Aurgjeldsgeit: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
Linje 21: Linje 21:
== Størrelsar og namn ==
== Størrelsar og namn ==


=== Kjerkjebåtar ===
=== Færing ===
Det finst bevart éin eldre ''kjerkjebåt'' med sju par årar, [[«Fjordamerra» (1842)|«Fjordamerra»]]. «Fjordamerra» vart bygd i [[1842]], trulig i [[Valsøyfjorden]], og vart bruka som kyrkjebåt i [[Årvågsfjorden]], der dei laut ro ut heile fjorden og innover til [[Aure kyrkje|Aurkjerkjå]] på gudstenester. «Fjordamerra» hamna etterkvart på [[Sverresborg - Trøndelag Folkemuseum|Sverresborg]] i [[Trondheim]], men etter ein lang dragkamp vart det til at ho kom åt [[Geitbåtmuseet]] i [[Valsøyfjorden]]. Det er nybygd fleire kopiar av «Fjordamerra»:
* [[«Fjordamerra» (1996)|«Fjordamerra»]] – [[Stemshaug]]
* [[«Halsabrura»]] (1997) – [[Valsøyfjord]]
* [[«Hjelmkånnå»]] ([[2009]]) – [[Bøfjorden]]
 
== Bildegalleri ==
 
=== Færingar ===
<gallery>
<gallery>
Færing og fyring Romundset (Kielland).jpg|Aurgjeldsfæring (nærmast) og aurgjeldsfyring på [[Romundset (Aure)|Romundset]]. {{byline|Kristian Kielland}}
Færing og fyring Romundset (Kielland).jpg|Aurgjeldsfæring (nærmast) og aurgjeldsfyring på [[Romundset (Aure)|Romundset]]. {{byline|Kristian Kielland}}
Linje 36: Linje 28:
</gallery>
</gallery>


=== Seksringar ===
=== Seksring ===
<gallery>
<gallery>
Aurgjeldstrerøring Våg (Kielland).jpg|Trerøring på [[Våg (Aure)|Våg]] i [[Aure kommune]]. {{byline|[[Kristian Kielland]]|1930-åra}}
Aurgjeldstrerøring Våg (Kielland).jpg|Trerøring på [[Våg (Aure)|Våg]] i [[Aure kommune]]. {{byline|[[Kristian Kielland]]|1930-åra}}
Linje 42: Linje 34:
</gallery>
</gallery>


=== Fyringar ===
=== Fyring ===
<gallery>
<gallery>
Aurgjeldsfyring (Kielland 1937).jpg|Aurgjeldfyring under segl. {{byline|Kristian Kielland|1937}}
Aurgjeldsfyring (Kielland 1937).jpg|Aurgjeldfyring under segl. {{byline|Kristian Kielland|1937}}
Linje 58: Linje 50:
</gallery>
</gallery>


=== Femringar og større ===
=== Femring og større ===
<gallery>
<gallery>
Toskgansbåt (Kielland 1936).jpg|Toskgansbåt (seksrømt) med firskore segl og rorgrind. {{byline|Kristian Kielland|1936}}
Toskgansbåt (Kielland 1936).jpg|Toskgansbåt (seksrømt) med firskore segl og rorgrind. {{byline|Kristian Kielland|1936}}
Linje 65: Linje 57:
</gallery>
</gallery>


=== Kjerkjebåtar ===
=== Kjerkjebåt ===
Det finst bevart éin eldre ''kjerkjebåt'' med sju par årar, [[«Fjordamerra» (1842)|«Fjordamerra»]]. «Fjordamerra» vart bygd i [[1842]], trulig i [[Valsøyfjorden]], og vart bruka som kyrkjebåt i [[Årvågsfjorden]], der dei laut ro ut heile fjorden og innover til [[Aure kyrkje|Aurkjerkjå]] på gudstenester. «Fjordamerra» hamna etterkvart på [[Sverresborg - Trøndelag Folkemuseum|Sverresborg]] i [[Trondheim]], men etter ein lang dragkamp vart det til at ho kom åt [[Geitbåtmuseet]] i [[Valsøyfjorden]]. Det er nybygd fleire kopiar av «Fjordamerra»:
* [[«Fjordamerra» (1996)|«Fjordamerra»]] &ndash; [[Stemshaug]]
* [[«Halsabrura»]] (1997) &ndash; [[Valsøyfjord]]
* [[«Hjelmkånnå»]] ([[2009]]) &ndash; [[Bøfjorden]]
 
<gallery>
<gallery>
Fil:Fjordamerra (1842) i 1997.jpg|«Fjordamerra» etter flyttinga til [[Geitbåtmuseet]]. {{byline|Olve Utne|1997}}
Fil:Fjordamerra (1842) i 1997.jpg|«Fjordamerra» etter flyttinga til [[Geitbåtmuseet]]. {{byline|Olve Utne|1997}}

Sideversjonen fra 14. apr. 2017 kl. 00:58

Nybygd aurgjeldsfyring.
Foto: Olve Utne (2015).

Aurgjeldgeit eller aurgjeldsgeit er den nordligaste av dei tre geografiske hovudtypane av geitbåtane. Dei skil seg ut frå dei to andre hovudtypane ved at dei er noko smalare; dei har lengre kjøl og brattare stamnar; og dei er gjerne rigga med symmetrisk råsegl heller enn med lårsegl («geitbåtsegl»). Med unntak av dei mest alderdommelige båtane har dei gjerne fleire trekk frå dei nyare åfjordsbåtane enn andre geitbåtar har, inkludert vaterbord, rorkult (i staden for styrvol) og festbetar. I nyare tid er aurgjeldsgeita typisk for det gamle Aure prestegjeld, inkludert Rodal og Engdal og Stemshaug, så vel som Vinjefjorden innover mot Vinjeøra i Hemne kommune, men i eldre tider (føre kring 1800) ser dette ut til å ha vore den tradisjonelle båttypen i Trøndelag òg.

