  • Øverland, O. A.: Armfeldts tog Nordenfjelds 1718. Kristiania 1879. Særtrykk av Norsk historisk tidsskrift R.2, B.2. Mal:Bokhylla

Referansar

  1. Datoar er etter norsk, det vil seie gregoriansk kalender. Sverige heldt ennå på den julianske.
  2. Wahl side 170f.
  3. Øverland side 9.
  4. Wahl side 171f.