Bø kommune (Telemark)

Fra lokalhistoriewiki.no
Revisjon per 22. apr. 2018 kl. 20:46 av Rool (Samtale | bidrag)
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
0821 Bo Telemark komm.png
Basisdata
Kommunenummer 0821
Fylke Telemark
Kommunesenter
Areal 263.11  km²
Areal land 259.73  km²
Areal vann 3.38  km²
Folketall 6 262 (2017)
Grunnlagt 1838
Målform Nynorsk
Nettside Nettside

Bø kommune ligg i Telemark, og har namn etter administrasjonssenteret, tettstaden . Kommunen grensar mot Notodden i nord, Sauherad i aust, Nome i sør samt Kviteseid og Seljord i vest.

Kommunen er med i regionrådet Midt-Telemarkrådet saman med Nome og Sauherad.

I samband med Kommunereformen 2014–2018 har Bø kommune inngått intensjonsavtale med Sauherad om samanslåing. 16. juni 2016 vedtok kommunestyret i Bø samanslåing med Sauherad. Den nye kommunen vil ha administrasjonsstad i Bø, og samanslåinga blir sannsynlegvis 1. januar 2020. Det nye namnet skal avgjeras etter ein namnekonkurranse der innbyggerne blir inviterte til å delta. Den nye kommunen vil få rundt 10 000 innbyggjarar og bli den 113. største i innbyggjartal (med dagens kommunar).

Bø er tradisjonelt ein landbrukskommune, men i seinare tid har óg handel og tjenesteyting vorte viktige næringsvegar. Høgskolen i Telemark - studiested Bø, med omkring 1600 studentar, sett eit kraftig preg på lokalsamfunnet.

Kommunevåpenet har tre feler i gull på raud bakgrunn. Dette viser til den sterke folkemusikktradisjonen i Bø.

Mot slutten av 1800-tallet hørte Bø til Nedre Tellemarken fogderi i Bratsberg amt.

Bø kommune er ein del av regionen Midt-Telemark som også omfattar Nome og Sauherad.

Sjå også

Vegar i Bø kommune (Telemark)

Eksterne lenkjer

Koordinater: 59.41281° N 9.06618° Ø