Atrå

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 24. apr. 2019 kl. 15:32 av Peres (samtale | bidrag)
Hopp til navigering Hopp til søk
Atrå Samfunnshus med kyrkja i bakgrunnen.
Foto: Widerøe (1966).

Atrå er ei bygd i Tinn kommune, ved nordenden av Tinnsjøen der Gjøystdal og Gauset møtast. Elva Gjøyst renn gjennom bygda, like nedanfor kyrkja med gardane Hovshus, Skeie og Ulleren på andre sida av elva. Elva Mår kjem frå Kalhovdfjorden og renn forbi Marumsgrenda og ut i Tinnsjøen ved Mårvik. Det bur kring 300 menneske i bygda, og dei bur for spreidd til at staden kan reknast som ein tettstad.

Atrå har vore kyrkjestad sidan mellomalderen. Atrå stavkyrkje blei reven i 1833, og Atrå kyrkje blei innvigd i 1836.

Atrå Samfunnshus frå 1960 er ein viktig samlingsstad i bygda.

Litteratur og kjelder

Koordinater: 59.9881417° N 8.7353278° Ø