Bøgata (Bø i Telemark)

Bøgata i i Midt-Telemark kommune går austover frå Seljordvegen i krysset med Frivollvegen og gjennom sentum til Gvarvvegen i krysset med Valenvegen. Han er om lag 1,4 kilometer lang og ein del av riksveg 36.

Bøgata i sentrum sett vestover.
Foto: Roy Olsen (2016).
Bøgata i sentrum sett vestover frå Midtbygdakrysset.
Foto: Roy Olsen (2016).
Bøgata aust for sentrum.
Foto: Roy Olsen (2017).

Gata har namn etter bygda og blei namnsett i 1967.

Da vegen gjennom noverande sentrum var ferdig i 1892, var einaste bustadene dei to Skogenplassane. Men snart tok dei til å leggje ut til tomter frå Prestegarden i området på sørsida av vegen i den gamle Åsmundskogen. Fyrst den øvre delen – det var Frøyatun, Solvang (Bø meieri), Flatmo, Gimle (tidlegare Bø Landmannsforretning), Skogheim (skyss-stasjon) og Ytterbø.

I 1990 fekk Midtbygdakrysset rundkjøyring og Midtbygda handelslag blei rive.

Eigedomar i Bøgata

Nr. Bilde Om eigedomen
1
 
Foto: Roy Olsen (2017)
Gnr. 53/250, «Kirkelund», tidlegare tomt 63 u. Prestegarden.

Rolf Strandberg bygde huset her ved Presteevjo i 1948 då Bø steinhoggeri blei flytt hit. Bedriften blei nedlagt i 1978.
Den gamle kyrkjevegen, eller «Prestevegen» som den blei kalla, gjekk opp her ved sida av huset.

2
 
Foto: Roy Olsen (2017)
Gnr. 53/245.

Tomt 49 på 591 m² blei i 1946 skild ut som festetomt frå prestegarden til Gunnar Bakken.

3
 
Foto: Roy Olsen (2017)
Gnr. 53/294.
4–10
 
Foto: Roy Olsen (2017)
Gnr. 53/226, «Liabygget».

Sett opp i 1983 av entreprenør F. Selmer AS for Gunvald Lia. Telemark distriktshøgskole hadde det til undervisnings- og kontorlokale.
Her låg tidlegare ein Shell-stasjon.

7
 
Foto: Roy Olsen (2017)
Gnr. 53/40, «Soar».

Tomta blei skild frå Tonar (gnr. 53/15) i 1939 og kjøpt av Bø pinsemenighet som sette opp bedehuset Soar.

11
 
Foto: Roy Olsen (2017)
Gnr. 53/15, «Tonar».

Sameige Bøgata 11. Pizzafjoset.

14
 
Foto: Roy Olsen (2017)
Gnr. 53/1/51.

Tomt 51 blei i 1947 skild ut som festetomt frå prestegarden til Gregar G. Kaasa. Leiekontrakten overdratt til Thor Evju i 1953, med forpliktelse til å oppføre forretningsbygg på tomta. Eigar frå 1975, Olav Evju.

15
 
Foto: Roy Olsen (2017)
Gnr. 53/46, «Frøydar».

Tomta på ca 1 da blei skild frå Tonar (gnr. 53/15) i 1946 og kjøpt av Nils Egenæs som bygde huset i 1949. Han var bakar og jobba fyrst for Gunnulv Lahus på Frøyatun Bakeri, etter det hjå Sveinung Sanda, til han sjølv bygde hus med bakeri i kjellaren. Her var og bakeriutsal og ein liten kafé. Bakeriet blei nedlagd i 1972. Bø gullsmedforretning har heldt til her frå 1989.

16
 
Foto: Roy Olsen (2017)
Gnr. 53/318.

Tomt 55 blei i 1946 skild ut som festetomt frå prestegarden til Eirik Odden. Kontrakten overdratt i 1950 til målar Hans H. Kleiva. Fekk bnr. 318 i 1987.

