Arne O. Momrak

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Arne Momrak som ung.
Foto: Ukjend / Fotoalbum frå Haugane.

Arne Olavson Momrak (fødd 1903, død 1989) var lærar, sokneprest og hobbykunstnar frå Hauggrend i Fyresdal kommune.

Familie

Arne Momrak vart født på Øvre Haugane i Hauggrend i Fyresdal i 1903. Foreldra var Olav Aslakson Momrak (1868–1944) frå Momrak og Else Talleivsdotter Væting (1869–1945) frå Væting, båe gardane er i Fyresdal. Dei vart gift i 1892 og kjøpte garden Øvre Haugane i 1894 og busette seg der. Dei fekk sju born saman. Arne var den nest yngste. Skulen i grenda heldt til i skulehuset Ystehaug og der gjekk så Arne si tid ut. På garden var det vanleg å ta del i all slag arbeid, og han lærde tidleg å vere med på dette. Heimen til Olav og Else var prega av, i tillegg til gardsdrift og familie, å vere ein open og aktiv kristen heim. Der var her leiaren i pinserørsla Thomas Ball Barratt tok inn på si fyrste ferd til Fyresdal i 1913. Også andre tilreisande predikantar tok inn på garden når dei kom til bygda, og Olav var sjølv ein sentral person i kristenlivet i bygda og vart mykje nytta som predikant i bygdene ikring. Når det var husmøte på Haugane vart Arne og broren Erling (1901–1979) sende ut i grenda for å informere om dette. Med denne bakgrunnen var det at Arne drog ut for vidare skulegang.

Bibelskule og lærarskule

å Fjellhaug bibelskule i Oslo gjekk han 1920–1921. Deretter vart det Volda lærarskule 1921–1925. Arne var lærar på Fredheim Ungdomsskule[1] 1928–1929, reiste for ungdomsforbundet på Helgelandskysten og var «feltprest» på Soldatheimen på Drevjemoen, også ungdomsforbundet 1925–1928.

Middelskule og gymnas

Gardsporten til Øvre Haugane laga av Arne Momrak og faren Olav i 1931.
Foto: Aslak Momrak-Haugan (1931)

Arne tok middelskuleeksamen på Volda 1929–1930 og deretter studenteksamen på Firda landsgymnasSandane 1930–1931. Båe stadene var det å bu på hybel. Desse skulestadene var langt heimanfrå Haugane. Tankane var mykje heime og han var litt i tvil om kva veg han skulle gå vidare. Han hadde sers god støtte i ei jamleg brevveksling med mor Else, også med far Olav, men det var mora som var den mest flittige til å skrive. Det var lang og dyr reise heim slik at det var lite aktuelt å kome ofte heim. Hennar brev frå denne perioden har ein i dag tilgjengeleg, det er ei sers god utgreiing om livet på garden, i grenda og også utover i bygda, så imponerande godt skrive midt i hennar travle liv som bondekone. Og likedan, og mest viktig, alltid trøstande og oppmuntrande ord til sonen som var langt vekk. Arne sine brev har ein ikkje. Og han gjorde ein god eksamen! Då han melde seg opp til studenteksamen gjorde han det med berre etternamnet Momrak og nytta berre det vidare, ulikt nokre andre i familien som kombinera namna Momrak og Haugann, som han og hadde gjort til då.

Om sumaren, mellom middelskule og gymnas, var han heime og braut åker, var ei veke og hjelpte broren Torleiv på Timrud med slåtten, og var 5 veker veker hjå broren Erling som var prest i Kviteseid, og las gresk og fransk, ei gild og travel tid skriv han i ei dagbok.

Teologistudium

Han vart immatrikulert 31. september 1931 og vinteren 1931–1932 leste han til studiet i teologi på Det teologiske menighetsfakultetet i Oslo og budde på Studenthuset i Oslo.[2] Heimreisa gjekk no oftast om Brevik. Han vart cand. theol. i 1934.

