Baklibreen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Baklibreen er ein brearm av Jostedalsbreen som kjem ned i enden av Bergsetdalen som er den fremste delen av Krundalen i Jostedalen i Luster kommune i Sogn og Fjordane. Det er ein hengjebre rett nord for den større Bergsetbreen.

Fram til 1800-talet gjekk Baklibreen heilt ned til Bergsetbreen. Seinare har breen trekt seg attende opp i skardet i fjellsida ovanfor Bergsetbreen. Området under breen er utsett for isras, og i 1986 vart tre nederlandske turistar drepne av eit isras frå Baklibreen på veg til Bergsetbreen.

Kjelder