Austefjord kyrkje

Fra lokalhistoriewiki.no
Revisjon per 28. jan. 2018 kl. 18:37 av Siri J (Samtale | bidrag) (-linjeskift)
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Austefjord kyrkje
Fyrde1963.jpg
Oversyn over Fyrde (Austefjorden) med Austefjord kyrkje i framgrunnen.
Foto: Widerøe's Flyveselskap (1963).
Stad: Fyrde i Austefjorden
Byggeår: 1773
Endringar: Flytt hit frå Bjugn prestegjeld i 1879 og restaurert.
Kyrkjegard: Rundt kyrkja
Kyrkjesamfunn: Den norske kyrkja
Bispedøme: Møre
Prosti: Søre Sunnmøre
Prestegjeld: Volda
Fellesråd: Volda
Sokn: Austefjord
Arkitekt: Gjert Lien, Nordfjord
Teknikk: laft
Materiale: tre
Takryttar: ja
Kor: ja
Døypefont: Johans og Anders Langvatn i 1954
Altartavle: 1908, Sjøholm
Orgel: 1909, skifta ut 1954, på orgelgalleri i vest
Sitteplassar: 150
Anna informasjon: Opphaveleg Nes kyrkje, Bjugn prestegjeld

Austefjord kyrkje er ei langkyrkjeFyrde i Austefjorden, Volda kommune i Møre og Romsdal fylke. Kyrkjebygget er lafta i treverk (tømmer) og opphavleg bygd i 1773. Arkitekt var Gjert Lien frå Nordfjord. Kyrkja har 150 sitjeplassar. Det er kyrkjegard ved kyrkja.

Austefjordkyrkja stod opphavleg som Nes kyrkje i Bjugn prestegjeld. Bygdefolket i Austefjorden kjøpte ho for 2 800 kr. Kyrkja vart henta i april 1879. Samstundes vart ho restaurert og stod ferdig på Fyrde i november same året[1]. Mykje inventar følgde med kyrkja frå Nes, men etter kvart er det meste bytta ut. Kyrkjeklokka var ny og er frå 1879. Kyrkja fekk sitt fyrste orgel i 1909, men det vart skifta ut i 1954. Altartavla er måla i 1908 av kunstmålar ? Sjøholm. Kyrkja har vore vølt mange gonger [2].

Bilde frå Austefjord kyrkje

Kjelder

  1. Høidal, Eldar. 2007. Busetnadssoga for Volda bd 3, s. 187.
  2. Ørstavik, Ragnar. 1972. Austefjord kapell.

Eksterne lenker


Ekset, Møre og Romsdal - Riksantikvaren-T314 01 0069.jpg Austefjord kyrkje er ein del av prosjektet Kulturminneregistrering i Volda og er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Artiklar i Kjeldearkivet skal ikkje endrast, bortsett frå at lenkjer kan leggjast inn.
Fleire artiklar finn du i denne alfabetiske oversikten og på prosjektforsida.

Koordinater: 62.061783° N 6.325698° Ø