Askøy kommune: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(meir info)
(meir info)
Linje 16: Linje 16:


== Historikk ==
== Historikk ==
Askøy var ikkje mellom dei områda i Nordhordland som vart tidligst busatt. Medan buplassar er funne på Sotra og Øygarden som kan vere så gamle som 10000 år, låg framleis Askøy under isen på denne tida. Det fyrste sporet av menneskeleg virke på Askøy er ei 7-8000 år gammal flintøks funni på Fromreide.<ref>Fossen, side 22.</ref> Eit gammalt namn på Askøy var ''Fenring'', som fyrste gong nemnast [[Gautreks saga]] frå slutten av [[1200-talet]]. Handlingane i sagaen er tidfesta åt midten av [[600-talet]], men det er ikkje sikkert om handlinga i han kan reknast for historisk. Seinare skal også [[Egil Skallagrimsson]] ha vori på Ask på Askøy i [[934]] for å føre ei arvesak på [[Gulating]], der han leid tap mot [[Eirik Blodøks]]. Askøy har fleire gravhaugar, mellom anna ved Ask. Kongshaugen som ligg på Hop kan vere frå bronsealderen.
Askøy var ikkje mellom dei områda i Nordhordland som vart tidligst busatt. Medan buplassar er funne på Sotra og Øygarden som kan vere så gamle som 10000 år, låg framleis Askøy under isen på denne tida. Det fyrste sporet av menneskeleg virke på Askøy er ei 7-8000 år gammal flintøks funni på Fromreide.<ref>Fossen, side 22.</ref> Eit gammalt namn på Askøy var ''Fenring'', som fyrste gong nemnast [[Gautreks saga]] frå slutten av [[1200-talet]]. Handlingane i sagaen er tidfesta åt midten av [[600-talet]], men det er ikkje sikkert om handlinga i han kan reknast for historisk. Seinare var også [[Egil Skallagrimsson]] på Ask på Askøy i [[934]] for å føre ei arvesak på [[Gulating]], der han leid tap mot [[Eirik Blodøks]]. Han og dronning Gunnhild var fiendar av Egil Skallagrimson, og det var også høvdingane på Askøy på denne tida.<ref>Fossen, side 39-41.</ref> Askøy har fleire gravhaugar, mellom anna ved Ask, og kongshaugen som ligg på Hop kan vere frå bronsealderen.


I mellomalderen slo kong [[Sverre Sigurdsson]] øyskjeggane i [[1194]] i slaget ved [[Florvåg]]. Seinare vart staden likevel hamn for [[baglar]]ane, og på Herdla budde baglarkongen [[Filippus Simonsson]]. Då han døydde i 1217 kom baglarane og birkebeinarane til forlik, og i 1247 heldt kong Håkon Håkonsson gjestebud i Florvåg. [[Herdla kyrkje]] er nemnd i [[1146]], og vart i [[1308]] godkjend som kongeleg kapell av paven. Denne kyrkja vart riven etter stormskade i [[1861]], og kyrkja som står der no vart bygd i [[1863]].
I mellomalderen slo kong [[Sverre Sigurdsson]] øyskjeggane i [[1194]] i slaget ved [[Florvåg]]. Seinare vart staden likevel hamn for [[baglar]]ane, og på Herdla budde baglarkongen [[Filippus Simonsson]]. Då han døydde i 1217 kom baglarane og birkebeinarane til forlik, og i 1247 heldt kong Håkon Håkonsson gjestebud i Florvåg. [[Herdla kyrkje]] er nemnd i [[1146]], og vart i [[1308]] godkjend som kongeleg kapell av paven. Denne kyrkja vart riven etter stormskade i [[1861]], og kyrkja som står der no vart bygd i [[1863]].

Sideversjonen fra 20. jun. 2012 kl. 12:45

Askøy
1247 Askoy komm.png
Basisdata
Kommunenummer 1247
Fylke Hordaland
Kommunesenter Kleppestø
Areal 6.69  km²
Areal land 0  km²
Areal vann 6.69  km²
Folketall ukjent kode (2023)
Målform Nøytral
Nettside Nettside

Askøy kommune er ein kommune og ei øy i Hordaland fylke. Kommunesenteret er Kleppestø. Kommunen femner om øyane Askøy, Herdla, Hanøy og nokre mindre øyar. Kommunen grensar mot Bergen kommune i aust, Meland kommune i nordaust, Radøy kommune i nord, og Øygarden og Fjell kommunar i vest. Kommunen vart oppretta som formannskapsdistrikt i 1837 under namnet Askøen i samband med formannskapslovene. 1. juli 1918 vart Laksevåg skild ut som eigen kommune, medan kommunen i 1964 vart utvida med store delar av tidlegare Herdla kommune og dei delane av Meland kommune som låg på Askøy.

Historikk

Askøy var ikkje mellom dei områda i Nordhordland som vart tidligst busatt. Medan buplassar er funne på Sotra og Øygarden som kan vere så gamle som 10000 år, låg framleis Askøy under isen på denne tida. Det fyrste sporet av menneskeleg virke på Askøy er ei 7-8000 år gammal flintøks funni på Fromreide.[1] Eit gammalt namn på Askøy var Fenring, som fyrste gong nemnast Gautreks saga frå slutten av 1200-talet. Handlingane i sagaen er tidfesta åt midten av 600-talet, men det er ikkje sikkert om handlinga i han kan reknast for historisk. Seinare var også Egil Skallagrimsson på Ask på Askøy i 934 for å føre ei arvesak på Gulating, der han leid tap mot Eirik Blodøks. Han og dronning Gunnhild var fiendar av Egil Skallagrimson, og det var også høvdingane på Askøy på denne tida.[2] Askøy har fleire gravhaugar, mellom anna ved Ask, og kongshaugen som ligg på Hop kan vere frå bronsealderen.

I mellomalderen slo kong Sverre Sigurdsson øyskjeggane i 1194 i slaget ved Florvåg. Seinare vart staden likevel hamn for baglarane, og på Herdla budde baglarkongen Filippus Simonsson. Då han døydde i 1217 kom baglarane og birkebeinarane til forlik, og i 1247 heldt kong Håkon Håkonsson gjestebud i Florvåg. Herdla kyrkje er nemnd i 1146, og vart i 1308 godkjend som kongeleg kapell av paven. Denne kyrkja vart riven etter stormskade i 1861, og kyrkja som står der no vart bygd i 1863.

Ask og Herdla var kongsgardar i eldre tid, medan garden Hop er frå 1600-talet. På 1500-tallet budde Olav Torkjellson, den siste katolske biskopen i Bjørgvin, på Ask. Der sette han seg imot lutherdommen saman med Olav Engelbrektsson, men dei tapte for kong Christian III, med den fylgja at både Ask og Herdla kyrkjer vart brend.

Askøy i dag

Askøy har eiget vinmonopol, som vart oppretta i 2001. Askøy kystlag held til i kommunen.

Referansar

  1. Fossen, side 22.
  2. Fossen, side 39-41.

Kjelder