Avisutklippsbok Strandli

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Døme frå den første utklippsboka.
Foto: Skanna av Arnfinn Kjelland 2017

Avisutklippsbok Strandli er eigentleg ei samling av __ slike utklippsbøker frå bustaden Strandli i Lesjaskog sentrum. Arbeidet med å klippe ut interessante avisinnslag og lime disse inn i bøkene ble utført av dei siste som budde fast i Strandli, Astrid Mølmen (1896-1988) og sonen Helge Mølmen (1917-1996).

Den eldste boka startar i 1951, og utklippsbøkene går fram til 1996. Dei er svært innhaldsrike. Det er i alle fall utklipp frå Gudbrandsdølen, Lillehammer Tilskuer, Dagningen (som etter kvart vart samanslegne), Åndalsnes Avis, Driva og Kyrkjebladet for Lesja. Familien har òg hatt tilgang til lause klipp, som er limt inn i ei eiga bok «Gamle utklipp» (seinare supplert med «Nye utklipp». I denne boka er mange klipp utan dato. Det eldste daterte er frå 1938, og det nyaste frå 1974. Ein del klipp i denne boka er òg frå under og rett etter krigen, m.a. om Gautsjøulykka, ein del hendingar i 1944 og landssvikoppgjeret.

Familien til Helge og Astrid har gitt loyve til at utklippsbøkene kan plasserast på biblioteket på Lesjaskog skule.

Referanse