Austefjorden (Volda): Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
m (Teksterstatting – «[[Kategori: » til «[[Kategori:»)
 
(49 mellomliggende versjoner av 7 brukere er ikke vist)
Linje 1: Linje 1:
'''[[Austefjorden (Volda)|Austefjorden]]''' er både nemninga på inste delen av [[Voldsfjorden]] (innafor [[Furneset]] etter kartet) og eit bygdelag i Volda kommune. Bygdelaget består iflg. den nye [[Voldasoga|Busetnadssoga]] av dei mindre grendene / skulekrinsane [[Follabygda]] (Håvik krins), Fyrde, Kalvassbygda ([[Kalvatn]]) og [[Årset]]. Fyrde er sentrum i bygdelaget m.a. med [[Austefjord kyrkje]].
{{thumb|Austefjorden_vestover_fra_Gjersdalshornet.jpg|Austefjorden vestover frå Gjersdalshornet.|Oddvar Høydalsvik|2007}}
<onlyinclude>{{thumb|Strom utsnittAustefjorden.gif|[[Hans Strøm]]: Kart over Austefjorden 1762.}}
'''[[Austefjorden (Volda)|Austefjorden]]''' er både nemninga på inste delen av [[Voldsfjorden]] innafor [[Furneset]] og eit bygdelag i [[Volda kommune]]. Bygdelaget består ifølge den nye [[Voldasoga|Busetnadssoga]] av dei mindre grendene / skulekrinsane [[Follabygda]], Fyrde, Kalvassbygda ([[Kalvatn]]) og [[Årset]]. Fyrde er sentrum i bygdelaget mellom anna med [[Austefjord kyrkje]], [[Austefjord skule]] og [[Austefjord Museum]], i eige bygg ved skulen. </onlyinclude>


===Litteratur===
<onlyinclude>Tidlegare var dette eit halvemål-(alvemål)område og skal ein tru dei munnlege overleveringane var her frå gamalt ei tredeling: Austefjorden (Haustefjårinj), innom Furneset. Inste Austefjorden (Hinste Haustefjårinj), innom Årsetøya. Aller inste Austefjorden (Hallje hinste Haustefjårinj) går frå utløpet av «Mørevassdraget» som startar på Heggjadalen i Nordfjord der Møreelvane renn mot Møre og mot Osdalen, Kalvatn, Langvatn, Fyrde og endar i Pøyten/utløpet av Fyrdselva. </onlyinclude>
 
==Skule==
Krinsinndelinga frå om lag 1890 fortel om korleis ein praktisk ordna brukbar avstand til skule for borna. Det vart gjort litt endringar på dei tidlegare omgangsskulegrensene og skulane som fekk fast plassering rundt fjorden var desse (i same rekkefylgje som i [[Voldasoga|Busetnadssoga]] band III):
* [[Høydal skule]]: Høydalsnes til Vikestranda
* [[Løfoll skule]]: Håvik til Djuvik
* [[Kalvatn skule]]: Bueide, Hjellane, Osdal. Osdal hadde eiga ordning med heimeskule tre veker om vinteren fram til omlag 1950 grunna vanskeleg skuleveg
* [[Fyrde skule]]: Åslid, Langvatn til Fyrde. Då det kom veg rundt Fjørhammaren vart Geitvik lagt til Fyrde krins
* [[Årset skule]]: Geitvik til Hunnes
* [[Hjartå skule]]: (står på [[Volda Bygdetun]]) Hjorthaug til Humberset
 
Dagens skule (2010) er organisert slik at borna frå Hjartå skulekrins går på skule i Volda sentrum, resten av dei gamle skulekrinsane er samla i [[Austefjord skule]]. Borna frå [[Bjørke skule]] i [[Ørsta kommune]] går også på skule i Austefjorden.
 
==Busetnad og arbeid ==
Busetnaden har i hovedsak vore på gardar, småbruk og ein del plassar under bruka. For dei fleste familier gav  jordbruket for lite inntekt til familia, derfor var mennene oftast borte store deler av året for å skaffe inntekt i tillegg til gardsdrifta, i hovedsak fiske, fangst og anleggsarbeid. Langpendling, til dømes fleire år i gongen i Amerika rundt 1900 var ikke uvanleg.
 
<onlyinclude>Namn i området etter lagerplassar for tømmer (Timbreneset, Timbrebakken) og oppgangsager fortel om fleire hundre år med levering av trevirke. Elvane har vore brukt til å drive sager og kvernar. Ca. 1910 starta arbeidet med Kolfossen, fyrste småkraftverket, og 2010 er dei fleste elvane i bruk til energiproduksjon. </onlyinclude>
 
Frå 1880 har her vore ein god del småindustri. Frå nokre av desse har det vorte etablert bedrifter for produksjon av trevarer/møblar, singel og sand, betongvarer, betonganlegg og båtar. Her har og vore fleire entrepenørar som har sysselsett mange menneske i lange perioder.
 
