Austistog (Bykle gnr 14/7)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 13. mai 2020 kl. 06:33 av Cnyborg (samtale | bidrag) (Teksterstatting – «fylke = Aust-Agder» til «fylke = Agder»)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Austistog
Byklum 41.jpg
Frå Mosdøl mot bygdi. Næraste tunet er Austistog, der den nye stoga ser heilt ny ut. Det fortell oss at biletet må vera teke i 1987 eller 1988.
Foto: Tore K. Mosdøl
Alt. namn: Austistog Byklum
Rydda: omkr. 1650
Utskilt: 1665
Stad: Bykle (Kyrkjebygdi)
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 14
Bnr: 7
Type: Gardsbruk
Austistog 31.1.2006.
Foto: Aanund Olsnes

Austistog er i dag den vestlegaste av Byklumgardane i Bykle kommune, men denne plasseringa er ei fylgje av utskiftinga i 1906-07. Fyre denne tid hadde det lege lengst aust i fellestunet i Tuptine.

Etter det me kom til i bolken om den udela garden var det den yngste av dei tre sønene åt Åsmund Kjetilsson som var den fyrste oppsitjaren på dette bruket. Me set opp fødselsåret hans etter ei oppgåve i manntalet frå 1666.

  • Knut Åsmundsson Byklum, f ca 1601, d ca 1678
g (2.?) m Margit (?), n m.a. 1683, 1703. Born iallfall:
  • Tarjei, f ca 1632-38, g m Margit Øyulvsdtr. Sagneskar, sjå Utistog, bnr 2
  • (?) Gunnar, (ug?), n 1645, 1670, seinare lagnad ukj., sjå Vatnedalen, gnr 6
  • Torbjørn, n 1664, d ca 1711, g 1. m ukj., d ca 1660, g 2. m Margit Knutsdtr.(Vatnedalen ?), sjå Vatnedalen, gnr 6
  • Knut, f ca 1648, g m ukj, sjå nedanfor, jfr. Uppigard Hoslemo
  • dotter NN, g m Bjørgulv Knutsson (Rike ?)
  • dotter NN, g m Bjørgulv Sveinsson
  • dotter NN, g m em Bjørgulv Taraldsson (Viki ?)

Me veit ikkje visst kven kona var, men i koppskattelista frå 1645 står oppført «Knut og hans hustru», og sidan finn me to eller tre ektefødde søner og tre døtrer, og difor veit me sikkert at Knut var gift. Vidare veit me at han var død i 1678, men 5 år seinare dukkar det opp ei enke Margit jamsides Knut Knutsson på bruket. Me gjet på at dette har vore enka etter Knut Åsmundsson, men om dette er rett, har han truleg vore tvigift, ettersom Margit helst var ein god del yngre, ho livde framleis i 1703.

Knut Åsmundsson var eigar og brukar i Austistog, iallfall frå 1644 og til han døydde kring 1678. At han var borte då, veit me avdi sønene Tarjei og Knut det året hadde nokre eigedomspartar i Brottveit, som dei hadde ervt etter faren, til sals.

I same brevet som fortel at Knut Åsmundsson var død i 1678, finn me namna på to av sønene og dei tre versønene. Kvar dei tre siste budde, har me ikkje funne beinveges opplysningar om, men Bjørgulv Knutsson kan ha vore frå Rike (jfr. Valle IV, 165), medan Bjørgulv Taraldsson kan vera han som heldt til i Viki i 1678, men sidan kom til å hamne på Tveitan i Suldal (jfr. Valle IV, 270, jfr. Gamle Suldal, 224). Me kan ikkje prove at desse identifikasjonane stemmer, men i det minste må dei reknast for godt mogelege. Bjørgulv Sveinsson har me ikkje lukkast i å plassere.

Når det gjeld Gunnar og Torbjørn kan me ikkje vera hundre prosent sikre på at dei var sønene åt Knut Åsmundsson. Men dersom det er rett at dei var frå Byklum, slik me tykkjer det lisle me veit om dei tyder på, lyt dei ha vore hans. Gunnar er den mest usikre av dei, men Iallfall ser me at ein Gunnar Knutsson Byklum er oppført som eigar av halve Vatnedalen nokre år frå 1647 og frametter, og det er uråd å finne andre trulege opphav til han enn Knut Åsmundsson. Gunnar var ugift, og ettersom han ikkje budde i Vatnedalen, er det vel mest sannsynleg at han heldt til heime hjå faren. Etter 1651 har me ikkje funne han nemnd, så helst døydde han kring det leitet.

Torbjørn Knutsson åtte Vatnedalen ilag med Gunnar i 1651, men kom sidan til å overtaka heile garden. Han budde der iallfall frå 1664 og til han døydde i 1711. Han får nærare omtale i vatnedalsbolken.

Manntala frå 1660-åra tyder på at Tarjei var eldste sonen, og peikar også i retning av at han hadde skaffa seg hand om Uppistog fyre faren var klar til å lata Austistog ifrå seg. Når så Gunnar var ugift, og Torbjørn flutte åt Vatnedalen, vart det til at den yngste av brørne vart oppsitjar på heimebruket etter faren, det må ha vore kring 1678.

  • Knut Knutsson Byklum, f ca 1648, d 1721
g m ukj. Born, iallfall :
  • Svein, f ca 1677, g m ukj., sjå Hoslemo

Kven Knut var gift med, veit me ikkje. Det kunne ha lege nær å gjeta på at ho var frå Hoslemo, ettersom Knut tykkjest å ha hamna der etter 1710, men etter det som vart opplyst i eit vitnemål på bygdetinget i 1737, hadde han bytt til seg eigedomen i Hoslemo alt på 1660-talet, så han gifte seg ikkje dit. Helst hadde han budd der fyre han overtok heimebruket etter faren. Iallfall kvarv han frå Byklum etter 1710, og døydde i Hoslemo i 1721. Etterkomarane hans tykkjest ha halde til i Hoslemo, og er difor nærare omtala der.