19
 
Foto: Roy Olsen (2017)
Gnr. 53/13, «Frøyatun». Utskilt 1896 frå Prestegarden og kjøpt av Erik Nordbø. Huset, som var i sveitserstil, blei sett opp i 1897 med Halvor Stadskleiv som byggmeister. I andre høgda var det i mange år forsamlingssal der ungdomslaget heldt til fram til 1939. Der var og telefonsentral i fleire år. I fyrste høgda blei det innreia butikklokaler og bustadrom. I kjellaren var det bakeri fram til 1966.
20
 
Foto: Roy Olsen (2017)
Gnr. 53/317.

Tomt 52 blei i 1947 skild ut som festetomt frå prestegarden til Hans O. Deilhaug. Fekk bnr. 317 i 2016.

22
 
Foto: Roy Olsen (2017)
Gnr. 53/316.

Tomt 48 blei i 1946 skild ut som festetomt frå prestegarden til Lars Bakkemoen. Eigar frå 1959, Jørgen Bakkemoen. Eigar frå 1960, Kristian Herrefoss. Eigarar frå 1977, Agnes og Torleif Roheim. Eigar frå 2016, Forberg Eiendomsselskap AS. Fekk bnr. 316 i 2016.

27
 
Foto: Roy Olsen (2017)
Gnr. 53/12, «Solvang». Utskilt 1900 frå Prestegarden, bnr. 1.

Tomta til Bø meieri blei skild frå Prestegarden i 1900. Meieriets fyrste bygning frå 1895 brann i 1901, og ny bygning straks sett opp. Drifta blei nedlagd 17. februar 1979 og eigedomen selt.

28
 
Foto: Roy Olsen (2017)
Gnr. 53/308 (tidlegare 53/1/30).

Opphaveleg Bø samvirkelag, oppført i 1976 etter at tidlegare forretningsbygg var rive.
Telemark distriktshøgskule hadde noko undervisning og auditorium i underetasjen på 1980-talet.

29A–I
 
Foto: Roy Olsen (2017)
Gnr. 53/254, «Gimletunet».
29J
 
Foto: Roy Olsen (2017)
Gnr. 53/144, «Flatmo». Utskilt frå bnr. 10 i 1896.

Kittil Olavsson kjøpte tomta og sette opp huset som eit av dei fyrste i Bø-byen. Han blei maskinist ved meieriet.
Huset var i nyare tid også kjend som «Bluesbakken».

30
 
Foto: Roy Olsen (2017)
Gnr. 53/1/24.

Starta opp ny bensinstasjon 29. juni 1959. Olav Østbø flytta bensinsalet hit frå Mil Auto på den andre sida av gata. Fyrst var dette ein BP-stasjon, seinare Norol. I 1991 skifta alle selskapets stasjoner namn til Statoil. I 2016 blei den omgjort til Circle K-stasjon.

31
 
Foto: Roy Olsen (2017)
Gnr. 53/17, «Gimle».

Bygningen blei truleg sett opp i 1896–97 av byggmeister Halvor Stadskleiv og husa Bø handelsforening, kalt «Kaksebua» på bygda. Dette var eit av dei fyrste husa i Bø-byen. I 1931 kjøpte Rollef og Kittil Flathus frå Nordagutu forretningen som no fekk namnet Bø Landmannsforretning. Til dagleg kalla «Landmann'».

32
 
Foto: Roy Olsen (2017)
Gnr. 53/196, «Napastågården». Utskilt 1990 frå Prestegarden. Tidl. festetomt nr. 25.

Kontor- og forretningsbygg

33
 
Foto: Roy Olsen (2017)
Gnr. 53/11, «Ytterbø». Utskilt 1896 frå bnr. 10, «Skogheim». Dette er det eldste huset i Bøgata.