==Samferdsel==
Samferdsel har gjenom alle tider vore tema: På fjorden har det vore brukt båt når fjorden var open, om vinteren var fjordisen et «meinbegse» sa dei gamle. Verhardt var det andre tider på året og: Å ro eller sigle for eitt nes i gongen, var uttrykk som vart brukt. Så var her ei tid det gjekk rutebåt og det kom etter kvart betre vegar. Rundt 1960, då bilen hadde vorte eit vanleg framkomstmiddel stod det eit skilt på Andaneset i Volda med omlag denne teksta: ''Austefjordvegen, sjå opp for: Isras, snøras, steinras (og tilføya for hand), takras''. Då er det ikkje å undrast på at lensmannen som ein gong på 1950-talet stoppa ein kar som ikkje var heilt edru fekk dette svaret på kvifor: ''«Eg vil gjerne sjå den mannen i augene som torer å køyre her edru»''. Vegane fekk ei kraftig oppdatering utover 1960- og 1970-talet og siste bygdene fekk vegutløysing. Men fonnene var der framleis. Fleire Austefjordingar har drive undervising i bilkøyring av sine på denne måten: ''«Eine auga skal du bruke til å sjå på vegen, den andre skal brukast til å fylgje med om noko lever oppom vegen»'', stort sett fonner i ei eller anna form. I 2009 var det oppstart på [[Kvivsvegen]] etter ca. 150 år med diskusjon, endeleg er akseptabel fonnsikring prioritert.
 
14. juni 2014 var det offisiell opning av ferdig stykke Grodås - Volda på E 39. Mange frammøtte ynskjer den skal vere til god nytte for distriktet og landet i lang tid framover. 
 
Pr. mai 2011 er ein i slutten av ei runde med ny namning av vegar i Volda kommune: Austefjordvegen har fått lov å behalde namnet sitt frå Volda til kryss i Fyrdsvikane, vidare til Grodås heiter det Kvivsvegen. Fyrdsvikane til Straumshamn har fått namn Høydalvegen.
 
For meir informasjon om Austefjordingane:
* [[Austefjord kyrkje]]
* [[Austefjord Museum]]
* [[Notlag i Austefjordområdet|Notlag i Austefjordområdet]]
* [[L/L Vik Båtbyggeri]]
* [[Kvivsvegen]]
* [[Drukningsulykka i Austefjorden 12. juni 1878]]
* [[Årsetøya]]
 
==Bilde frå Austefjorden==
<gallery>
Bilde:Holsvik notlag.jpg|Kart over indre del av Austefjorden
Bilde:Austefjorden (Volda) mot E fra Tua Folkestad.JPG|Austefjorden. 2009
Bilde:Furneset_(Volda)_mot_N.jpg|Furneset Aasen. 2005
Bilde:Reitane(Volda)_og_Hjorthaug_mot_N.jpg|Reitane Hjorthaug. 2005
Bilde:Aarsetoya (Volda) mot N.JPG|Aarsetøya. 2007
Bilde:Sunndal_(Volda)_og_Nesbygda_mot_E.JPG|Sundal Nesbygda. 2007
Bilde:Eidsnakken (Volda) mot E.JPG|Kalvatn. 2009
Bilde:Kalvatn_(Volda)_mot_SE.JPG|Kalvatn. 2009
Bilde:Kalvatn (Volda) mot A.JPG|Kalvatn. 2008
Bilde:Eidskyrkja_(Volda)_mot_S.JPG|Eidskyrkja. 2007
Bilde:Sundalsnipa (Volda) og Eidskyrkjene mot S.JPG|Sundalsnipa og Eidskyrkja. 2009
Bilde:Hamre_(Volda)_Aurstad_Aarset_mot_W.JPG|Hamre Aurstad Aarset. 2008
Bilde:Haavik_(Volda)_mot_SSE.JPG|Haavik. 2008
Bilde:Hoydal_(Volda)_mot_S.JPG|Hoydal. 2008
</gallery>
 
<googlemap version="0.9" lat="62.063859" lon="6.311302" type="map"></googlemap>
 
==Litteratur==
* ''Busetnadssoga for Volda. Band 3: Høydalen - Austefjorden - Hjartåbygda''. Volda kommune 2007.
* ''Busetnadssoga for Volda. Band 3: Høydalen - Austefjorden - Hjartåbygda''. Volda kommune 2007.


[[Kategori: Volda kommune]]
[[Kategori:Austefjorden (Volda)]]
[[Kategori:Fjorder]]
[[Kategori:Grender og bygdelag‎]]
[[Kategori:Volda kommune]]
[[Kategori:Austefjord Museumslag]]
{{F1}}
{{nn}}

Nåværende revisjon fra 19. nov. 2023 kl. 21:34

Austefjorden vestover frå Gjersdalshornet.
Foto: Oddvar Høydalsvik (2007).
Hans Strøm: Kart over Austefjorden 1762.