Inntil kring 1710 var Knut Knutsson altså oppsitjar her. Han åtte delar av bruket, men ikkje heile, og me vil helst tru at det hadde gått ut partar til medervingar i samband med skiftet etter faren i 1678, og at Knut ikkje hadde vore kar til å løyse dei ut. Vallesoga fortel at Jon Torleivsson Berg i 1695 ervde 3 kalveskinn i Byklum etter foreldra sine, som heitte Torleiv Tarjeisson Dale og Gunvor Tallaksdotter. Korleis det heng i hop at desse hadde fått tak i eigedom i Byklum, har me ikkje funne ut, men tydelegvis hadde dei då det. Men iallfall var det brorsonen, Tarjei Folkesson heitte han, som kom til å bruke denne parten. Nokre år seinare, det var i 1701, sette Jon Torleivsson sak mot Tarjei, og kravde å få overtaka bruken av dei 3 skinna sine. Denne saka enda med eit forlik som gjekk ut på at Tarjei og bror hans, som også heitte Jon, skulle få behalde eigedomen i Byklum, men til vederlag måtte dei avgjeva nokre partar dei åtte i Dale (jfr. Valle VI, 35f). Dei budde her båe to, fyrst som sambrukarar på dei 3 skinna, sidan - frå 1712, tykkjest dei å ha hatt kvar sitt bruk. Jon ser då ut til å ha overteke parten åt Knut Knutsson, då denne flutte til Hoslemo. Tarjei bruka vel dei tre skinna til han døydde i 1717.

  • Tarjei Folkesson Dale, f ca 1645, d 1717
g m ukj. Born, iallfall
  • Folke, f ca 1683, g ca 1712 m Asgjerd Auversdtr. Holen, sjå Myri Holen, bnr 1
  • Hallvard, g m Anne, d fyre 1711, n 1716, sjå Uppistog, bnr 5
  • Anne, g m Olav Niklosson Stavenes, sjå Nordstog Stavenes, gnr 16 bnr 2
  • Ingebjørg, g m Orm Jonsson Viki, sjå Valle IV, 284

Kva kona åt Tarjei heitte har me ikkje funne nokonstad skrive, men ei innførsle i tingboka frå 1727 at Hallvard Tarjeisson i Uppistog, Folke Tarjeisson i Holen, Ingebjørg Tarjeisdotter, gift med Jon Ormson i Viki, og Anne Tarjeisdotter, gift med Olav Niklosson i Nordstog Stavenes, var borna hennes.

Som nemnt overtok Jon Folkesson som oppsitjar på parten åt Knut Knutsson etter at denne flutte ifrå. Jon budde nok i Byklum like lenge som broren, men er ikkje oppførd i skattelistene fyrr i 1712. Siste venda me ser namnet hans her er i ei skatteliste frå 1719.

  • Jon Folkesson Dale, f ca 1658, n 1719, ug? Ikkje kjent familie.

Me har ikkje sett nemnt noko om at Jon var gift eller hadde born.

Då Tarjei Folkesson døydde i 1717, hadde eldstesonen, Folke, budd i Holen kring 5 år, og der vart han verande. Ny oppsitjar her vart Dreng Torbjørnsson. Me meiner at han var son åt Torbjørn Knutsson Vatnedalen. Grunnen til dette er for det fyrste at han er den einaste Torbjørn-en me veit om, som kan vera aktuell, og for det andre at me meiner at Torbjørn var frå Byklum. Så langt det siste er rett, vil Dreng falle godt på plass i odelslina på garden, og hadde han ikkje vore av odelslina, er det vanskeleg å skjøne korleis han kunne få hand om Austistog. I ei liste over «det unge Mandkiøn» frå 1712 står det at Dreng det året var i teneste hjå Ånund Stavenes, men i militærmanntalet frå 1718 er han oppskriven som oppsitjar i Byklum. Vidare heiter det at han var 26 år (i røynda var han helst godt og vel 30), ugift og ikkje hadde gjort militærteneste. Det siste var kanskje avdi han, slik det nemnde manntalet også opplyser, hadde «Skade i Fødderne». Året etter at dette vart skrive, gifte han seg.

  • Dreng Torbjørnsson Vatnedalen, f ca 1685(?), d Sagneskar 1765
g 1. 1719 m Gunvor Hallvardsdtr. Byklum, f ca 1701, d 1721. Ikkje born.
g 2. 1731 m e. Margit Sigurdsdtr. Sagneskar, f ca 1695, d 1765. Born:
  • Gunvor, f 1732, g 1762 m Olav Hallvardsson Myrum (e.), sjå Valle V, 295
  • Ingrid, f 1734, d 1789, ug
  • Ragnhild, f 1737, g 1773 m Tarjei Danielsson Sagneskar, sjå Valle II, 503
  • Åsmund, f 1740, d 1742
  • Åsmund, f 1743, g 1771 m Anne Folkesdtr. Kveste, sjå Valle III, 501

Gunvor var frå Uppistog. Foreldra hennes heitte Hallvard Tarjeisson og Anne Olavsdotter. Hallvard var son åt Tarjei Folkesson Dale, som er omtala her ovanfor, medan Anne var dotter åt Olav Gunnarsson Nesland. Ei yngre syster av Gunvor heitte Tone, og ho kom til å verta sitjande med Uppistog.

Dette siste har samanheng med at Gunvor døydde 2 år etter brudlaupet, og at ho og Dreng ikkje hadde born. Kor lenge Dreng vart verande i Austistog etter at Gunvor var borte, veit me ikkje visst, men helst tok han ut fyre vinteren 1725, for då ser me at det hadde kome ein ny oppsitjar på bruket.

Då Dreng i 1731 gifte seg omatt med enka Margit Sigurdsdotter i Sagneskar, bnr 2, vart han oppskriven med adressa Bjones. Husmannen i Bjones på denne tid heitte Ånund Torbjørnsson, og det skulle ikkje vera overlag dristig å gjeta på at han var bror åt Dreng.

