Bøle Handelsforening

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 9. jul. 2018 kl. 07:58 av Per Ormestøyl (samtale | bidrag) (Ny side: '''Bøle Handelsforening''' blei starta 10. mai 1897 som eit andelsselskap av dei fastbuande på Bøle i Skien kommune. Forretninga var ein assortert landhandel med sal av...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Bøle Handelsforening blei starta 10. mai 1897 som eit andelsselskap av dei fastbuande på Bøle i Skien kommune.

Forretninga var ein assortert landhandel med sal av dei fleste forbruksvarer, m.a. kolonial, kjøtt og pølsevarer, manufaktur, glass og steintøy, kjøkkenutstyr, malevarer, gjødsel og andre reiskap. I 1946 var omsettinga på 313.000 kr. Forretninga sysselsatte samstundes fire "handelsbetjenter", ein "visergutt" i tillegg til styraren som på denne tida heitte Halvor N. Toreskaas.

Arkiv

Eit lite arkiv etter Bøle Handelsforening er ordna ved Telemark Museum. Lenke til oppføring på arkivportalen.

Kjelder og vidare lesning

  • Sætherskar, Johs. (red.), Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949. Lenke til oppføring på bokhylla.no.
  • Wahlstrøm, Thorbjørn, Sånn var'e på Bøle, Skien : Genius forl., 1999. Lenke til oppføring på bokhylla.no.