Aurgjeldsgeit: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Linje 3: Linje 3:


== Historie ==
== Historie ==
{{thumb|Urbs Norrigiae Celeberrima Nidrosia (1674).jpg|Koparsnitt av Trondheim datert 1674. Vi ser at både dei mange [[jekt]]ene og dei mindre båtane i forgrunnen litt til venstre for midten har stamnar av geitbåttypen heller enn åfjordstypen.}}
{{thumb|Urbs Norrigiae Celeberrima Nidrosia (1674).jpg|Koparstikk av Trondheim datert 1674. Vi ser at både dei mange [[jekt]]ene og dei mindre båtane i forgrunnen litt til venstre for midten har stamnar av geitbåttypen heller enn åfjordstypen.}}
Eit koparsnitt av [[Trondheim]] datert [[1674]] viser gjennomført stamnar av runda type heller enn den halvrette åfjordingsstamnen som er så kjennspak for trønderbåtane dei siste par hundreåra. [[Innherredsbåt]]ane, som vart bygd som eigen type fram til midt på 1800-talet, hadde òg litt meir runda stamnprofilar (om enn langt ifrå så runde som på bildet datert 1674), og dei hadde til felles med geitbåtane at kjølen hadde T- eller Y-profil.
Eit koparsnitt av [[Trondheim]] datert [[1674]] viser gjennomført stamnar av runda type heller enn den halvrette åfjordingsstamnen som er så kjennspak for trønderbåtane dei siste par hundreåra. [[Innherredsbåt]]ane, som vart bygd som eigen type fram til midt på 1800-talet, hadde òg litt meir runda stamnprofilar (om enn langt ifrå så runde som på bildet datert 1674), og dei hadde til felles med geitbåtane at kjølen hadde T- eller Y-profil.


Under den arkeologiske undersøkinga av bibliotekstomta i [[Trondheim]] 1973–1985 vart det funne deler av ein båt som hadde vorte oppattbruka som uthusgolv ein gong kring første halvdelen av 1600-talet. Desse båtdelene ser ut til å komma frå ein gammal [[fyring]]. [[Jon Bojer Godal]] skriv om dei: «Typiske delar frå geitbåt og passar ikkje til nokon annan kjend type.»<noinclude><ref>{{Godal 2014}}</ref></noinclude>
Under den arkeologiske undersøkinga av bibliotekstomta i [[Trondheim]] 1973–1985 vart det funne deler av ein båt som hadde vorte oppattbruka som uthusgolv ein gong kring første halvdelen av 1600-talet. Desse båtdelene ser ut til å komma frå ein gammal [[fyring]]. [[Jon Bojer Godal]] skriv om dei: «Typiske delar frå geitbåt og passar ikkje til nokon annan kjend type.»<noinclude><ref>{{Godal 2014}}</ref></noinclude> Karakteristisk for dette funnet er elles at ein båt så stor som ein fyring hadde breie kjølfjærer (7") heller enn [[ørhu]]. I ''Åfjordsbåten'' (b. 3 av ''Nordlandsbåten og åfjordsbåten'') siterer Godal ein tradisjon frå [[Åfjorden]]: «Kjølan og harsan va' saman før.» Dette stemmer med kjølfjørene som faktisk er like breie som det nedste halsbordet på ein åfjordsbåt.
 
Jon Bojer Godal meiner at den gamle aurgjeldgeita «[...] er svært lik det som i si tid var båttypen i Trøndelag så langt nord som til [[Flatanger]]».<noinclude><ref>{{Godal 2014}}</ref></noinclude> I samanheng med koparstikket av Trondheim datert 1674 og båtdelene i bibliotekstomta i Trondheim av en geitbåt som trulig vart bygd på 1500-talet, er dermed geitbåten, og da trulig først og fremst aurgjeldgeita, «den båttypen i det vestlege Noreg som vi med funn av delar kan følgje lengst attende i tid.»<noinclude><ref>{{Godal 2014}}</ref></noinclude>


