Arnfinn Engen: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Kongens fortenstmedalje)
Linje 1: Linje 1:
<onlyinclude>'''[[Arnfinn Engen]]''' (fødd [[12. november]] [[1944]] på [[Dombås]] i [[Dovre kommune|Dovre]], død [[14. juni]] [[2014]] på [[Lillehammer]]) var ein framståande lokalhistorikar med store kunnskapar om [[Gudbrandsdalen]].</onlyinclude>
<onlyinclude>'''[[Arnfinn Engen]]''' (fødd [[12. november]] [[1944]] på [[Dombås]] i [[Dovre kommune|Dovre]], død [[14. juni]] [[2014]] på [[Lillehammer]]) var ein framståande lokalhistorikar med store kunnskapar om [[Gudbrandsdalen]]. Engen var den fyrste fylkeskonservatoren i [[Oppland]], og i 2013 vart han heidra med [[Kongens fortenstmedalje]] i sølv.</onlyinclude>


==Utdanning og yrkesliv==
==Utdanning og yrkesliv==
Linje 15: Linje 15:
*Dødsannonse i ''[[Aftenposten]]'' 18.6.2014
*Dødsannonse i ''[[Aftenposten]]'' 18.6.2014
*CV på heimesida til [http://www.arnfinn-engen.no/assets/docs/Arnfinn-Engen-CV.pdf Bruket forlag]
*CV på heimesida til [http://www.arnfinn-engen.no/assets/docs/Arnfinn-Engen-CV.pdf Bruket forlag]
*[http://www.oppland.no/Fag-og-tjenester/Kulturarv/Aktuelt-kulturvern/Kongens-solv-til-Arnfinn-Engen/ Oppland fylkeskommune si heimeside: «Kongens sølv til Arnfinn Engen» (publisert 15.11.2013).]
*[http://ask.bibsys.no/ask/action/result?fid=forfatter&term=Engen,%20Arnfinn%201944- Publikasjonar registrer på BIBSYS]
*[http://ask.bibsys.no/ask/action/result?fid=forfatter&term=Engen,%20Arnfinn%201944- Publikasjonar registrer på BIBSYS]


Linje 23: Linje 24:
[[Kategori: Lokalhistorikere]]
[[Kategori: Lokalhistorikere]]
[[Kategori: Bygdebokforfattere]]
[[Kategori: Bygdebokforfattere]]
[[Kategori: Kongens fortjenstmedalje]]
[[Kategori: Fødsler i 1944]]
[[Kategori: Fødsler i 1944]]
[[Kategori: Dødsfall i 2014]]
[[Kategori: Dødsfall i 2014]]
{{F1}}
{{F1}}

Sideversjonen fra 19. jun. 2014 kl. 11:16

Arnfinn Engen (fødd 12. november 1944Dombås i Dovre, død 14. juni 2014Lillehammer) var ein framståande lokalhistorikar med store kunnskapar om Gudbrandsdalen. Engen var den fyrste fylkeskonservatoren i Oppland, og i 2013 vart han heidra med Kongens fortenstmedalje i sølv.

Utdanning og yrkesliv

Arnfinn Engen tok eksamen ved Gudbrandsdal Gymnas i 1965 og studerte sosiologi og nordisk før han tok historie hovudfag ved Universitetet i Oslo i 1973 med hovudfagsoppgåva Oppbrot og omlegging. Utvandring og økonomisk utvikling i Dovre på 1800 -talet. Deretter var han amanuensis i historie ved Nordland distriktshøgskole, Bodø 1974-77, NAVF-stipendiat 1977-80, fylkeskonservator i Oppland 1981-97 (konstituert fylkeskultursjef 1993-94) og rådgjevar i kulturminnevern for NORAD til 2000. Seinare har han kombinert forfattarskap, prosjektarbeid for Oppland fylkeskommune og konsulentarbeid innan feltet.

Lokalhistorisk aktivitet

Arnfinn Engen gjorde ein betydeleg innsats for lokalhistoria, særleg i Gudbrandsdalen. Han var styremedlem og leiar for Fåberg og Lillehammer historielag, styremedlem for Norsk Fjellmuseum i Lom, Norsk Utvandrermuseum i Hamar, Maihaugen, leiar for De Sandvigske Samlingers Venner, Opplandsarkivet og Gudbrandsdal Historielag og Dølaringen.

Forfattarskap

Arnfinn Engen hadde eit omfattande lokalhistorisk forfattarskap. Han var eineforfattar for Gausdal bygdehistorie b. 4: Endring og oppbrot 1830-1914 (1988) og medforfattar for Dovre bygdabok bd. 1-4 (2003-07) og Gards- og slektshistorie for Heidal bd. 1-2 (2011-12). Han skreiv òg fleire populærfaglege bøker om kulturvern- og lokalhistoriske tema (sjå lenke til BIBSYS). Han var redaktør av Årbok for Gudbrandsdalen 1979-81 og 1999-2006, Dovrebygde, årbok for Dovre historielag 2009-2012 og Fåberg og Lillehammer, årbok for Fåberg og Lillehammer historielag.

Arnfinn Engen har òg skrive 34 artiklar på Norsk biografisk leksikon.

Kjelde