Margit Sigurdsdotter Sagneskar kom frå Rike, bnr 1 b. Far hennes heitte Sigurd Asbjørnsson Rike. Då ho gifte seg med Dreng var ho enke etter Åsmund Salmundsson Sagneskar. Ein legg merke til at eldste dotter åt Dreng og Margit heitte etter fyrste kona hans, medan sønene vart kalla opp etter fyrste mannen hennes (jfr Valle IV, 500).

Me nemnde at her kom nye folk på bruket i 1725. Mannen i denne familien hadde visst inga tilknyting til Byklum, og me nemner difor kona fyrst.

  • Margit Tallaksdotter (Dale?), f ca 1703, d 1749
g 1724 m Torleiv Asbjørnsson Røysland, d 1763, inga aldersoppgv. Born:
  • Margit f 1757, jfr. Mo bygdebok II, 505f
  • Tore (e.), f 1732, n 1752, ug då, seinare lagnad ukj.
  • Targjerd, f 1737, d 1776, vanfør, ug
  • Sigrid, f 1739, g 1765 m Halvor Halvorsson Ivarflaten, Lårdal, sidan busett m.a. Tjøstovflaten og Klokkarkosi, Skafså, jfr. Mo bygdebok II, 526
  • Tallak, f 1742, g 1. 1768 m Gunvor Niklosdtr. Stavenes, g 2. 1783 m Ragnhild Taraldsdtr. Mosdøl, sjå nedanfor
  • Åsmund, f 1745, g 1770 m Åsne Asbjørnsdtr. Stavenes, sjå Systog Stavenes, bnr 2
  • Tore (y.), f 1747, n 1767, ug då, seinare lagnad ukj.
  • Gro, f ca 1735, g 1763 m Torleiv Tarjeisson Lauvkvålen under Espetveit, Høydalsmo, sidan busett m.a Raudækre, Høydalsmo og Åsen, Høydalsmo, born:

Torleiv Asbjørnsson var frå Utigard Røysland, og son åt Asbjørn Torsson og kona, Gunhild Vetlesdotter (jfr. Valle VI, 511).

Me er ikkje heilt sikre på kvar Margit Tallaksdotter stamma frå, men etter Vallesoga var ho helst dotter åt Tallak Torleivsson i Nordstog Dale og kona, Gyro Åsmundsdotter. Dersom dette er rett, kan det vera forklaringa på korleis Margit og familien hennes fekk eigedom i Byklum, ettersom Tallak Torleivsson var frå Heimigard Berg, og bror åt ovanomtala Jon Torleivsson (Valle VI, 35), han som i si tid hadde ervt den parten Tarjei og Jon Folkessøner sat med frå 1696. Margit kan då ha fått odel gjennom desse.

Som det går fram ovanfor, hamna tre av døtrene på husmannsplassar i Lårdal og Skafså. Det me har kunna melde om desse har me fått vita hjå bygdebokforfattaren Tarjei Førstøyl i Høydalsmo.

Som ein ser ovanfor døydde Margit i 1749. Då skiftet etter henne vart slutta 3 år seinare, skreiv sorenskrivaren i protokollen sin at «Faderen bliver Formynder for alle sine Børn, hvilket han vel kan betroes efterdi de ingen Arv bekommer». Torleiv hadde rett nok odels- og åsætesrett til bruket, men det var pantsett for meir enn det var verd til Eivind Olavsson Stavenes og Torleiv Drengsson i Torsbu. Eivind hadde pant i dei 7 skinna som Torleiv Asbjørnsson framleis bruka, medan Torleiv Drengsson hadde overteke bruken av dei 3 skinna han hadde pant i, avdi «han haver betalet Tallev Asbjørnsens Gjeld til Christopher og Jens Bjaaland [i Laardal] i Telemarken», står det. Konklusjonen vart at «Saaledes er Boet ikke det ringeste eiende af de 10 Kalveskind i Byklum, og beløper sig alleene til Løsøren, der er vurderet til 16 Rd».

Av ein eller annan grunn er Torleiv og Margit og borna deira i den gamle gards- og ættesoga (s. 131f) oppførde som busette på tomta Bergly under Gjerden, gnr 15, bnr 97. I avsnittet om dei der les me at «denne familien budde i Byklum, men dei åtte ikkje gard der».

Som me har sett gjorde dei likevel det, men det kan kanskje oppfattast som problematisk at Torleiv kunne ha odel til 10 skinn i 1749, brørne frå Dale hadde snautt så mykje. Men så lyt ein koma i hug at 20 års eigarskap gav eigen odel, og forklaringa må vel vera at Torleiv og Margit hadde lånt pengar og kaupt innåt dei partane av bruket som skyldfolka hennes ikkje hadde sete med, og at dette då må ha vore minst 20 år fyre 1749.

I 1759 tykkjest stoda til Torleiv Asbjørnsson å ha vorte endå kleinare enn 10 år tidlegare. Han møtte då fram på bygdetinget for å skaffe seg vitnemål om kor fatig han var, og søkje om løyve til å fara ikring og beda seg. Ikkje nok med at han hadde mange born, og eitt av dei jamvel vanført, men han hadde også fått øydelagt mykje av jordet sitt av ein flaum, sa han, og hadde vorte aldeles nedsukken i gjeld. Han åtte ingen part i garden som kunne avhendast, og såg seg nå ikkje anna råd enn å fara kringom og «ansøge Christne Gemytter om Almisser i hans trængende Tilstand, i Fald den høie Øvrighed ham samme vilde tillade». Han fekk det vitnemålet han bad om, og på neste ting fekk han også det omsøkte løyvet til å tiggje.

Trass i alt dette vart det til at eldstesonen fekk verta neste oppsitjar. Han leigde bruket av kreditorane, men odels- og åsætesretten sin hadde han framleis.

