Arvid Skogseth (f. 1952)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Arvid Skogseth.

Arvid Skogseth (født 1952) frå Steinkjer er historikar og bygdebokforfattar.

Han tok hovudfag i historie ved Universitetet i Bergen i 1994. Tre år seinare ga han ut sin første bok, gards- og ættesoga Fedje og folket. Frå 2000 til 2006 gav han ut Austrheim i fortid og notid i fire band, og i 2008 og 2009 band 3 og 4 av Bygdebok for Lindås. Han skreiv slektsdelen i Sund på Søre Sotra, som kom i fem band frå 2012 til 2016, med Frode Fyllingsnes som medforfattar. I 2017 sluttførte han band 7 av Gards- og slektshistorie for Oppdal, og i 2019 og 2020 gav han ut band 8 og 9 av dette verket.

I 2022 oppdaterte han Fedje og folket, og publiserte den nye utgåva på Lokalhistoriewiki; sjå Forside:Fedje og folket.

Kjelder og litteratur

  • Informasjon frå Skogseth.