Historie

Koparstikk av Trondheim datert 1674. Vi ser at både dei mange jektene og dei mindre båtane i forgrunnen litt til venstre for midten har stamnar av geitbåttypen heller enn åfjordstypen.

Eit koparsnitt av Trondheim datert 1674 viser gjennomført stamnar av runda type heller enn den halvrette åfjordingsstamnen som er så kjennspak for trønderbåtane dei siste par hundreåra. Innherredsbåtane, som vart bygd som eigen type fram til midt på 1800-talet, hadde òg litt meir runda stamnprofilar (om enn langt ifrå så runde som på bildet datert 1674), og dei hadde til felles med geitbåtane at kjølen hadde T- eller Y-profil.

Under den arkeologiske undersøkinga av bibliotekstomta i Trondheim 1973–1985 vart det funne deler av ein båt som hadde vorte oppattbruka som uthusgolv ein gong kring første halvdelen av 1600-talet. Desse båtdelene ser ut til å komma frå ein gammal fyring. Jon Bojer Godal skriv om dei: «Typiske delar frå geitbåt og passar ikkje til nokon annan kjend type.»[1] Karakteristisk for dette funnet er elles at ein båt så stor som ein fyring hadde breie kjølfjærer (7") heller enn ørhu. I Åfjordsbåten (b. 3 av Nordlandsbåten og åfjordsbåten) siterer Godal ein tradisjon frå Åfjorden: «Kjølan og harsan va' saman før.» Dette stemmer med kjølfjørene som faktisk er like breie som det nedste halsbordet på ein åfjordsbåt.

«Gressetgeita» viser den eldste typen aurgjeldgeit vi kjenner til som heil båt.
Foto: Olve Utne (2011).

Jon Bojer Godal meiner at den gamle aurgjeldgeita «[...] er svært lik det som i si tid var båttypen i Trøndelag så langt nord som til Flatanger».[2] I samanheng med koparstikket av Trondheim datert 1674 og båtdelene i bibliotekstomta i Trondheim av en geitbåt som trulig vart bygd på 1500-talet, er dermed geitbåten, og da trulig først og fremst aurgjeldgeita, «den båttypen i det vestlege Noreg som vi med funn av delar kan følgje lengst attende i tid.»[3]

Gressetgeita er, trass årringsdatering til 1853, i høg grad uttrykk for den eldste geitbåttradisjonen med sin bruk av berre hogne bord og sin mangel av vaterbord med meir. Det ser ut til at saga bord øvst begynte å slå gjennom i 1830-åra. Kring 1860 vart aurgjeldsgeita gjerne bygd med vaterbord, flatkeipar, kollar og svinrygg, styrgrind med rorkult og faste skottdriglar (skvettbord) i atterskotten.

«Stormfuglen» frå Engdalen er ei typisk aurgjeldgeit av nyare type.
Foto: Olve Utne (2011).

Seglet varierer mellom firskore råsegl som er smalt oppe og breitt nede og eit asymmetrisk lårsegl.

Konstruksjon

Medan søfjordingen (den vanlegaste utgåva av geitbåten) er bygd over den gamle båtalna og med proporsjonar som går opp i 5, er aurgjeldgeita tradisjonelt bygd over den dansk-norske alna og med proporsjonar som går opp i 6. På Gressetbåten ser vi for eksempel at hovuddelen av framstamnen har ein innerprofil som svarar til eit sirkelslag på 1/6 l, medan stamntoppen følgjer eit sirkelslag på 1/8 l.[4]

Størrelsar og namn

Færing

Seksring

Fyring

Femring og større

Kjerkjebåt

Det finst bevart éin eldre kjerkjebåt med sju par årar, «Fjordamerra». «Fjordamerra» vart bygd i 1842, trulig i Valsøyfjorden, og vart bruka som kyrkjebåt i Årvågsfjorden, der dei laut ro ut heile fjorden og innover til Aurkjerkjå på gudstenester. «Fjordamerra» hamna etterkvart på Sverresborg i Trondheim, men etter ein lang dragkamp vart det til at ho kom åt Geitbåtmuseet i Valsøyfjorden. Det er nybygd fleire kopiar av «Fjordamerra»:

Fotnotar

  1. Godal, Jon Bojer: «Den gåtefulle aurgjeldsbåten», i Årbok (Aure historielag) 2014, s. 52–59.
  2. Godal, Jon Bojer: «Den gåtefulle aurgjeldsbåten», i Årbok (Aure historielag) 2014, s. 52–59.
  3. Godal, Jon Bojer: «Den gåtefulle aurgjeldsbåten», i Årbok (Aure historielag) 2014, s. 52–59.
  4. Godal, Jon Bojer: Å tenkje geitbåt — og byggje ein. (Båtar i Møre og Romsdal; 1) Trondheim : Akademika forlag, cop. 2014. ISBN 9788232104390

Bibliografi

  • Godal, Jon Bojer: «Den gåtefulle aurgjeldsbåten», i Årbok (Aure historielag) 2014, s. 52–59.