Bømlo kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Bømlo kommune
1219 Bomlo komm.png
Basisdata
Kommunenummer 1219
Fylke Hordaland
Kommunesenter Svortland
Areal 11.17  km²
Areal land 0  km²
Areal vann 11.17  km²
Folketall ukjent kode (2023)
Grunnlagt 1838
Sammenslåing(er) 1963: Bremnes og Moster innlemma.
1995: Flere øyer overførd frå Fitjar
Målform Nynorsk
Nettside Nettside

Bømlo kommune er ein øykommune i Hordaland. Dei største øyane er Bømlo, Goddo og Moster. Kommunen omfattar óg omkring tusen andre øyer, holmar og skjer. De tidlegare kommunane Bremnes og Moster vart innlemma i 1963, og i 1995 var øyane Aga, Agasøster, Vikøy, Selsøy og Gisøy overførd frå Fitjar. Administrasssjonssenteret er Svortland.

Flest arbeidsplassar finn ein i industrien, særlig i maskinproduksjon og næringsmiddelindustri. Men jordbruk og fiske er óg viktig; Bømlo er nest størst i fylket på fiske etter Bergen.

Historie

Namnet kjem av norrønt Bymbil, i slektskap med nynorsk bembel, "navle" eller "mage", her i tydinga "tjukk, oppsvulma", dvs. ruvande.

Historia på desse kantar er rik og går langt tilbake i tid. Steinkyrkja ved Mosterhamn vart truleg bygd kring 1150 på tuftene av ei endå eldre kyrkje, som etter tradisjonen skal ha vore bygd av Olav Tryggvason på slutten av 990-åra. Det var her Olav Haraldsson etablerte det norske kyrkjesamfunnet med den kristenretten han sette på rikstinget i 1024. Hendinga vert i dag markert med Mostraspelet, som kvart år vert vist på Moster Amfi. I 1995 var det ei stor markering på Moster for innføringa av kristendommen i Noreg. Her finn ein minnesteinar over Olav Tryggvason, Olav den heilage og biskop Grimkjell.

Søraust på Moster har det vore både marmor- og kalksteinsbrot. På Hespriholmen nordvest for Espevær var det ein regulær steinindustri i steinalderen, der grønstein i store mengder vart utvunne til våpen og reidskap. På Lykling på vestsida av øya Bømlo var det drift etter gull av tre gruveselskap i perioden 1884-1910. På det meste var nærare 500 mann i arbeid her, og resultatet vart over 200 kg reint gull.

Kommunen vart oppretta i 1916, då den dåverande Finnås kommune vart delt i tre: Moster, Bømlo og Bremnes. I 1963 vart desse tre kommunane igjen slått saman, no under namnet Bømlo. Sine noverande grenser fekk kommunen i 1995, då den vart utvida ved at øyane Aga og Agasøster i nordaust og Vikøy, Selsøy og Gisøy i nord vart overført frå Fitjar kommune. Kommunevåpenet viser eit sjøblad i sølv på raud botn, som skal symbolisera vassliljen som er svært vanleg i tjern og vatn kringom i kommunen, men dei tre blada symboliserer også dei tre tidlegare kommunane som utgjer dagens kommune.

Bømlo kystlag held til i kommunen. Langevåg fyrstasjon var aktivt frå 1855 til 1896.

Torsby i Sverige er ein av dei nordiske venskapskommunane til Bømlo.

Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Quercus robur1 ies.jpg
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!