Balestrand lærerskole

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Mal:Thumb høyre Balestrand lærerskole (Balestrands lærerskole) i Sogn og Fjordane var i drift frå 1863 til 1880. I alt tok 236 elevar eksamen ved skulen, som til liks med Sogndal folkehøgskule sameina pietisme og målsak.

Skipinga

Den nye allmugeskulelova frå 1860 skjerpa krava til at lærarane skulle ha utdanning. Over heile landet vart det difor skipa 16 nye lærarskular i tillegg til dei etablerte stiftsseminara i Tromsø (Trondenes), Klæbu, Stord, Holt og Asker. Tre av dei nye skulane kom i Bergen stift, i Volda, på Voss og i Balestrand.

Det var truleg den verksame soknepresten Harald Ulrik Sverdrup som sytte for at skulen i Nordre Bergenhus amt vart lagt til Balestrand. Han skreiv i mars 1862 til skuledirektøren i Bergen og la fram ein plan for ein lærarskule med 24 elevar. Lærarskulane skulle stå under oppsyn av presten, prosten og stiftsdireksjonen. Balestrand kommune skulle halde hus for skulen.

Skulen opna 10. februar 1863. Fyrste året vart 24 elevar opptekne på skulen, og 19 av dei tok eksamen. Læretida var 1 1/2 år, noko mindre enn på stiftsseminara.

Verknad

Lærarskulane opna ein ny karriereveg for gåverike gutar frå bygdene, og skulen i Balestrand var ikkje noko unntak. Den tida skulen var i drift, fekk 236 unge gutar lærarutdanninga si på lærarskulen. Fleire av elevane i Balestand gjekk vidare på stiftsseminara. Av dei 41 elevane på dei to fyrste kulla gjekk 10 vidare på Stord seminar. Somme elevar kom seg òg til høgre skular og universitetet, noko som på den tida var reint uvanleg for bonde- og husmannssøner.

I Balestrand vart skulen ein del av det pietistiske miljøet kring H.U. Sverdrup. I 1869 tok Sverdrup intiativet til Indre Sogn indremisjon, som rekrutterte mange elevar på lærarskulen. Sverdrup hadde òg sympati med den nynorske målreisinga, og ei rekkje av elevane vart aktive målmenn og pionerar for målsaka i Sogn og Fjordane då dei kom ut i skulen som lærarar. Denne koplinga mellom pietisme og målsak var uvanleg på denne tida, men vart i Sogn ført vidare på Sogndal folkehøgskule, skipa 1871 av H.U. Sverdrups son Jakob Sverdrup.

Nedlegginga

Dei nye lærarskulane i 1850- og 60-åra var krisetiltak for å få bukt med lærarmangelen, og det var heile tida meininga at dei berre skulle vere i drift til stiftsseminara var i stand til å utdanne nok lærarar. Det var snakk om å leggje ned skulen i Balestrand i 1869 då halvparten av dei 16 lærarskulane vart lagde ned, men skulen fekk halde fram. I åra 1880-83 vart likevel sju av dei åtte attverande skulane lagde ned. Då kullet som byrja hausten 1879 vart uteksaminert, var det òg slutt for lærarskulen i Balestrand. I skuleprotokollen heiter det at "Den 27. december 1880 demitteredes eksaminanderne. Samme dag stansede Balestrands lærerskole."

Tilsette

Styret for lærarskulen var sokneprest H.U. Sverdrup og skulestyraren.

Styrarane var teologar, dei fleste nyutdanna og unge:

Underlærar 1864-1880: Anders P. Øvrebø, klokkar i Balestrand

Elevar

Av dei 236 elevane som tok lærarprøva ved skulen, var det 167 gardbrukarsøner, 63 husmannssøner og 6 lærarsøner. Flest elevar kom frå Balestrand (28), og på dei neste plassane kjem prestegjelda Hafslo (21), Vik (13) og Luster (12). Elles kom det elevar både frå dei andre bygdene i Sogn, frå Sunnfjord og Ytre Nordfjord, og ein del frå Hordaland.

Navn Eksamen Yrkeskarriere Samfunnsvirke
Eirik Olson Bruhjell (1853-1941) 1870 Lærar i Sogn, seinare prest Sentral målmann
Jakob Bøthun (1851-1931) Lærar i Fresvik i nær 50 år Ordførar i Leikanger 1885-1902, aktiv målmann.
Sjur Fedje 1870 Sentral i De forenede norske arbeidersamfund
Thorbjørn Horten 1864 Grunnleggjar av Søndfjords kristelige ungdomsskole
Jon Laberg (1859-1948) 1876 Overlærar ved Bergens folkeskole 1886-1926 Venstrepolitikar og lokalhistorikar
Edvard Liljedahl (1845-1924) 1864 Lærar og postmeister Lokalpolitikar/ordførar i Kyrkjebø, stortingsrepresentant
Sigurd Nesse 1870
Anfinn Refsdal (1839-1920) 1866 Lærar i Sogndal frå 1866 og lærar og kyrkjesongar i Hove sokn i Vik 1868-1911. Fråhalds-, misjons- og målmann, stortingsrepresentant.
Ole Steffensen Sæhle (1852-1939) ? Lærar ved Peterstuen skole i Østre Toten 1883-1894, Seierstad skole i same kommune 1894-1922.
Anders O. Øvregaard (1854-1924) 1874 Lærar og postopnar i Jostedalen Målmann

Kjelder og litteratur

  • Laberg, Jon. (1934). Balestrand. Bygd og ætter. Bergen: I kommisjon hjå Lunde & Co.'s Forlag, s. 200-209, prenta opp att i Pridlao nr. 1, 2004, s. 34-37. (Dette er det sentrale arbeidet om lærarskulen.)
  • Dahl, Helge. (1959). Norsk lærerutdanning fra 1814 til i dag. Oslo: Universitetsforlaget, s. 91-98. (Digital utgåve, NBdigital)
  • Urtegaard, Gunnar. (2001). Balestrand lærarskule, i Kulturhistorisk leksikon (Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane)
  • Lærarskulen i Balestrand, Fylkesleksikon, NRK Sogn og Fjordane
  • Hoel, Oddmund L. (2011). Norsk målreising. Mål og modernisering 1868-1940. (Bd. 2). Oslo: Det Norske Samlaget, s. 145-147.