Avaldsnes

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 20. mai 2008 kl. 12:26 av Frode (samtale | bidrag) (Ny side: ==Avaldsnes== '''Avaldsnes''' ligg i Karmøy kommune. Førstelekken i namnet blir vanlegvis sett i samanheng med mannsnamnet Augvald. Denne Augvald er ein av sagnkongane som skal ha budd p...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Avaldsnes

Avaldsnes ligg i Karmøy kommune. Førstelekken i namnet blir vanlegvis sett i samanheng med mannsnamnet Augvald. Denne Augvald er ein av sagnkongane som skal ha budd på neset. Karmsundet er trongt ved Avaldsnes, og kontroll over ferdselen langs hovudleia gav dei som sat her ein sterk maktstilling. Velstanden til Avaldsnes-herskarane i bronsealder og jernalder kom til uttrykk i ei rekkje høgstatusgraver. Innanfor eit lite område som omfattar prestegarden Avaldsnes og nokre av nabogardane, er det dokumentert elitegravleggjingar som knapt nokon annan stad i Skandinavia kan oppvisa maken til.

Bronsealder