Asbjørn Kloster

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 20. jun. 2022 kl. 09:26 av Marianne Wiig (samtale | bidrag) (Teksterstatting – «Liv og verke» til «Liv og virke»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Statue av Asbjørn Kloster i Stavanger.
Klostermedaljen vart fyrste gang delt ut i 1939.
Foto: Hilde Rivera 2015

Asbjørn Olsen Kloster (fødd 21. desember 1823 i Vestre Bokn, død 18. januar 1876 i Stavanger) var ein pioner i den norske fråhaldsrørsla. Han stifta og leia Stavanger yngre Afholdenhedsforening i 1859, ei foreining som i 1875 vart landsdekkjande under namnet Det Norske Totalavholdsselskap (DNT).

Liv og virke

Han var son av gardbrukar og handelsmann Ole Endresen og Martha Asbjørnsdotter Kloster. Dei var frå bondeætter i Ryfylke. Asbjørn vaks opp på Boknaberg i Bokn og på Mosterøy der faren var lottbrukar på ein del av jorda åt Ulstein kloster. Det var der han hadde namnet Kloster frå. Som åtteåring vart han sendt til ei moster på Vik i Rennesøy, og han budde der til konfirmasjonsalderen og gjekk på omgangsskulen.

Han busette seg etter konfirmasjonen i Stavanger, der óg foreldra hadde flytta. Faren var slakter, og vart seinare sildesaltar og høker. Asbjørn byrja å jobbe i faren si krambu. Det gjekk ikkje så bra med forretningane, og han måtte arbeide for andre ved sida av. Han øvde seg óg i skriving og rekning, og han byrja å lære engelsk. I åra 1842 til 1845 hadde han så ei periode med religiøs uro. Han kom i kontakt med kvekarane i Stavanger, og har sjølv skrive at han hadde sitt religiøse gjennombrot den 15. juni 1845. Eit år seinare kom tre britiske kvekarar til Stavanger, og dei ordna det så Asbjørn Kloster fekk studere eit år i Storbritannia. Han vart gjennom studiane førebudd på å bli leiar for kvekarskulen i Stavanger, noko han var dei neste tretten åra. Skulen hadde ikkje berre barn av kvekarar som elevar; ho hadde eit godt ry, så det var mange søkjarar. Kloster skreiv sjølv ein del av skulebøkene som vart nytta der.

Omkring 1860 slutta han å jobbe på skulen, og via seg meir til misjon for kvekarane. I 1859 hadde han stifta Stavanger yngre Afholdenhedsforening, og foreininga fekk mange medlemmar. Ei eldre fråhaldssforeining, Den norske Forening mot Brændeviinsdrik, var berre mot brennevin, ikkje øl og vin. Dette var i 1850-åra ei strategi ein hadde lagt bak seg i England og andre land der Kloster henta inspirasjon. Stavangerforeininga, seinare DNT, vert difor rekna som den fyrste moderne fråhaldsforeininga i Noreg. Han ga frå 1860 ut bladet Afholdsblad mod Brugen af alle Slags berusende Drikke uden som Medicin, som i 1861 fekk namnet Menneskevennen.

I 1861 gifta han seg med Marie Elisabeth Knudsen.

Etter å ha gifta seg flytta han til Christiania, og han fekk starta opp ei forening der óg. I 1863 drog han så attende til Stavanger. I folketeljinga 1865 er han registrert på adressa Bakkens Rode 228 i Stavanger, med kone og tre born. Foreininga vaks jamt og trutt, men Asbjørn Klosters bakgrunn som kvekar var noko ein del var skeptiske til. Først i 1870 byrja det verkelig å spre seg, med lag mellom anna i Østfold og på Sørlandet. Kloster fekk oppleve at foreininga vart landsomfattande i 1875. Han hadde då lidd av lungesjukdom i fleire år, og døydde året etter. Asbjørn Kloster vart gravlagd på kvekergravplassen i Stavanger.

Foreininga han starta vaks seg stor; i rekordåret 1913 var ho med 139 000 medlemmar den største frivillige foreininga i landet.

Minnesmerker og gatenamn

Det er reist ei statue av Kloster i Stavanger, og tre gater heiter opp att etter han: Asbjørn Klosters gate på Notodden, Asbjørn Klosters gate i Stavanger og Asbjørn Klosters vei i Lørenskog. I Oslo finn ein Klosterheim, eit forsamlingslokale med namn etter Asbjørn Kloster.

Kjelder

Eksterne lenkjer