Huset blei bygd som stugubygning på Veirud for Frederikke Rye i slutten av 1830-åra. Etter henne overtok Bodil Evensen huset og dreiv truleg handel der. Kring 1870 kjøpte ho garden Espedalen av Knut Aslaksson, flytta huset dit og dreiv butikk i bygningen ei tid. Ho selde garden til Kittil Haugerud og huset blei flytt til Gunvorskås ved Hågåbergja på Langkåshaugen. «Bø Forbruksforening» heldt til her til forretningen gjekk konkurs i 1891. Firmaet Gunnar S Bø & co dreiv vidare til 1896, da blei firmaet oppløst og bygningen flytt ned til Ytterbø, der han står i dag, av brørne Gunnar Bø og Gjert Kåsa. Desse dreiv butikk der som «Gunnar S. Bø & Co» fram til Augund Lovald kjøpte den i 1907. Han dreiv den til sin død i 1914. Lovald sette opp bustadhus på eigedomen (seinare utskildt som gnr. 53/23 «Huseby»). Halvard Nordbø var eigar frå 1915, og dreiv handel her eit par år. Dyrlege Ole J. Løken kjøpte eigedomen i 1917, og det var han som skilde frå Huseby, der han budde. Om lag samtidig selde han Ytterbø til kommunen, og Bø Provianteringsråd nytta huset til varelager frå 1917 til 1918. Løken kjøpte huset tilbake i 1918, og Midtbygda Handelslag leigde butikklokalet i fem år før dei flytta til Frøyatun. I 1926 kjøpte Olav Østbø eigedomane Huseby og Ytterbø og dreiv butikken fram til 1939, ved sida hadde han og bensinsal. Frå våren 1941 og eit år framover leigde Arne Pettersen huset der han starta opp «Bø Papirhandel og Trykkeri», (seinare Bø Papir og Trykk). I løpet av 1940–1942 sette Østbø opp tilbygget bak butikken saman med Hans Glenna, og dei opna bilverkstaden og bensinstasjonen «Mil Auto» i 1942. Glenna slutta etter to år, og Olav Østbø fortsette aleine. I 15 år dreiv han Mil Auto på Ytterbø. Sommeren 1959 opna han ny BP-stasjon på den andre sida av gata. Etter dette leigde Halvor Kleiva og Halvor Moland verkstaden fram til dei sette opp egne bilverkstader i Langkåsbyen. Moland bygde Bø Auto i 1959 og Kleiva Kleiva Auto i 1962. Sidan blei huset på Ytterbø nytta mest som lager, mens verkstaddelen blei gjort om til produksjonslokale for «Bø markiseindustri» som heldt til her i mange år.

34/36
 
Foto: Roy Olsen (2017)
Gnr. 53/185, «Sønstebøtunet». Utskilt 1989 frå Prestegarden. Tidl. festetomt nr. 22.

Det gamle huset, nr. 34 blei rive i samband med ombygginga til kjøpesenter.

35
 
Foto: Roy Olsen (2017)
Gnr. 53/23, «Huseby». Utskilt 1917 fra bnr. 11, «Ytterbø». BR>

Huset sett opp i 1910 av snikkarbrørne Gunnulv, Knut og Olav Forberg for Augund Lovald, eigaren av Ytterbø. Tomta blei skilt ut frå Ytterbø i 1917 av eigar frå same år, dyrlege Ole J. Løken. Han budde i huset.

40
 
Foto: Roy Olsen (2017)
Gnr. 53/219.

Tidlegare Bø steintøy og parfymeri a/s. På folkemunne kalt «Jålekåsa».

41
 
Foto: Roy Olsen (2017)
Gnr. 53/10, «Skogheim». Utskilt 1896 frå bnr. 1, Prestegarden.

Gunnar Kleppen (1875–1956) kjøpte ca. 10 da av Prestegarden i 1896, og Halvor Stadskleiv sette opp huset som eit av dei fyrste i Bø-byen. Her dreiv Gunnar og mor hans, Kari, skysstasjon fram til 1930.

44
 
Foto: Roy Olsen (2017)
Gnr. 53/194. Tidl. festetomt nr. 68 u. Prestegarden, utskilt 1990.
Sentrum kafé frå ca. 1960 til 1970.
Pr. 2021 Apotek 1.
46 Gnr. 53/183, utskilt 1989 frå Prestegarden. Tidl. festetomt nr. 19.

Bustadhus rive ein gong etter 1990. Eigedomen er no del av parkeringsplass.

49
 
Foto: Roy Olsen (2017)
Gnr. 53/95, «Banken».

Telemarksbanken sette opp bygget og opna si Bø-avdeling her i 1962.

51
 
Foto: Roy Olsen (2017)
Gnr. 53/89, «Hagen».

Forretningsbygg. Urmakar Knut Skrede frå Dalen sette opp huset på tomt utskilt frå Skogen og opna butikken i 1962.

52
 
Foto: Roy Olsen (2016)
Gnr. 53/182, «Sandåkergården», utskilt 1989 frå Prestegarden. Tidlegare festetomt nr. 18.