  • Tallak Torleivsson Byklum, f 1742, d 1789
g 1. 1766 m Gunvor Niklosdtr. Stavenes, f 1736, d 1775. Born:
  • Margit, f 1769, g 1793 m Gjermund Gunsteinsson Stavenes, sjå Uppistog, bnr 5
  • Tarjei, f 1772, d 1775
  • Gunvor, f 1775, d 1775
g 2. 1783 m Ragnhild Taraldsdtr. Mosdøl, f 1756, g 2. 1794 m Kjetil H. Stavenes, sjå nedanfor. Born:
  • Torleiv, f 1783, d 1803, vanfør, ug
  • Ånund, f 1787, g 1807 m Anne Sigurdsdtr. Mosdøl, sjå Uppistog, bnr 5
  • Jorunn, f 1788, d 1788

Gunvor, fyrste kona åt Tallak, kom frå Nordstog Stavenes, bnr 2. Foreldra var Niklos Såvesson på det bruket og kona, Anne Tarjeisdotter, fødd Trydal. Ragnhild, andre kona, var frå Evre Mosdøl, bnr 3, og dotter åt Tarald Olavsson på det bruket.

Då skiftet etter Tallak vart slutta i 1791, vart eigedomsretten til bruket kløyvd i ei rekkje mindre partar. Kaupmannen Peder Mørck i Kristiansand fekk 3 3/4 kalveskinn, kongens kasse 1 skinn (for uteståande skatt), Ånund Hallvardsson Tveiten 1 1/2 skinn, Olav Taraldsson Mosdøl 3 skinn, Margit Tallaksdotter 1/4 skinn og enka Ragnhild Taraldsdotter 1/2 skinn.

Ragnhild vart buande. Me veit at ho var her i 1793, og truleg var ho også her etter at ho i mai 1794 gifte seg omatt med soldaten Kjetil Hallvardsson Stavenes. Saman med dottera åtte ho 3/4 skinn, og ho bruka nok også dei 3 skinna som høyrde til broren i Mosdøl.

  • Ragnhild Taraldsdotter Byklum, f 1760, d 1796
g 1794 m Kjetil Hallvardsson Stavenes, f 1756, d 1796. Born:
  • Tallak, f 1794, d 1794

Kjetil var son åt Hallvard Såvesson på Teigen Stavenes og kona, Åse Knutsdotter, fødd Vatnedalen.

Ragnhild døypte sonen Tallak same dagen som ho gifte seg med Kjetil. Som skikken var, gav ho sonen døypenamnet åt den fyrste mannen sin, men som det går fram ovanfor døydde han fyre han fylte året, medan både Ragnhild og Kjetil døydde eit par år seinare. Dei vart gravlagde same dagen.

Straks etter skiftesluttinga i 1791 kaupte Dreng Torleivsson i Innistog partane av Peder Mørck og kongen. Så snart dette var i orden bytte han bort dei 4 3/4 skinna han hadde skaffa seg til Torleiv Åsmundsson Gjerden mot 6 skinn i Ryningen. Torleiv Åsmundsson på si side bytte med det same dei 4 3/4 skinna sine bort til broren, Bjørgulv Åsmundsson, mot 6 skinn i Gjerden.

Denne innvikla handelen sto som nemnt med det same etter skiftesamlinga i 1791. Bjørgulv Åsmundsson kaupte også dei 3 skinna som Olav T. Mosdøl hadde fått tak i, men nett kva tid det gjekk fyre seg veit me ikkje, bortsett frå at det må ha vore ein gong på 1790-talet, og helst etter at Ragnhild og Kjetil var døde i 1796. Inntil då reknar me med at Bjørgulv var sambrukar med dei.

Foreldra åt Bjørgulv og Torleiv var Åsmund Bjørgulvson Gjerden og kona Margit Olavsdotter, fødd Byklum. Desse budde i Attistog Gjerden, og er omtala der.

  • Bjørgulv Åsmundsson Gjerden, f 1762, d 1829
g 1790 m Gunhild Jonsdtr. Dale, f 1764, d 1834. Born:
  • Ingjerd, f 1792, g 1. 1810 m Knut Mikkelsson Rygnestad, g 2. 1813 m Torleiv Folkesson Løyland, sjå Valle III, 633
  • Gunhild, f 1798, g 1815 m Tarjei Oddsson Byklum, sjå Bratteland, jfr Attistog Gjerden.

Gunhild var frå Nordstog Dale. Foreldra hennes var ovanomtala Jon Torleivsson Dale og kona, Åse Bjørgulvsdotter, fødd Gjerden.

Då ho fekk reise seg att, tok ho av seg skoen og smelte til han i blesa med hælen. Teikning av Tove Krogh, 2005.

Åse att var syster åt Åsmund Bjørgulvsson, og dermed var Bjørgulv og Gunhild altså syskenborn. Kring midten av 1790-åra kom dei ut i så harde oter, at det snøgt kunne sett punktum for både samlivet og livet. Denne hendingsgangen er tidlegare handsama av Alfred Ryningen i Vallesoga (VI, 175 f) og av Knut Gjerden i Bykle kultursoge (1993, 335 ff). Han ligg elles også til grunn for mykje av handlinga i romanen Juvet av Olaf Benneche (1929).

Den 27. juni 1794 vart Gunnar Gunnulvsson Flateland funnen død i Stigahyl under Byklestigen. Han hadde eit sår i hovudet, det kunne sjå ut til at han var ihelslegen med kvass reiskap, og mange i Bykle var overtydde om at det måtte vera Gunhild i Austistog som hadde teke han av dage. Mistanken kunne oppfattast som nokså nærliggjande, for den 25. mai hadde dei to vore dugeleg i krangel i brudlaupet åt enka Anne Gjermundsdotter i Torsbu og Torstein Nilsson Ørnefjødd, og Gunnar kom aldri heim frå det brudlaupet. Utpå gjestebodsnatta hadde Gunnar skjelt Gunhild ut og kalla henne hore, og ho hadde vorte så sinna at ho hadde trive eit hoggvåpen. Dette vart teke ifrå henne av andre brudlaupsgjester, og Gunnar hadde så teke henne i hårfletta og bøygd henne i golvet. Då ho fekk reise seg att, tok ho av seg skoen, og smelte til han i blesa med hælen.

