Arne Settemsdal

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 17. jun. 2019 kl. 07:29 av Kallrustad (samtale | bidrag) (bilde, litt formatering)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Arne Settemsdal.

Arne Settemsdal (fødd 1942, død 24. mai 2019) var kommunetilsett og idrettsleiar i Sykkylven.

Han var fødd i Åsskard kommune, i noverande Surnadal kommune, og tok utdanning som ingeniør i byggteknikk ved Gøteborgs Tekniske Institut. Etter ei tid som avdelingsingeniør ved Molde byingeniørkontor, fekk han stilling som ingeniør i Sykkylven kommune i 1969. Her var han heilt fram til han nådde pensjonsalderen. Oppgåvene i teknisk avdeling var varierte. Kommunen var i vekst med oppbygging av nye bustadfelt, og stor utvikling innan vegsektoren og annan infrastruktur. Kommunen måtte leggje til rette for næringslivet og for private, som skulle byggje og bu, og det var ikkje mange å dele oppgåvene på i kommunehuset dei første åra.

Arne var arealplanleggar og oppteken av at det dei gjorde skulle vere i samsvar med lover og regelverk. Han var ein hjelpsam og imøtekomande kollega. Han kunne ofte løyse opp i fastlåste situasjonar med gode sitat frå heimbygda sin store diktar; Hans Hyldbakk.

Då han var i Molde, vart han kjend med henne som skulle bli kona hans, Anne, f. Honningdalsnes. Arne og Anne fekk fire gutar: Inge, Oddbjørn, Atle og Kjetil. Desse, og seinare barneborna, følgde Arne opp og gav gode opplevingar i naturen, og med idrettsaktivitetar. Sjølv hadde han ei spesiell interesse for hoppsporten, og saman med Jan Ringseth var Arne heilt sentral i oppbygginga av hoppanlegga i Søvikdalen i Sykkylven. Han teikna dei tre bakkane som vart bygde der tidleg i 1990-åra, og følgde opp byggearbeidet, slik at bakkekurvene vart akkurat slik dei var teikna. Arne Settemsdal tok utdanning som hopptrenar og tok på seg trenaroppgåver for lokale talent. Sonen, Atle Settemsdal, merka seg tidleg ut som eit stort hopptalent, inspirert av faren sin iver og kunnskap.

Arne engasjerte seg i fleire friviljuge aktivitetar. Kyrkja og bedehuset stod han nær. Han var ein som tok ansvar for dei praktiske oppgåvene i kyrkja. Då nye Sykkylven kyrkje vart bygd, var han sentral i dugnadsnemnda. Han var også med som songar, både i Misjonskoret og i ungdomskoret Message.

Han var med i Tempelridderordenen i 37 år, og sette pris på samveret med brødrene der.

Arne og Anne hadde håpa på nokre gode år saman med familie og vener i ny bustad på Grebstadhagen dit dei flytte i 2018. Slik skulle det ikkje gå. Etter nokre år med sjukdom døydde han 24. mai 2019.

Kjelde

  • Eldar Høidal: Minneord Arne Settemsdal, Sykkylvsbladet 13.6.2019.