Atrå kyrkje

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Atrå kyrkje
Atråkyrkje19.06.2011.jpg
Atrå kyrkje frå sud.
Foto: Per Espeland (mai 2011).
Stad: Atrå
Byggeår: 1836
Kyrkjegard: Åtrå kyrkjegard
Kyrkjesamfunn: Den norske kirke
Bispedøme: Agder og Telemark bispedømme
Prosti: Aust-Telemark
Prestegjeld: Tinn
Fellesråd: Tinn
Sokn: Atrå
Arkitekt: Hans Ditlev Linstow
Materiale: Tømmer

Atrå kyrkje i Tinn stod ferdig i 1836, og vart innvigd av prost og sokneprest Søren Schive 4. september 1836 med fleire av prestane i prostiet til stades. I 1936 var det arrangert eit gildt 100-årsjubileum med biskopen James Maroni som det naturlege midtpunktet. Ein komité med Halvor Gjøystdal, Olav Høgehaug og Anders E. Hedem førebudde festmarkeringa. Dei utarbeidde òg eit hefte med ein gjennomgang av Atrå kyrkjes historie. Gjøystdal skreiv ein liten prolog til festen, som bl.a har følgjande strofe:

So midt i bygdi vår kyrkje stend og lyser mot oss so kjær og kjend. Ho kallar saman i sorg og gaman frå bygd og grend.

150-årsjubiléet i 1986 vart markert bl.a. med eit opptrykk av heftet frå 1936 med naudsynte tilføyingar dei siste 50 åra, skrive av Gunhild Dybdal.

Planar og byggerbeid

Den nye kyrkja vart plassert noko vest for tomta til Atrå stavkyrkje. Arkitekt Hans Ditlev Linstow utarbeidde teikningar, og han gjekk sterkt inn for ei langkyrkje. Tinndølane var ikkje heilt nøgde med dette forslaget; dei såg helst at ei krosskyrkje vart bygd. Men planane til Linstow vart etter enkelte justeringar vedtekne i Kgl. resolusjon juli 1828. I 1833 tok arbeidet til for alvor. Grunnarbeidet vart utført som pliktarbeid av ålmugen. Johannes og Nils Sjautveit, Hølje S. Håkåland og Halvor Knutsson Sålar gjorde murararbeidet for 2 mark dagen. Gjerpenskarane Kristen A. Rugstad og Kristen A. Stensås vart hyra inn for å utføre tømrararbeidet. Desse fagfolka hadde kompetanse til å skøyte stokkar og byggje tårnet i bindingsverk. Dei fekk 300 spesidalar kvar for arbeidet. Stensaas tok på seg snikkararbeidet innomhus for same summen – 300 spd. Sebjørn Kværndalen frå Rollag i Numedal måla kyrkja ute og inne.

Endringar frå 1836 til i dag

Før sakristiet vart påbygd i 1924, var det ei dør midt på austveggen. Denne vart fjerna i 1895, og eit vindauge vart sett inn. Rommet til høgre for altaret vart innreidd som barnesakristi; dette rommet og prestesakristiet fekk begge dører mot aust. I 1908 vart det omfattande omvøling av kyrkjerommet. Sidegalleria vart tekne bort, omnane flutt inn til veggen, nye kyrkjestolar innsette og ny altartavle kom på plass. Heile kyrkja vart måla på nytt: galleri, søyler, preikestol, altertavle og døypestol vart måla kvite med gylde lister, elles er farga grønaktig. Firkanta felt i tak vart måla i mange sjatteringar. Elektrisk ljos vart installert i 1919. Nytt orgel vart kjøpt inn i 1922, og barnesakristiet måtte ofrast for å få plass til det nye orgelet. Nytt sakristi, teikna av arkitekten Ove Bang, vart påbygd i 1924. I 1925 donerte A/S Rjukanfos ei kyrkjeklokke som var eit fint supplement til dei to klokkene frå stavkyrkja.

Sommaren 1932 vart bølgjeblekplater, som hadde vore til stor forarging for mange i kyrkjelyden, erstatta med blågrå skiferstein. I 1939 vart det lagt fram planar for oppussing av kyrkja med nytt golv, nye omnar, panelarbeid i gangen, o.a., men krigen sette ein stoppar for dette arbeidet. I 1950 held ein fram med planane om vøling av interiøret. Eit stort lyft var det å engasjere rosemålaren Øystein Orekåse til å dekorere veggar, tak og preikestol i kyrkja. Markeringa etter restaureringa av Atrå kyrkje fann stad 13. april 1952 med mange kunstnariske innslag. Alfred Holtan filma delar av denne festgudstenesta.

Kyrkjegarden

I 1934 utvida ein kyrkjegarden mot aust. Planering av kyrkjegarden vart utført i 1955 med stor dugnadsinnsats frå folk i soknet. Alt da såg ein behovet for større plass på kyrkjegarden, men arbeidet med utvidinga vestover kom ikkje i gang før på 1970-talet. Den nye delen, med steingjerde mura av Torgeir Eggerud og eit bårehus med Torstein Skrindebakke som byggherre, stod ferdig i 1975. I 2005 vart den gamle steintrappa ved hovudinngangen til kyrkja teken bort og erstatta med ei betongtrapp og ei rampe for rullestolbrukarar.

Kyrkjesongarar

Litteratur

  • Atrå kyrkje 100 år. Soknerådet 1936.
  • Atrå kyrkje 150 år. Soknerådet 1986.
  • Einung, Halvor H.: Tinn Soga band 1. Eige forlag 1922.
  • Kyrkjebod. 4/1986.
  • Kirker i Norge. Bind 4. 2000.
  • Faktaark fra Kartverket


Koordinater: 59.98843° N 8.73196° Ø