Dette var det fleire vitne på. Gunhild sjølv sa at ho hadde vore så full at ho ikkje hugsa større av det som hadde hendt. Gunnar hadde overnatta på Byklum etter brudlaupet, og dagen etter hadde han treft Gunhild, og etter kva han hadde fortalt andre på garden fyre han reiste, hadde dei då vorte vener att, og avtala å møtast på Bykilsmoen dagen etter. Gunhild vedgjekk å ha rødt med Gunnar om morgonen, men ville ikkje vera ved at ho hadde avtala noko møte med han.

Så gjekk det ein månads tid innan liket vart funne i Stigahyl. Nokre dagar etter dette att rømde Gunhild vestover til Hardanger, og heldt seg der ei tid, men vende så heimatt, visstnok etter råd frå ein prest der. Då ho kom til Valle, vart ho putta i lensmannsarresten i påvente av rettssak. Røminga forklara ho etterpå med at ho hadde vore redd for å verta mistenkt og straffa, om ho var aldri så uskuldig.

Saka kom for retten 16.2. 1795, og fleire vitne teikna då eit nokså skummelt bilete av den mistenkte. Verst var kanskje provet frå Tarjei Olsson Berg, syskenbarnet åt den avlidne. I fylgje han hadde Gunnar og Gunhild hatt eit forhold, både fyre og etter at ho gifte seg med Bjørgulv, og Gunnar hadde vilja gifte seg med henne. Gunnar hadde au fortalt Tarjei at dei hadde hatt planar om å taka livet av Bjørgulv, og at han jamvel hadde skaffa seg ei flaske med gift frå apoteket i Stavanger med dette for auga.

Drapsplanen vart ikkje gjennomførd, ettersom Gunnar trekte seg, då det bar i herdinga. Vidare var det eit vitne som meinte å vita at Gunhild hadde teke livet av eit barn ho hadde fått i løynd fyre ho gifte seg, og at Gunnar skulle vera faren. I eit tredje vitneprov vart det hevda at Bjørgulv ei tid fyre dødsfallet hadde lånt ei øks, og at denne øksa var blodut, då han leverte henne attende. Blodet sat så fast at det aldri let seg slipe bort, heitte det.

I det heile kunne det etter vitneavhøyra sjå stygt ut for Gunhild, om det enn var smått med handfaste prov, og jamvel om ho sjølv nekta aldri så hugheilt. Men det skulle likevel gå tolleg bra for henne. På bygdetinget vart ho rett nok dømd, men berre for slagsmål, freistnad på farleg bruk av handyvle og heilagbrot. Den samla bota for desse brota var snaue 18 riksdalar. Gunnar hadde nok helst omkome ved eit hendeleg uhell, meinte sorenskrivaren. Saka vart anka vidare til stiftsoverretten. Der vart ho frikjend på det vilkåret at ho skulle avleggje eid på at ho var uskuldig, men det nekta ho. Men då saka kom opp i høgsterett i København uti 1796 vart det likevel full frikjenning.

Me skal her skjote inn at det etter 1736 var automatisk anke heilt til topps i rettssystemet i såkalla livssaker, det vil seia saker der den tiltala kunne risikere dødsdom. Året etter at Gunhild Jonsdotter var frikjend for drapet på Gunnar Flateland, tok Bjørgulv, mannen hennes, livet av Torleiv, bror sin. Også Bjørgulv vart frikjend i høgsterett, det var i mars 1798, jamvel om tiltala i hans tilfelle tykkjest å ha stått sterkare enn i saka mot Gunhild. Ein kan lesa meir om saka mot Bjørgulv i bolken om Attistog Gjerden, der Torleiv budde.

Ovanfor var me inne på at me meiner at Bjørgulv Åsmundsson hadde kaupt dei 3 kalveskinna som Olav T. Mosdøl hadde ått i bruket her. Grunnen til dette er at Bjørgulv i 1800 var eigar av 8 skinn, dvs. 3 meir enn me veit han hadde kaupt i 1791. Dertil sat Bjørgulv i 1800 med Attistog Gjerden, som han hadde ervt etter broren som fylgje av frifinningsdomen i 1798.

Med ein omstridd frikjenningsdom kvar attom seg, tykte nok Gunhild og Bjørgulv at dei hadde vore lenge nok i Bykle. Iallfall ser me at dei i 1800 bytte bort dei 8 skinna sine i Byklum til Odd Tarjeisson Røysland, mot 13 1/2 kalveskinn i Røysland, det var Heimigard, bnr 1. Dei pengane som trongst til mellomlag for bruket i Røysland, skaffa dei seg med å selje Attistog til ungkaren Åvold Jonsson Nesland.

Åsmund og Gunhild flutte då til Heimigard Røysland, og sidan vidare til Nordigard Nomeland (Valle) (jfr. Valle VI, 522 og III, 632), medan Odd vart neste oppsitjar her.

Han var son åt Tarjei Tarjeisson på Heimigard Røysland og kona, Gyro Åsmundsdotter, fødd Løyland.

Dette biletet av Austistog er teke kring 1910, altså fyre tunflytjinga i 1923-25. Oppetter bakkane ser me korn på staur. Om nokre av husa på det gamle tunet var bygde av Odd Tarjeisson, er usikkert, men han var iallfall ein som hadde pengar til det.
  • Odd Tarjeisson Røysland, f 1759, d 1839
g 1. m Birgit Olavsdtr. Bratteland, f ca 1758, d 1826. Born:
  • Tarjei, f 1789, g 1815 m Gunhild Bjørgulvsdtr Nomeland, sjå Bratteland, jfr. nedanfor
  • Ingebjørg, f 1791, g 1815 m Kjetil Åsmundson Rygnestad, sjå Valle VI, 304
  • Gyro, f 1793, g 1816 m Knut Knutsson Hoslemo, sjå Uppigard Hoslemo, gnr 4, bnr 2
  • Olav, f 1796, d 1821, ug
  • Pål, f 1799, g 1824 m Kristi Ånundsdtr. Trydal, sjå nedanfor
g 2 1829 m Jorunn Knutsdtr. Berdalen, f 1796, d 1868. Born:

Birgit, fyrste kona åt Odd, kom frå Bratteland. Foreldra hennes var Olav Larsson på den garden og kona, Ingebjørg Mikkelsdotter, fødd Mosdøl. Jorunn, kone nummer 2, var dotter åt Knut Asbjørnsson Stavenes og kona, Ingebjørg Pålsdotter. Desse er nemnde under Utistog, medan hovudomtalen av dei står i bolken om Berdalen Der nede.

