Austefjorden (Volda)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 14. aug. 2010 kl. 19:41 av Oddvar Høydalsvik (samtale | bidrag) (Prøver ei litt meir omfattande kortfatta tekst)
Hopp til navigering Hopp til søk
Hans Strøm: Kart over Austefjorden 1762.

Austefjorden er både nemninga på inste delen av Voldsfjorden (innafor Furneset etter kartet) og eit bygdelag i Volda kommune. Bygdelaget består ifølge den nye Busetnadssoga av dei mindre grendene / skulekrinsane Follabygda (Håvik krins), Fyrde, Kalvassbygda (Kalvatn) og Årset. Fyrde er sentrum i bygdelaget mellom anna med Austefjord kyrkje og Austefjord skule.

Tidlegare var dette eit halvemål-(alvemål)område og skal ein tru dei munnlege overleveringane var her frå gamalt ei tredeling: Austefjorden (Haustefjårinj), innom Furneset. Inste Austefjorden (Hinste Haustefjårinj), innom Årsetøya og aller inste Austefjorden (Hallje hinste Haustefjårinj), frå utløpet av "Mørevassdraget" i Pøyten/utløpet av Fyrdselva til grensebusetnad i Volda kommune, Bueide og Osdalen.

Busetnaden har i hovedsak vore på gardar, småbruk og ein del plassar under bruka. For dei fleste familier gav jordbruket for lite inntekt til familia, derfor var mennene oftast borte store deler av året for å skaffe inntekt i tillegg til gardsdrifta, i hovedsak fiske, fangst og anleggsarbeid. Langpendling, til dømes fleire år i gongen i Amerika rundt 1900 var ikke uvanleg.

Namn i området etter lagerplassar for tømmer og sager fortel om fleire hundre år med levering av trevirke. Elvane har vore brukt til å drive sager og kvernar. Ca. 1910 starta arbeidet med Kolfossen, fyrste småkraftverket, og 2010 er dei fleste elvane i bruk til energiproduksjon.

Frå 1880 har her vore ein god del småindustri. Frå nokre av desse har det vorte etablert bedrifter for produksjon av trevarer/møblar, singel og sand, betongvarer, betonganlegg og båtar. Her har og vore fleire entrepenørar som har sysselsett mange menneske i lange perioder.

For meir informasjon om Austefjordingane sin aktivitet:

Bilde frå Austefjorden

<googlemap version="0.9" lat="62.063859" lon="6.311302" type="map"></googlemap>

Litteratur

  • Busetnadssoga for Volda. Band 3: Høydalen - Austefjorden - Hjartåbygda. Volda kommune 2007.

Mal:Stubb