Aure kyrkje

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 5. nov. 2008 kl. 19:44 av Olve Utne (samtale | bidrag) (Begynt på fiksing av artikkelen. Meir kjem.)
Hopp til navigering Hopp til søk
Kyrkja innvendig, sett frå nordskipet mot sørskipet (høgre) og koret/altaret (venstre).
Foto: Olve Utne

Mal:Aure prestegjeld

Aure kyrkje sett frå sjøsida.
Foto: Olve Utne

Aure kyrkje er ein i hovudsak attoppbygd kopi av korskyrkja av tre som vart innvigd i 1727. Kyrkja, som ligg på ei lita høgd nede ved Aursundet i Aure sentrum i Aure kommuneNordmøre, er soknekyrkje for Aure sokn og hovudkyrkje for Aure prestegjeld i Ytre Nordmøre prosti av Møre bispedømme. Føre Møre bispedømme vart oppretta hørte prestegjeldet til Nidaros bispedømme. Kyrkja vart ramma av brann i 1924, men mykje av inventaret vart berga, og kyrkja vart attoppbygd att på same stad og i same stil som gamlekyrkja. Den noverande Aure kyrkje er oppført på same staden som den gamle Sankta Maria-kyrkja i Aure stod — ei stavkyrkje frå mellomalderen som vart riven i 1726. Aure prestegard ligg rett ovom kyrkja.