Odd er nemnd berre ein gong i Gamalt or Sætesdal (II, 99). Om denne passasjen er representativ, har han truleg vore vrien i rødene.

Hallvor Heddi vranta Odd Byklum so fælt eingong dei møttest.

«Gu dagjen, Nebb», sa Hallvor.
«Eg heiter 'kji Nebb, eg heiter Odd», sa hin.
«Eg visste det va eikvór kvòst, anter de va syl ell de va odd», sa Hallvor.

Odd slo røda ut på venleiken:

«De e synd å laste Guss skapningji, veit du; men me di hev 'an gjårt liti av de», sa han.

Då Odd Tarjeisson døydde i 1839, gjekk gardsbruket her til eldstesonen, Tarjei, som då budde i Attistog Gjerden. Tarjei sat med Austistog nokre år, men i 1844 selde han halvparten til Pål, den yngre bror sin, for 400 speciar, og i 1847 selde han den siste halvparten til Olav Torleivsson Bjørnarå for 600. Den parten Pål kaupte vart skyldsett som eit eige bruk, fekk bnr 8 og namnet Kultran. Olav T. Bjørnarå hadde året fyre også kaupt Bratteland av Ånund Mikkelsson, men tykkjest ikkje nokon gong ha budd på den garden.

Derimot var han nok busett her i Austistog eit par år, men flutte sidan til Gjerden, og endeleg til Utistog Stavenes, det var i 1851 eller 1852. På det sistnemnde bruket vart han verande, så han og familien hans er nærare omtala der.

Då Olav T. Bjørnarå kaupte Stavenes, selde han Bratteland til ovanomtala Tarjei Oddsson, som då selde Attistog til Hallvard Hallvardsson Ørnefjødd. Tarjei flutte til Bratteland, og er nærare omtala der, medan det me veit å melde om Hallvard står under Nordgarden Breive, der han seinare budde. Pål Oddsson, som hadde kaupt halve garden av broren i 1844, budde nok på Kultro med familien sin nokre år. Fyre dette hadde han budd 10 år i Gjerden Der inne, som han hadde kaupt hjå Olav Ånundsson Rike i 1835.

Etter at Olav Bjørnarå flutte ifrå tykkjest Pål å ha leigt halvparten hans. Om han då budde i Austistog eller på Kultro er noko uvisst, men me held ein knapp på at han heldt til på bruket her. Iallfall fekk han kaupe attende den uteståande halvparten i desember 1863. Av ein eller annan grunn vart det ved det høvet også skrive og tinglyst særskilt skøyte på Holti, som sidan vart bnr 12, endå me ikkje kan sjå at det budde nokon der fyrr langt seinare.

  • Pål Oddsson Byklum, f 1799, d 1880
g 1824 m Kristi Ånundsdtr. Trydal, f 1801, d 1866. Born:
  • Pål, f 1823, g 1849 m Gyro Folkesdtr. Trydal, sjå Hisdal
  • Odd, f 1825, g 1853 m Gro Pålsdotr. Skeidvollen, sjå nedanfor
  • Birgit (e.), f 1827, g 1849 m Torleiv Auverson Gjerden, sjå Nordstog Gjerden, gnr 15, bnr 2
  • Ånund, f 1830, d 1830
  • Ånund, f 1831, g 1855 m Jorunn Taraldsdtr. Mosdøl, sjå Kultran, bnr 8
  • Olav, f 1834, d 1844
  • Åsmund, f 1837, g 1865 m Jorunn Drengsdtr. Byklum, sjå Ryningen, gnr 11, bnr 4
  • Birgit, f 1840, d 1840
  • Asbjørn, f 1843, d 1843
  • Birgit (y.), f 1844, g 1867 m Gjermund Pålsson Rike, sjå Valle IV, 227

Kristi var frå Storstein Trydal, dotter åt Ånund Pålsson Stavenes på det bruket og kona, Birgit Såvesdotter, fødd Trydal.

Me var ovanfor inne på at Pål Oddsson kaupte att halve Austistog hjå Olav T. Bjørnarå i 1863. Same dagen overdrog han Kultran, den halvparten han sjølv hadde ått sidan 1844, til sonen Ånund, som frå då av vart sitjande der. Odd, den eldre broren, overtok det som var att av heimebruket etter delinga.

Det spring i augo at eigedomen vart dela mellom Ånund og Odd, medan Pål, som var den eldste, ikkje fekk noko, og difor kom til å verta husmann i Hisdal. Det er truleg at dette kom av at han var fødd fyre foreldra var gifte.

Det er ikkje tinglyst nokon heimelsovergang til Odd Pålsson, men han har nok overteke fyre 1865, for i 1865-folketeljinga er han oppskriven som gardbrukar og sjølveigar, medan faren vert nemnd som foddogsmann.

