Aurgjeldsgeit

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Framstamnen av Gressetgeita.
Foto: Olve Utne

Aurgjeldgeit eller aurgjeldsgeit er den nordligaste av dei tre geografiske hovudtypane av geitbåtane. Dei skil seg ut frå dei to andre hovudtypane ved at dei er noko smalare; dei har lengre kjøl og brattare stamnar; og dei er oftast rigga med symmetrisk råsegl heller enn med lårsegl («geitbåtsegl»). Med unntak av dei mest alderdommelige båtane har dei gjerne fleire trekk frå dei nyare åfjordsbåtane enn andre geitbåtar har, inkludert vaterbord, rorkult (i staden for styrvol) og festbetar. I nyare tid er aurgjeldsgeita typisk for det gamle Aure prestegjeld, inkludert Valsøyfjord og Stemshaug, så vel som Vinjefjorden innover mot Vinjeøra i Hemne kommune, men i eldre tider (føre kring 1800) ser dette ut til å ha vore den tradisjonelle båttypen i Trøndelag òg.

Historie

Koparsnitt av Trondheim datert 1674. Vi ser at både dei mange jektene og dei mindre båtane i forgrunnen litt til venstre for midten har stamnar av geitbåttypen heller enn åfjordstypen.

Eit koparsnitt av Trondheim datert 1674 viser gjennomført stamnar av runda type heller enn den halvrette åfjordingsstamnen som er så kjennspak for trønderbåtane dei siste par hundreåra. Innherredsbåtane, som vart bygd som eigen type fram til midt på 1800-talet, hadde òg litt meir runda stamnprofilar (om enn langt ifrå så runde som på bildet datert 1674), og dei hadde til felles med geitbåtane at kjølen hadde T- eller Y-profil.

Under den arkeologiske undersøkinga av bibliotekstomta i Trondheim 1973–1985 vart det funne deler av ein båt som hadde vorte oppattbruka som uthusgolv ein gong kring første halvdelen av 1600-talet. Desse båtdelene ser ut til å komma frå ein gammal fyring. Jon Bojer Godal skriv om dei: «Typiske delar frå geitbåt og passar ikkje til nokon annan kjend type.»[1]

Størrelsar og namn

Kjerkjebåtar

Det finst bevart éin eldre kjerkjebåt med sju par årar, «Fjordamerra». «Fjordamerra» vart bygd i 1842, trulig i Valsøyfjorden, og vart bruka som kyrkjebåt i Årvågsfjorden, der dei laut ro ut heile fjorden og innover til Aurkjerkjå på gudstenester. «Fjordamerra» hamna etterkvart på Sverresborg i Trondheim, men etter ein lang dragkamp vart det til at ho kom åt Geitbåtmuseet i Valsøyfjorden. Det er nybygd fleire kopiar av «Fjordamerra»:

Bildegalleri

Færingar

Seksringar

Fyringar

Femringar og større

Andre bruksbåtar

Kjerkjebåtar

Bibliografi

  • Godal, Jon Bojer: «Den gåtefulle aurgjeldsbåten», i Årbok (Aure historielag) 2014, s. 52–59.
Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Quercus robur1 ies.jpg
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!