Baadehuset

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 2. mai 2018 kl. 21:40 av Olve Utne (samtale | bidrag) ({{nn}})
Hopp til navigering Hopp til søk

Baadehuset er eit museum og forsamlingshus i Espevær i Bømlo kommune. Eigedomen vart kjøpt av Hans Jacop Baade i 1848. Han bygde huset på ein gamal kjellarmur frå 1690-åra, etter det eldste handelshuset i Espevær. Baadehuset er eit gamalt handelshus, som i denne tida fungerte som eit administrasjonssenter. På Baadehuset kunne ein finna både lege og politi under vårsildfisket. Huset fungerte også som overnattingsplass for fiskarar.

I dag fungerar Baadehuset nærast som eit museum, men det kan leigast til samkomer. Det er Espevær Husmorlag som har restaurert huset, og dei har freista å innreia det slik det kan ha sett ut rundt århundreskiftet. Inne i huset er det ei stor samling bilete og mykje maritimt utstyr frå denne epoken i Espeværs historie.

Kilder


Annonse fra Fotograf Behrends i Indtrøndelagen 17.1. 1913.jpg Baadehuset er basert på data fra Preus Museums registre over norske fotografer og fotografiske samlinger, som er tilgjengelig på Nasjonalbibliotekets nettsider. Artikkelen er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen.
Flere artikler finnes i denne alfabetiske oversikten.

Mal:Spire1