Innmed Holtebjørki sit Gro Pålsdotter Austistog Byklum (1825-1912) og barnebarnet hennar Gunhild Åsmundsdotter frå Tykkholt (1889-1914). A.B. Wilse tok biletet, kopierte det opp og selde det som prospektkort.
  • Odd Pålsson Byklum, f 1825, d 1911
g 1853 m Gro Pålsdtr. Skeidvollen, f 1835, d 1923. Born:
  • Pål, f 1854, d 1869
  • Olav, f 1857, d 1942, ug, sjå nedanfor
  • Åsmund, f 1858, d 1861
  • Pål, f 1860, d 1863
  • Gyro, f 1862, d fyre 1867 (?)
  • Åsmund, f 1865, d 1865
  • Dødfødt jente, 1866
  • Gyro, f 1867, g 1888 m Åsmund Torleivsson Trydal, sjå Tykkholt Der uppe, gnr 17, bnr 18
  • Pål, f 1869, d fyre 1871 (?)
  • Pål, f 1871, g 1. 1899 m Gro Arnesdtr. Byklum, g 2. 1901 m Birgit Jonsdtr. Hoslemo, sjå Holti, gnr 14, bnr 12, jfr nedanfor
  • Åsmund, tvill., f 1874, d 1874
  • Pål, tvill., f 1874, d 1874
  • Kristi, f 1875, d 1876
  • Åsmund, f 1877, d 1878
  • Kristi, f 1879, d 1880

Gro Pålsdotter hadde vakse opp på Skeidvollen under Prestegarden i Valle. Mor hennes var Gyro Åsmundsdotter Skeidvollen, faren var Pål Knutsson Rike.

Forutan Gro og Odd, borna deira og foreldra hans, ser me i folketeljinga frå 1865 at også yngstesyster åt Odd, Birgit, framleis budde heime. Ho gifte seg i 1867 med Gjermund Pålsson Rike, halvbror åt Gro (jfr. Valle IV, 227, 439).

Dertil var her ei tenestejente som heitte Ingebjørg Torleivsdotter. Ho var frå Nordstog Gjerden og dotter åt Torleiv Auversson Gjerden og fyrste kona, Birgit Pålsdotter. Ingebjørg vart sidan gift med Knut Pålsson Byklum i Kroné, og er nærare omtala i bolken om den verestaden.

Buskapen på bruket i 1865 var 2 hestar, 10 storfe, 7 sauer og 16 geiter. Dei sådde 1 1/2 tunne korn og sette 4 tunner jordeple. Ti år seinare var her 1 hest, 9 storfe, 12 sauer og 10 geiter. Sånaden i 1875 var 2 tunner bygg og 3 tunner jordeple.

Utan at me finn nokon tinglyst heimelsovergang ser det likevel ut til at Odd og Gro har teke foddog ein gong fyre 1891, og då skøytte bruket over på dei to sønene Olav og Pål i fellesskap. Dette sluttar me av at foreldra er oppførde som foddogsfolk i 1891-folketeljinga, av at Olav og Pål i 1894 saman selde 2 mål slåtte med rett til buveg på støylen Finnen til Arne Knutsson Byklum, og endeleg av at dei var saman om å låne pengar hjå Pål Pålsson Brokka i 1909.

Frå Pål Oddsson gifte seg i 1899 og nokre år frametter budde han nok saman med broren, men kring 1905 overtok han parsellen Holti som eit småbruk for seg, og sette i gang med å huse opp der. I 1912 vart dette bruket skyldsett til 10 øre og tildela bnr 12. Etter dette åtte Olav Austistog åleine.

  • Olav Oddsson Byklum, f 1857, d 1942, ug

Olav sat på garden til hausten 1914, då han let han gå på auksjon. Gjermund O. Hoslemo fekk då tilslaget for 4500 kr, og han og familien hans flutte hit våren etter. Han var son åt Olav Torleivsson i Nigard Hoslemo, og kona, Sigrid Gjermundsdotter, fødd Byklum.

Gjermund O. Hoslemo (1880-1962) er læraren på dette skulebiletet frå Nordbygdi frå 1931. Skuleborna er dei fylgjande: I attarste rekkje: Tarjei P. Ryningen, Knut T. Tveiten, Olav F. Nesland (y.), Olav G. Holen jr., Olav K. Bratteland, Ånund T. Tveiten . I midtrekkja: Borghild A. Bratteland, Ingebjørg A. Bratteland, Gunvor A. Nesland, Birgit A. Bratteland, Ingebjørg T. Holen (e.), Margit A. Bratteland. I fremste rekkja: Torbjørg P. Ryningen, Tora A. Bratteland, Gunvor P. Ryningen, Olav Lyngtveit, Olav T. Holen og Mikkel T. Holen.
Jorunn G. Hoslemo (1915-1996) og systera Torbjørg (f 1917). Mellom dei to jentungane står Tore O. Byklum (1864-1924). Utifrå alderen på Torbjørg og Jorunn på biletet lyt det vera teke kring 1923. Bilete kjem frå samlinga til Tore K. Mosdøl.
Dreng G. Hoslemo, f 1925. Truleg konfirmasjonsbilete frå ca 1940. Bilete kjem frå samlinga til Tore K. Mosdøl.
  • Gjermund Olavsson Hoslemo, f 1880, lærar, d 1962
g 1905 m Kristi Åsmundsdtr. Tveiten, f 1883, d 1962. Born:
  • Sigrid, , f 1906, d 1967, g 1935 m Torjus Bjugsson Åkre, sjå Valle IV, 442, 468
  • Olav, f 1909, d 1935, ug
  • Åsmund, f 1911, lærar, g 1951 m Torbjørg Bjørgulvsdtr. Stavenes, sjå nedanfor
  • Knut, f 1913, d 1998, møbeltapetserar, busett Larkollen, g m Else Løken, Moss, f 1919, born:
  • Jorunn, f 1915, fysioterapeut, d i Rygge 1996, g m Nichol Nesbakk, Nordfjord, ikkje born
  • Torbjørg, f 1917, husmor, busett Greåker, g 1954 m Willy Lemtun, Bærum, born:
  • Anne Lise Hoslemo, f 1943, busett Kolbotn, g m Eddie Berntsen, Lillestrøm
  • Torbjørn Lemtun, f 1955, busett Greåker, g m Hilde Haugli, Greåker
  • Angerd, f 1921, d 1985, miljøterapeut, busett Nesoddtangen, ug
  • Gunnstein, f 1923, ing., ei tid busett Oslo, sidan Skedsmo, g m Oddrun Berge, Valldal, f 1928, born:
  • Ann Kristin, f 1963, sb m Gjermund Haugen, Sauda
  • Dreng, f 1925, d 1974, gbr., busett Rosendal, g m Berit Ness
  • Ingebjørg, f 1930, teleoperatør, g 1. m Ole Alfredsen, Larkollen, g 2. Gunnar Steffensen, Oslo, ikkje born.

