Bandak

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Utsikt over Bandaksvatn frå Dalen.
Foto: Axel Lindahl, 1880-1890. Nasjonalbiblioteket.
Bandak, den vestlegaste delen, sett frå Bandaksli mot Kviteseid.
Foto: Siri Johannessen (2016).

Bandak er ein innsjø i kommunane Tokke og Kviteseid i Telemark fylke. Innsjøen er ein del av Telemarkskanalen og inngår i Skiensvassdragets vestre gren.

Hovudtilløpet til Bandak er elva Tokke, medan utløpet er via Strauman til Kviteseidvatnet. I den vestre enden av Bandak ligg tettstaden Dalen, med Lårdal og Bandaksli lengre aust. Saman med Kviteseidvatn og Flåvatn er Bandak regulert som magasin for Hogga kraftverk. Dei tre innsjøane er oppdemt til same høgde.

Namnetyding

Namnet Bandak er truleg samansett av band, strimmel, og ak til norrønt agr, vatn, innsjø. Betydningen vert då eit langt, smalt vatn.

Storleik

Bandak er ei av dei djupaste innsjøane i Noreg med ei djubde på 325 meter. Innsjøen er 26 km2 og ligg 72 moh. Den er 27 km lang og på det meste 1,7 km brei. Fjella som omgir innsjøen strekker seg 900 moh. på det høgste.

Galleri

Bandak sett frå Lauvvikvegen mot Kviteseid.
Foto: Siri Johannessen (2016).
Lauvvikøyane mellom Dalen og Lauvvik sett frå Hamarodden.
Foto: Siri Johannessen (2016).

Kjelder

  • «Bandak». (2016, 18. desember). I Store norske leksikon. Hentet 15. juni 2017 fra https://snl.no/Bandak.