Eilev Almankås fekk festerett på tomta i 1919. I 1928 blei tomta overdratt til Knut L. Sandaaker som sette opp hus i 1929 og dreiv bokhandel. Dottera Anne tok over butikken etter foreldra. Etter at ho døydde 9. februar 1985 var det ingen til å drive forretningen. Hennar arving, broren Odd Sandaaker, selde eigedomen til Jan og Åse Lepperød same år og Jan dreiv bokhandelen fram til 1989.
Eigar frå 2022, Heidi Kjellsen Bærland og Ståle Bærland.
Det har vore bokhandel her i alle år.
Huset blei påbygd i 1936, 1959 og 1989.

53, 55
 
Foto: Roy Olsen (2017)
Gnr. 53/319, «Sameiet Skogenkvartalet».

Her låg den vestre Skogen-garden, den siste av dei to opphavlege gardane i det området som skulle bli Bøbyen. Skogen gard blei rive i 2015.

54
 
Foto: Roy Olsen (2017)
Gnr. 53/248.

Tomt 65 på 961 m² blei utskild frå tomt 16 i 1957. Her bygde Tollef Vreim forretningsgården og opna «T. Vreims Matsenter» i 1958.
Seinare verksemd i bygget: MIX, Bø storkiosk og video og Peer Gynt-kiosken.
Frå november 2018 Aasmundsens bakeri.

56/58
 
Foto: Roy Olsen (2017)
Gnr. 53/184.

Sameiget Hellandgården. Brukås sport.

61
 
Foto: Roy Olsen (2017)
Gnr. 53/81, «Skogen».

Bø Vertshus. Næringsbygg for kafédrift og overnatting.

62
 
Foto: Roy Olsen (2017)
Gnr. 53/302.

Tomt 14 på 1 222 m² blei i 1919 skild ut som festetomt frå prestegarden til Tollef Fossheim. Dottera, Gunhild, gifte seg med Adolf Fredrik Hallstrøm frå Torshalla i Sverige, og dei fekk tomta og bygde hus i 1923. Hallstrøm reiste til Canada i 1927 og døydde der i 1940. Eldste sonen, Gunvald Hallstrøm, overtok festeretten i 1947 og bustaden i 1963. Han bygde verkstad attmed huset og starta Bø snikkarverkstad i 1950. Eigar frå 2016, Brukås sport AS. Eigedomen fekk bnr. 302 i 2012.

65
 
Foto: Roy Olsen (2017)
Gnr. 53/45, «Soltun».

Tidlegare brannstasjon oppført 1957–58. Brannstasjonen flytte til Napastaa i Langkåsbyen i 1994.

66
 
Foto: Roy Olsen (2017)
Gnr. 53/1/15.

Oppført ca. 2006 etter at Kincks hus brant 7. februar 2005.

67
 
Foto: Roy Olsen (2017)
Gnr. 53/45, «Soltun».

Bø kommunehus, «Heradshuset». Tomta blei skilt frå austre og vestre Skogen i 1951, med omlag halvparten frå kvar av desse eigedomane. Arkitektane Gulla og Kjell Karsten fekk oppdraget med å teikne huset, og under leiing av byggmeister Olav H. Stadskleiv starta bygningsarbeidet med Harald Jensen som bygningsformann i 1956. I 1957 sto huset ferdig med ei grunnflate på 530 m² i to høgder, og hadde da kosta om lag 800 000 kroner.
Bø sparebank leigde lokaler her fram til dei flytte inn i eige hus i 1965.
I samband med kommunesammenslåinga gjekk kommunehuset gjennom ei omfattande oppgradering i 2019, og var innflytningsklart i desember same år.

69
 
Foto: Roy Olsen (2017)
Gnr. 53/101, «Bankplassen».

Bø sparebank, Bø blad, Bø bibliotek.

70
 
Foto: Roy Olsen (2017)

 
Foto: Roy Olsen (2017)
Gnr. 53/218, «Solheim».