Når Arne var heime var han stadig oppteken med gardsarbeid, bryting av jord, rydding og grøfting, bygging av steinmurar, planting av frukttre, vedhogst og ikkje minst hagearbeid som han var sers glad i, noko han dela med fleire i familien. Og han lika å forme i tre og mur, laga mellom anna ein sers fin port i 1931 der gardsvegen gjekk ut på dåverande riksveg. Likedan port og gjerde til hagen. Han var og strukturert med tanke på studiet og denne sumaren vart det og lest ei stor kyrkjesoge på tre bind, det måtte ein fast timeplan til det. Likevel vart det tid til ein tur til Jotunheimen og ein lengre biltur opp til Valdres, denne gongen var og mora med! Han var glad i tur i skog og mark, til fjellet Roan i grenda, og til hytta til brørne Aslak og Lars, Fiskeløys, der det vart fiska. Sumaren 1933 leste han teologi åtte timar om dagen ved sidan av å gjere ymse på garden.

På Studenthuset fekk han no tremannsrom med utsikt mot gata mot tomannsrom vendt mot bakgarden året før. Med sin bakgrunn frå Hauggrend lika han fri sikt! I 1934 budde han på hybel i Ullevål Hageby, hadde eit godt semester og gjorde ein god eksamen. Seiste året det var aktuelt å jobbe på garden heime, framover vart det andre oppgåver. 1935 var siste eksamen, practicum., han var den beste i klassa og måtte halde takketale. Godt å vere i mål etter ei så lang vandring.

Ekteskap

Bryllaupet til Aslaug og Arne Momrak på Kiland i 1936. Brudebarna er Eldbjørg, Dag og Mildrid Heggstad, borna til Arne's syster Anne.
Foto: Ukjend (1936)

15. august 1936 inngjekk han ekteskap med Aslaug Kjetilsdatter Kiland (1909–1956) frå Kiland (Fyresdal gnr. 25/1) i Kilegrend i Fyresdal. Denne grenda hadde ikkje då vegsamband med resten av bygda. Gjestebodet var på garden Kiland, brurevigsla var i Treungen kyrkje i Nissedal. Skulle dei nytta Moland kyrkje i Fyresdal måtte dei ha teke rutebåten D/S Fyresdølen frå Kilegrend og opp til sentrum, og det hadde teke heile dagen.

Ordinasjon

I 1937 vart han ordinert av biskop Maroni i Bø kyrkje, ordinasjonsmiddagen var på Bø prestegard. Broren, Erling, var no blitt sokneprest i Bø i Telemark.

Prostiprest

Arne var fyrst prostiprest i Aust- og Nedre Telemark prosti i 1937 og budde på Bø prestegard, men vart så i 1938 tilsett i Holla. Han lærde no å køyre bil, tok sertifikat og kjøpte ein Opel med takluke og reg.nr H443, av broren Aslak og kona Marit.

Lærar

Han var i lærararbeid 1935–1937 og 1939–1945. Han fekk lærarpost på Kolbu framhaldsskuleToten. På grunn av krigen vart kona Aslaug buande på Kiland. 9. april og krig, Arne melde seg til teneste, sa han kunne skyte, men dei hadde korkje våpen eller uniform så han var med og fekk ansvar for ein lastebiltransport. Då Sør-Noreg var okkupert kunne han dra heim i mai, gjekk frå Tjønnefoss og til Kiland om natta, der var alt vel. Om hausten reiste alle til Kolbu. Dei budde på garden Dyste. Om våren 1941 flytta dei til Bø prestegard og fekk bu i paktarbustaden. Der skulle ikkje vere forpaktar då det var så klein uthusbygning på garden. Om hausten fekk han lærarjobb på Valen skule i ytre Bø.

