Aure kyrkje

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 27. jan. 2016 kl. 09:56 av Olve Utne (samtale | bidrag) ({{nn}})
Hopp til navigering Hopp til søk
Aure kyrkje sett frå sjøsida.
Foto: Olve Utne (2008).
Kyrkja innvendig, sett frå nordskipet mot sørskipet (høgre) og koret/altaret (venstre).
Foto: Olve Utne
Bautastein på nordsida av kyrkja.
Foto: K. Kiplesund

Aure kyrkje (Mal:Nyn. Aure kyrkje, Mal:Bokm. Aure kirke), lokal uttale Örkjerkjå (NA) / Örkjerkjonn (D), er ein i hovudsak attoppbygd kopi av korskyrkja av tre som vart innvigd i 1727. Kyrkja, som ligg på ei lita høgd nede ved Aursundet i Aure sentrum i Aure kommuneNordmøre, er soknekyrkje for Aure sokn og var hovudkyrkje for Aure prestegjeld i Ytre Nordmøre prosti av Møre bispedømme. Fram til Møre bispedømme vart oppretta i 1983 hørte prestegjeldet til Nidaros bispedømme. Kyrkja vart ramma av brann i 1924, men mykje av inventaret vart berga, og kyrkja vart attoppbygd att på same stad og i same stil som gamlekyrkja. Den noverande Aure kyrkje er oppført på same staden som den gamle Sankta Maria-kyrkja i Aure stod — ei stavkyrkje frå mellomalderen som vart riven i 1726. Aure prestegard ligg rett ovom kyrkja.

Postkort av gamle Aure kyrkje, 1727–1924. Fotografi frå 1907–1910.

Eksterne lenker

Koordinater: 63.26584° N 8.52788° Ø