== Størrelsar og namn ==
== Størrelsar og namn ==

Sideversjonen fra 19. jun. 2015 kl. 11:47

Framstamnen av Gressetgeita.
Foto: Olve Utne

Aurgjeldgeit eller aurgjeldsgeit er den nordligaste av dei tre geografiske hovudtypane av geitbåtane. Dei skil seg ut frå dei to andre hovudtypane ved at dei er noko smalare; dei har lengre kjøl og brattare stamnar; og dei er oftast rigga med symmetrisk råsegl heller enn med lårsegl («geitbåtsegl»). Med unntak av dei mest alderdommelige båtane har dei gjerne fleire trekk frå dei nyare åfjordsbåtane enn andre geitbåtar har, inkludert vaterbord, rorkult (i staden for styrvol) og festbetar. I nyare tid er aurgjeldsgeita typisk for det gamle Aure prestegjeld, inkludert Valsøyfjord og Stemshaug, så vel som Vinjefjorden innover mot Vinjeøra i Hemne kommune, men i eldre tider (føre kring 1800) ser dette ut til å ha vore den tradisjonelle båttypen i Trøndelag òg.

Historie

Koparstikk av Trondheim datert 1674. Vi ser at både dei mange jektene og dei mindre båtane i forgrunnen litt til venstre for midten har stamnar av geitbåttypen heller enn åfjordstypen.

Eit koparsnitt av Trondheim datert 1674 viser gjennomført stamnar av runda type heller enn den halvrette åfjordingsstamnen som er så kjennspak for trønderbåtane dei siste par hundreåra. Innherredsbåtane, som vart bygd som eigen type fram til midt på 1800-talet, hadde òg litt meir runda stamnprofilar (om enn langt ifrå så runde som på bildet datert 1674), og dei hadde til felles med geitbåtane at kjølen hadde T- eller Y-profil.

Under den arkeologiske undersøkinga av bibliotekstomta i Trondheim 1973–1985 vart det funne deler av ein båt som hadde vorte oppattbruka som uthusgolv ein gong kring første halvdelen av 1600-talet. Desse båtdelene ser ut til å komma frå ein gammal fyring. Jon Bojer Godal skriv om dei: «Typiske delar frå geitbåt og passar ikkje til nokon annan kjend type.»[1] Karakteristisk for dette funnet er elles at ein båt så stor som ein fyring hadde breie kjølfjærer (7") heller enn ørhu. I Åfjordsbåten (b. 3 av Nordlandsbåten og åfjordsbåten) siterer Godal ein tradisjon frå Åfjorden: «Kjølan og harsan va' saman før.» Dette stemmer med kjølfjørene som faktisk er like breie som det nedste halsbordet på ein åfjordsbåt.

Jon Bojer Godal meiner at den gamle aurgjeldgeita «[...] er svært lik det som i si tid var båttypen i Trøndelag så langt nord som til Flatanger».[2] I samanheng med koparstikket av Trondheim datert 1674 og båtdelene i bibliotekstomta i Trondheim av en geitbåt som trulig vart bygd på 1500-talet, er dermed geitbåten, og da trulig først og fremst aurgjeldgeita, «den båttypen i det vestlege Noreg som vi med funn av delar kan følgje lengst attende i tid.»[3]

Størrelsar og namn

Kjerkjebåtar

Det finst bevart éin eldre kjerkjebåt med sju par årar, «Fjordamerra». «Fjordamerra» vart bygd i 1842, trulig i Valsøyfjorden, og vart bruka som kyrkjebåt i Årvågsfjorden, der dei laut ro ut heile fjorden og innover til Aurkjerkjå på gudstenester. «Fjordamerra» hamna etterkvart på Sverresborg i Trondheim, men etter ein lang dragkamp vart det til at ho kom åt Geitbåtmuseet i Valsøyfjorden. Det er nybygd fleire kopiar av «Fjordamerra»:

Bildegalleri

Færingar

Seksringar

Fyringar

Femringar og større

Andre bruksbåtar

Kjerkjebåtar

Fotnotar

  1. Godal, Jon Bojer: «Den gåtefulle aurgjeldsbåten», i Årbok (Aure historielag) 2014, s. 52–59.
  2. Godal, Jon Bojer: «Den gåtefulle aurgjeldsbåten», i Årbok (Aure historielag) 2014, s. 52–59.
  3. Godal, Jon Bojer: «Den gåtefulle aurgjeldsbåten», i Årbok (Aure historielag) 2014, s. 52–59.

Bibliografi

  • Godal, Jon Bojer: «Den gåtefulle aurgjeldsbåten», i Årbok (Aure historielag) 2014, s. 52–59.
Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Quercus robur1 ies.jpg
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!