Austefjorden er både nemninga på inste delen av Voldsfjorden innafor Furneset og eit bygdelag i Volda kommune. Bygdelaget består ifølge den nye Busetnadssoga av dei mindre grendene / skulekrinsane Follabygda, Fyrde, Kalvassbygda (Kalvatn) og Årset. Fyrde er sentrum i bygdelaget mellom anna med Austefjord kyrkje, Austefjord skule og Austefjord Museum, i eige bygg ved skulen.

Tidlegare var dette eit halvemål-(alvemål)område og skal ein tru dei munnlege overleveringane var her frå gamalt ei tredeling: Austefjorden (Haustefjårinj), innom Furneset. Inste Austefjorden (Hinste Haustefjårinj), innom Årsetøya. Aller inste Austefjorden (Hallje hinste Haustefjårinj) går frå utløpet av «Mørevassdraget» som startar på Heggjadalen i Nordfjord der Møreelvane renn mot Møre og mot Osdalen, Kalvatn, Langvatn, Fyrde og endar i Pøyten/utløpet av Fyrdselva.

Skule

Krinsinndelinga frå om lag 1890 fortel om korleis ein praktisk ordna brukbar avstand til skule for borna. Det vart gjort litt endringar på dei tidlegare omgangsskulegrensene og skulane som fekk fast plassering rundt fjorden var desse (i same rekkefylgje som i Busetnadssoga band III):

Dagens skule (2010) er organisert slik at borna frå Hjartå skulekrins går på skule i Volda sentrum, resten av dei gamle skulekrinsane er samla i Austefjord skule. Borna frå Bjørke skule i Ørsta kommune går også på skule i Austefjorden.

Busetnad og arbeid

Busetnaden har i hovedsak vore på gardar, småbruk og ein del plassar under bruka. For dei fleste familier gav jordbruket for lite inntekt til familia, derfor var mennene oftast borte store deler av året for å skaffe inntekt i tillegg til gardsdrifta, i hovedsak fiske, fangst og anleggsarbeid. Langpendling, til dømes fleire år i gongen i Amerika rundt 1900 var ikke uvanleg.

Namn i området etter lagerplassar for tømmer (Timbreneset, Timbrebakken) og oppgangsager fortel om fleire hundre år med levering av trevirke. Elvane har vore brukt til å drive sager og kvernar. Ca. 1910 starta arbeidet med Kolfossen, fyrste småkraftverket, og 2010 er dei fleste elvane i bruk til energiproduksjon.

Frå 1880 har her vore ein god del småindustri. Frå nokre av desse har det vorte etablert bedrifter for produksjon av trevarer/møblar, singel og sand, betongvarer, betonganlegg og båtar. Her har og vore fleire entrepenørar som har sysselsett mange menneske i lange perioder.

Samferdsel

Samferdsel har gjenom alle tider vore tema: På fjorden har det vore brukt båt når fjorden var open, om vinteren var fjordisen et «meinbegse» sa dei gamle. Verhardt var det andre tider på året og: Å ro eller sigle for eitt nes i gongen, var uttrykk som vart brukt. Så var her ei tid det gjekk rutebåt og det kom etter kvart betre vegar. Rundt 1960, då bilen hadde vorte eit vanleg framkomstmiddel stod det eit skilt på Andaneset i Volda med omlag denne teksta: Austefjordvegen, sjå opp for: Isras, snøras, steinras (og tilføya for hand), takras. Då er det ikkje å undrast på at lensmannen som ein gong på 1950-talet stoppa ein kar som ikkje var heilt edru fekk dette svaret på kvifor: «Eg vil gjerne sjå den mannen i augene som torer å køyre her edru». Vegane fekk ei kraftig oppdatering utover 1960- og 1970-talet og siste bygdene fekk vegutløysing. Men fonnene var der framleis. Fleire Austefjordingar har drive undervising i bilkøyring av sine på denne måten: «Eine auga skal du bruke til å sjå på vegen, den andre skal brukast til å fylgje med om noko lever oppom vegen», stort sett fonner i ei eller anna form. I 2009 var det oppstart på Kvivsvegen etter ca. 150 år med diskusjon, endeleg er akseptabel fonnsikring prioritert.

14. juni 2014 var det offisiell opning av ferdig stykke Grodås - Volda på E 39. Mange frammøtte ynskjer den skal vere til god nytte for distriktet og landet i lang tid framover.

Pr. mai 2011 er ein i slutten av ei runde med ny namning av vegar i Volda kommune: Austefjordvegen har fått lov å behalde namnet sitt frå Volda til kryss i Fyrdsvikane, vidare til Grodås heiter det Kvivsvegen. Fyrdsvikane til Straumshamn har fått namn Høydalvegen.

For meir informasjon om Austefjordingane:

Bilde frå Austefjorden

<googlemap version="0.9" lat="62.063859" lon="6.311302" type="map"></googlemap>

Litteratur

  • Busetnadssoga for Volda. Band 3: Høydalen - Austefjorden - Hjartåbygda. Volda kommune 2007.