Bandaksli

Gnr. 68/4 Bandaksli vart i 1923 skyldsett frå gnr. 68/1 Midtgarden Klauvreid. Skafså sokn, Tokke kommune.

Bandaksli/Kløffuerudstødet
Foto: (Ukjent fotograf)
Bandaksli
Foto: Olav Momrak-Haugan (2011).
Bandak, sett frå Bandaksli mot Kviteseid.
Foto: Siri Johannessen (2016).

Bandaksli har frå gamalt av mellom anna vore eit knutepunkt på vegen til og frå Fyresdal. Året 1595 var Oslo biskop Jens Nilssøn på visitas. Han skulle til Fyresdal og fortel:

Then 16. julij om morgenen circiter 4. oram drog wi fra Lauerdal først til vands tuert offuer Bandakk i synder 1/2 fiering, och fulde bispen her Peder i Lauerdal och her Jens i Fyrisdall, så lagde wi i land ved it lendestedt heder Kløffuerrudstødet.

Frå gamalt av var her ein fergestad for å kome fram og attende til Lårdal som ligg rett over på andre sida av Bandak. Trafikken var aukande både før og ikkje minst etter at Bandak-kanalen vart opna i 1892. Frå 1852 hadde dampskipet «St. Olaf», som var ein hjulbåt, trafikkera Bandak – Kviteseidvatna. Båten var for brei for slusene og vart difor hogd opp ved opninga av desse. Kløffuerrud er det gamle namnet på Klauvreid. Namnet Kløffuerudstødet vart til Bandaksli.

Jorunn Knutsdtr. Midtgarden Klauvreid (1816-1863) fekk i 1832 skøyte på Midtgarden og var i 1838 bonde og sjølveigar. I 1839 gifte ho seg med Tarjei Gunnarson Søgard Lauvvik (1813-1874) og flytte til gnr. 69/1 S. Lauvvik. Midtgarden dreiv dei då frå Lauvvik. I 1843 fekk Tarjei Lauvvik løyve til fergedrifta frå Bandaksli. Han vart og gjestgivar og skysskaffar ved Bandaksli. Olav Tarjeison Søgard Lauvvik (1849-?) styrde garden Lauvvik for faren i 1865 saman med systera Dordi Tarjeisdtr. (1844-1865).

Knut Tarjeison Søgard Lauvvik (1846-1925) fekk Midtgarden etter faren, gifte seg i 1888 og flytta til Bandaksli der han vart stasjonshaldar. Midtgarden dreiv dei med bruksfolk.

Arvingane etter Knut Midtgarden selde Bandaksli til Olav Knutson Midtgarden (1898-1960) frå Bandaksli i 1923. I 1924 gifte Olav seg med Ingebjørg Larsdtr. Blikom (1899-) frå Åslandsmoen. Tarjei Knutson Midtgarden (1894-) fekk Midtgarden. Som faren dreiv Olav forretning, dampskipsekspedisjon og posthus.

Frå Bandaksli gjekk det skip med koparmalm frå gruvene i Åmdalsverk. På brygga var det pakkhus, lasterampe, butikk og lager og ned hit førde ein taubane i 350 meters fall. Malmen vart køyrd med hest til toppen av lia, deretter med taubanen ned til lagerhuset. Taubanen kom ikkje i vanleg bruk før drifta ved verket vart avslutta i 1945. Lagerhuset for malmen låg eit stykke frå sjølve dampskipsbrygga. Denne var ei flaumbrygge, det vil sei at den hadde noko ulik høgde slik at den kunne fungere ved ulik vasstand.

Heile anlegget, med unnatak av taubanen, er intakt i 2011. I ekspedisjonshallen er det ei fotoutstilling som syner bilete frå tidlegare tider. Rutebåtane kjem innom brygga i Bandaksli når dei vert kontakta.


Fotografi frå Bandaksli

Kjelder og litteratur

  • Marvik, Steinar Mo bygdebok. Gard og ætt II. Skafså Tokke kommune 1989
  • Biskop Jens Nilssøns Visitasbøger og reiseoptegnelser 1574-1597. Ei utskrift datera Kristiania 1885.
  • Dalland, Øystein og Misund, Per H. Bandak-kanalen. Universitetsforlaget. 1983
  • Gardåsen, Tor Kjetil. Lokalhistorisk reise på Telemarkskanalen. Fortidsminneforeningen 1. juli 2011.

Ekstern lenke