Krigstid

Men Bø var «eit fillehol» med tanke på NS. Broren Erling vart forvist 1943, prestegarden avstengd og dei måtte flytte frå staden og fekk bu i den gamle bygningen på garden Sølverud i Nes hjå Mattis. Dei hadde det triveleg der. Avreisa frå Bø gjekk føre seg med spisslede. På Sølverud budde dei til 1944. Ei tid gjorde han presteteneste i Hurdal under det midlertidige kirkestyre. Vikarprest i Oslo 1945. I tida 1946–1947 var han prest på Hvaler før dei flytta til Kornsjø og Idd der han vart hjelpeprest 1947. Deretter vart han tilsett som sokneprest i Lærdal.

Sokneprest i Lærdal

Lærdal prestegard. Hovudbygningen og ein del av dei små og særprega driftsbygningane.
Foto: Arne Momrak.

Frå 1950 til 1970 var han sokneprest i Lærdal og busett på den gamle og tradisjonsrike Lærdal prestegard. I Lærdal var det tre sokn; Hauge, Tønjum og Borgund med stavkyrkja. Her hadde Arne ei rik tid med eit godt og omtenksamt arbeid mellom soknebarna.

Arne var her enkemann nokre år, men så gifte han seg i 1960 med Ingeborg Skogen (1910–1990) frå Lærdal, eit varmt, godt og dugande menneske som på alle vis heldt fram der Aslaug fall frå. Prestegarden var gamal, stor og krevjande i bruk. Der var mange små bygningar i tunet som hadde hatt ulike funksjonar men som no ikkje var serleg i bruk, hadde mellom anna store steinheller til taktekking. Hagen likedan stor og prega av ulik aktivitet i ulike periodar. Der vart alt restaurert på beste måte, både pryd- og frukthage, mykje arbeid og god avling. Med omsyn til husa vart det sagt at han var sers god til å skrive søknader om vedlikehald, og dei pengane han då fekk nyta han til materialinnkjøp. Som den praktiske og erfarne mannen han var gjorde han så mykje av arbeidet sjølv. Slik vart mykje gjort.

Pensjonist

Som pensjonist busette dei seg i Bø der han alt i 1956 hadde bygd seg hus på eigedomen «Kveldsro» i Kyrkjevegen 23. 1972–1973 styrde han Bø soknekall og sidan gjekk det slag i slag med vikarteneste i Nedre Telemark prosti. Overalt sette dei pris på hans sterke og klare forkynning og ville gjerne ha han som vikar. Han hadde rik kunstnargivnad som synte seg i hans mange målerier, treskurd, rosemåling og ymse snikkararbeid.

Epilog

Ved gravferda ved Bø kyrkje 14. juni 1989 var det samla ein stor flokk med slekt, vener og frammøtte frå dei ymse stader han hadde verka som prest og lærar. Arne Momrak er gravlagd på Bø kyrkjegard.

Biletgalleri

Referansar

  1. Sømna/Brønnøy 1918: Fredheim Ungdomsskule etablerer seg på Berg med 57 elever og Halvor Aasheim som bestyrer. Seinare Fredheim Folkehøgskole.
  2. Studenterhuset i Schultz’ gate 7 vart etablert i 1919.

Kjelder

  • Marvik, Steinar: Fyresdal. Gards- og ættesoge. Fyresdal kommune 1992
  • Nenseter, Bjarne: Sokneprest Arne Momrak til minne. Nekrolog, mogleg i Varden
  • Brev frå Else Momrak til sonen Arne Momrak i perioden 1929 – 1933
  • Dagbøker, førd i pennen av Arne Momrak. Det er tre stykke som tek føre seg periodane 1929-1931, 1931-1933 og 1933-1944.
  • NS i Telemark. Telemark historie Nr. 38 - 2017. s.51
  • Bolling, Reidar: Norges prester og teologiske kandidater. A. M. Hanches forlag. Oslo 1958. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Arne O. Momrak i Historisk befolkningsregister.