Balestrand

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 11. des. 2020 kl. 12:46 av Kallrustad (samtale | bidrag) (Fargarstova, foreldrelaus artikkel)
Hopp til navigering Hopp til søk
Balestrand frå høgda over tettstaden.
Foto: Olivier Bruchez (2002)

Balestrand er ein tettstad og administrasjonssenter i Balestrand kommune. Lokalt vert staden ofte kalla Holmen. Han ligg på nordsida av Sognefjorden, vest for innløpet av Fjærlandsfjorden. Pr. 2016 har Balestrand 809 innbyggjarar.

Allereie i siste halvleiken av 1800-talet vart Balestrand ein viktig turiststad. Det er fleire overnattingtilbod der. Det mest kjende er Kviknes Hotel, som opna i 1752 og fekk sitt nåveranda namn i 1877. Den såkalla Fargarstova, som vart flytt hit kring 1877-1878, er ein av dei bevarte bygningane frå denne tida. Det var i Balestrand at keiser Vilhelm II av Tyskland fekk bodskapen om utbrotet av fyrste verdskrigen i 1914. Norsk reiselivsmuseum ligg i Balestrand.

Dei to gravhaugane Balehaugane ligg nær tettstaden. Dei er datert til kring 800 e.Kr., og er knytta til sagnkongen Bele. På den eine står ein statue av Bele, som vart reist av Vilhelm II i 1913. Kommunenavnet kjem frå gardsnamnet Bale, som i sin tur etter tradisjonen kjem frå sagnkongens namn.

St. Olafs kyrkje frå 1897 er ei anglikansk kyrkje, og vert ofta kalla Engelskkyrkja. Ho er bygd som ei etterlikning av ei stavkyrkje.

Kjelder

Koordinater: 61.20956° N 6.53607° Ø