Kristi var frå Ryningen, dotter åt Åsmund Pålsson Byklum og kona, Jorunn Drengsdotter, fødd Byklum.

Gjermund hadde lærarutdanning frå seminaret på Notodden. Frå 1902 var han lærar i heimekommunen, og sto i stillinga til han gjekk av med pensjon i 1946. I 1905 gifte han seg, og han og familien hans budde i Berdalen Der Uppe til 1915. Då flutte dei som nemnt framanfor hit til Austistog, som Gjermund hadde fått hand om året fyre. Her bygde dei nye hus, stogehus, løe, fjos og tadde i åra 1923-25. Tunstaden vart då flytt.

Olav G. Holen jr. hadde han til lærar på 1930-talet, og fortel mellom anna fylgjande (Holen III, 40):

Gjermund gjekk inn for oppgåva si, og arbeidde godt med oss, [...] han var rettferdig imot alle, men sette villstyringane på plass [...].

Etter det Bjørgulv Hovden har fortalt, laut dei stundom stå og halde ei vedskie over hovudet med strake armar, lenge.

Attåt gardsdrifta og lærararbeidet var Gjermund også samfunnsengasjert, og gjorde teneste som ordførar i bygda i periodane 1917-19 og 1929-37, og atter eit tak i 1945.

Gunstein Gjermundsson, som var busett i Oslo, tykkjest ha vanka i politiske krinsar. Iallfall er han nemnd i dagboka åt Jens Haugland (Haugland, Jens: Dagbok frå kongens råd, 1986, 14):

[...] Då eg vart justisminister, spurde byklaren Gunstein Hoslemo meg om det ikkje var ein hard jobb. Eg svara at det var verre å vera advokat i Kristiansand. «Ja, det er rimeleg at det er hardt å sitje å spekulere på djevelskap heile dagen», sa Gunstein. Det viser korleis ein oppfattar advokatar.

Eldstesonen, som tilliks med faren var lærar, overtok gardsbruket i 1952, men skøyte vart fyrst skrive 5 år seinare. Ein kan elles notere seg at dei utflutte syskena har kalla seg Haslemo, medan eldstesonen heldt fast på den tradisjonelle skrivemåten.

Torbjørg og Åsmund Hoslemo i 1952, bilete frå Ingebjørg K. Byklum.
Storskulen i Kyrkjebygdi 1962-63. Attare rekkja frå venstre: Lærar Åsmund Hoslemo. Magne Berdalen, Åge Vatnedalen, Olav K. Mosdøl, Ånund O. Skarberg, Folke B. Nesland, Jørgen Dierenböck. Midtrekkja: Gunvald H. Mosdøl, Britt D. Trydal, Randi Paulsen, Ingebjørg Haugebakk, Ingrid K. Trydal (Grasbrokke), Torgeir Ryningen. Frammare rekkja: Torjus J. Trydal, Ingvald Vatnedalen, Knut K. Bratteland, Olav B. Nesland. Bilete frå Tore K. Mosdøl.
Gjermund Åsmundsson Hoslemo (1958-1984), konfirmasjonsbilete 1973. Bilete frå Tore K. Mosdøl.
  • Åsmund Gjermundsson Hoslemo, f 1911, d 1993
g 1951 m Torbjørg Bjørgulvsdtr. Stavenes, f 1922, d 2003. Born:
  • Kristi, f 1952, d 1991, sjukepl., busett Oslo, ug
  • Jorunn, f 1953, g m Kjell Hagestad, f 1950, sjå nedanfor
  • dødfødd jente, 1955
  • Gjermund, f 1958, d 1984, journalist, busett Oslo, ug

Torbjørg kom frå Systog Stavenes. Foreldra hennes var Bjørgulv Knutsson på det bruket og kona, Jorunn Hallvardsdotter, fødd Mosdøl.

Fyre han flutte heimatt til Bykle i 1951 hadde Åsmund vore lærar i Grungedal i Vinje i fleire år. Ved sidan av læraryrket var han aktiv gardbrukar, og sette opp ny uthusbygning med det same han overtok i 1952. I dette huset vart det eit par år seinare registrert hest, 4 kyr, 2 kalvar, 22 sauer, 2 griser og 14 høner. Åsmund var også religiøst engasjert og aktiv i misjonssambandet.

Jorunn Åsmundsdotter fekk skøyte på eigedomen hjå faren i 1986. Ho og familien hennes bur her i dag.

  • Jorunn Åsmundsdotter Hoslemo Hagestad, f 1953
g 1978 m Kjell Hagestad, f 1950. Born:
  • Åsmund f 1979, driv service-firma, busett her
  • Torbjørg, f 1983
  • Gjermund, f 1985
  • Tor Arne, f 1988
  • Kristian, f 1992

Kjell Hagestad er frå Birkenes, og son åt Tora og Arne Hagestad i den bygda.

Jorunn og Kjell er båe lærarar på Bykle skule. Fyre dei kom til Bykle i 1986 hadde dei undervist i alt 8 år på Jæren og i Bygland. Ved sidan av læraryrket driv dei gardsbruket med 40 vinterfora sauer, og i 1998 renoverte dei fjoset frå 1989. I 1987 reiv dei huset frå 1923, og sette opp generasjonsbustad på same tufta. Dei flutte inn i 1988.


0941 Bykle komm.png Austistog (Bykle gnr 14/7) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Uppistog • Neste bolk: Lii

Koordinater: 59.3509243° N 7.3387715° Ø