Tomt 13 blei i 1919 skild ut som festetomt frå prestegarden til felemakar Gunnar Helland (1852–1938) som sette opp huset fyrst i 1920-åra.
Halvor Skobba kjøpte huset i 1939 og dreiv slakteri og butikk i et bygg han sette opp på tomta. I 1954 bygde han eit heilt nytt forretningsbygg i funkisstil med rom for slakteriet. Halvor og Tone Skobba stengde slaktarbutikken 31. desember 1970, og bygningane blei leigd bort.
Eigar frå 1987, Jobu AS. Eigarar frå 1988, Gunnar og Thora Helene Jonsmyr. Frå april 1995, Restaurant Den gode nabo. Eigar frå 2017, Bøgata 70 AS.

På ettermiddagen 9. mars 2018 blei det gamle Hellandhuset totalskadd av brann. Brannen var påsett og ugjerningsmannen blei arrestert mens det framleis var fyr i huset.

74
 
Foto: Roy Olsen (2017)
Gnr. 53/1/3, «Nybø».

Advokat Johan Sigmundstad kjøpte huset i 1932 og utvida med eit tilbygg. Han var det fyrste advokaten med fast praksis i Bø.

75 Gnr. 53/87, «Skogen».
76
 
Foto: Roy Olsen (2017)
Gnr. 53/1/70.

Gullsmed Toralv Besteland kjøpte tomt av advokat Sigmundstad og sette opp huset i 1961–62 med forretningslokaler og verkstad i fyrste høgda.

78
 
Foto: Roy Olsen (2017)
Gnr. 47/116, «Finnstad».
79
 
Foto: Roy Olsen (2017)
Gnr. 53/30, «Midtgard».

Esso bensinstasjon. Sentrum service.
I 1939 bygde Norske Esso bensinstasjonen her og Olav Bakken var styrar.

83
 
Foto: Roy Olsen (2017)
Gnr. 53/291.
Tomta på ca. 1 da blei utskild frå Prestegarden i 1921 som tomt nr. 10 og bortfesta til Bø sparebank. I 1933 blei kontrakten overført til bakar Peder Olsen frå Tvedestrand som sette opp huset same året. Her åpna han konditori og kafé 15. november som han dreiv til 1956. Sonen Olav Bratland overtok eigedomen i 1964. Dei dreiv også Olsens kafé i mange år. Etter desse dreiv bakar Johs. Soterud frå Gvarv «Kafehjørnet». Sylva Johansen dreiv «Sylva's Kafe» frå 1983.
Fra 1986 holdt Puben «Stallkroa» ved Stein Helge Østerli til her.
85
 
Foto: Roy Olsen (2017)
Same eigedom som nr. 83.

Sett opp som bakeri av Peder Olsen i 1936.

87
 
Foto: Roy Olsen (2017)
Gnr. 53/240, «Fagerheim».

Tomt nr. 8, utskilt frå Prestegarden i 1921. Halvor Langkås sette opp «Fagerheim Hotell» i 1924. Etter nokre år blei namnet endra til «Fagerheim Hospits». I 1978 var det slutt på Fagerheim som overnattingsstad, og Telemark Distriktshøgskule leigde huset nokre år til kontorer og velferdslokale for studentane. Etter det var det kinarestaurant i bygget til i 2020 da denne flytta til Bøsenteret.

89
 
Foto: Roy Olsen (2017)
Gnr. 53/1/7.

Gunhild Bø Opheim sette opp forretningsbygget i 1922. Her dreiv ho butikk med damekonfeksjon og systove. Kring 1965 blei butikken lagd ned og huset blei ei tid leigd bort til handelsskulen.

105 Gnr. 53/220.

Einebustad rive kring 2010.

110
 
Foto: Roy Olsen (2017)
Gnr. 47/52, «Opptun».

Bustadhus.

111
 
Foto: Roy Olsen (2017)
Gnr. 47/81.

Bø Auto, bilverkstad.

119
 
Foto: Roy Olsen (2017)
Gnr. 47/46, «Launes».

Bustadhus.

Kjelder

  • Kartverket: norgeskart.no
  • Henneseid, Stian: Bøsoga II, Gards- og ættesoga band I. Bø kommune 1982.
  • Sætherskar, Johs. (red.): Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen 1949.
  • Kvaalen, Olav: Bø i Telemark, Jubileumsskrift Bø Papir og Trykk 1941–1981.
  • Arkivverket, Digitalarkivet.


Koordinater: 59.41518° N 9.05605° Ø