Austefjord kyrkje

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 26. jan. 2016 kl. 10:04 av Cnyborg (samtale | bidrag) ({{nn}})
Hopp til navigering Hopp til søk
Oversyn over Fyrde (Austefjorden) med Austefjord kyrkje i framgrunnen 1963
Foto: Widerøe's Flyveselskap

Austefjord kyrkje er ei langkyrkjeFyrde i Austefjorden, Volda kommune i Møre og Romsdal fylke. Kyrkjebygget er i treverk (tømmer) og opphavleg bygd i 1773. Arkitekt var ? Lien. Kyrkja har 150 sitjeplassar. Det er kyrkjegard ved kyrkja.

Austefjordkyrkja stod opphavleg som Nes kyrkje i Bjugn prestegjeld. Bygdefolket i Austefjorden kjøpte ho for 2 800 kr. Kyrkja vart henta i april 1879. Samstundes vart ho restaurert og stod ferdig på Fyrde i november same året [1]. Mykje inventar følgde med kyrkja frå Nes, men etter kvart er det meste bytta ut. Kyrkjeklokka var ny og er frå 1879. Kyrkja fekk sitt fyrste orgel i 1909, men det vart skifta ut i 1954. Altartavla er måla i 1908 av kunstmålar ? Sjøholm. Kyrkja har vore vølt mange gonger [2].

Bilde frå Austefjord kyrkje

Kjelder

  1. Høidal, Eldar. 2007. Busetnadssoga for Volda bd 3, s. 187.
  2. Ørstavik, Ragnar. 1972. Austefjord kapell.

Eksterne lenker

Koordinater: 62.061783° N 6.325698° Ø