Forskjell mellom versjoner av «Beint Jensen Løyte»

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(byrjar på ein artikkel om ein fjern forfar)
 
(3 mellomliggende revisjoner av 3 brukere er ikke vist)
Linje 1: Linje 1:
{{under arbeid}}
+
'''[[Beint Jensen Løyte]]''' (fødd 1770, død 29. juli 1845) var ein husmann i [[Gjerstad]] i [[Aust-Agder]]. Han var det meste av livet sitt husmann under prestegarden i bygda, og tente under tre sokneprestar. I offentlege kjelder frå samtida vart namnet hans skrive ''Bent Jensen''.
'''[[Beint Jensen Løyte]]''' (fødd 1770, død 29. juli 1845) var ein husmann i [[Gjerstad]] i [[Aust-Agder]]. I offentlege kjelder frå samtida vart namnet hans skrive ''Bent Jensen''.
 
Beint kom opphavleg frå garden Løyte, og var son av Jens Lorentsen Løyte og Ingeborg Borgarsdotter Åsbø. Han var nummer ti av dei elleve borna foreldra hadde saman, i tillegg til at faren hadde enda ein son frå eit tidlegare ekteskap. Beint vart gift med Kjersti Torsdotter Lunden (1775-1854) i 1796, og dei budde ei stund i Løyte. 3. februar 1799 teikna han husmannskontrakt med sokneprest [[Hans Mathias Abel]] (1738-1803), og vart såleis husmann på Gjerstadstranda, husmannsplass under prestegarden. Der vart han registrert ved folketeljinga i 1801 som «Hus mand med jord, national soldat».
 
I 1809 inngjekk han ei ny, omlag liktlydane kontrakt med sokneprest [[Søren Georg Abel]] (1772-1820), som hadde teke over kallet etter faren.
  
5. august 1805 vart han forhøyrt i samband med eit kornopplaup i [[Dypvåg]] ved [[Tvedestrand]] i 1801, der han skal ha teke imot korn frå galeasen «Elsabe Maria».
 
5. august 1805 vart han forhøyrt i samband med eit kornopplaup i [[Dypvåg]] ved [[Tvedestrand]] i 1801, der han skal ha teke imot korn frå galeasen «Elsabe Maria».
Linje 17: Linje 18:
  
== Kjelder og litteratur ==
 
== Kjelder og litteratur ==
* {{folketelling person|pf01058323000026|Bent Jensen|1801|Gjerstad prestegjeld|nn}}.
+
* {{folketelling|pf01058323000026|Bent Jensen|1801|Gjerstad prestegjeld|nn}}.
 +
* Torleif Kveim. ''Gjerstad. Av bygdesoga'', 1. hefte. Utg. Gjerstad historielag, 1962.
 +
* Kjell Olav Masdalen. «En husmannskontrakt», i ''Før i tida...'' 2002. Utg. Gjerstad historielag, 2002.
 
* [[Bruker:Marthe Glad|Marthe Glad Munch-Møller]]. [https://www.duo.uio.no/handle/10852/23272 ''Med plikt til å redde sine liv: Hungersnød og protest i Dypvåg i 1801'']. Masteroppgåve i historie, Universitetet i Oslo, 2010.
 
==Eksterne lenkjer==
 +
 +
* {{hbr1-1|pf01058323000026|Beint Jensen Løyte}}.
 +
 +
{{DEFAULTSORT:LØYTE; BEINT}}
 
[[Kategori:Personer]]
 
[[Kategori:Personer]]
 
[[Kategori:Husmenn]]
 
[[Kategori:Husmenn]]
Linje 25: Linje 33:
 
[[Kategori:Fødsler i 1770]]
 
[[Kategori:Fødsler i 1770]]
 
[[Kategori:Dødsfall i 1845]]
 
[[Kategori:Dødsfall i 1845]]
 +
{{nn}}

Nåværende revisjon fra 5. mar. 2019 kl. 13:49

Beint Jensen Løyte (fødd 1770, død 29. juli 1845) var ein husmann i Gjerstad i Aust-Agder. Han var det meste av livet sitt husmann under prestegarden i bygda, og tente under tre sokneprestar. I offentlege kjelder frå samtida vart namnet hans skrive Bent Jensen.

Beint kom opphavleg frå garden Løyte, og var son av Jens Lorentsen Løyte og Ingeborg Borgarsdotter Åsbø. Han var nummer ti av dei elleve borna foreldra hadde saman, i tillegg til at faren hadde enda ein son frå eit tidlegare ekteskap. Beint vart gift med Kjersti Torsdotter Lunden (1775-1854) i 1796, og dei budde ei stund i Løyte. 3. februar 1799 teikna han husmannskontrakt med sokneprest Hans Mathias Abel (1738-1803), og vart såleis husmann på Gjerstadstranda, husmannsplass under prestegarden. Der vart han registrert ved folketeljinga i 1801 som «Hus mand med jord, national soldat».

I 1809 inngjekk han ei ny, omlag liktlydane kontrakt med sokneprest Søren Georg Abel (1772-1820), som hadde teke over kallet etter faren.

5. august 1805 vart han forhøyrt i samband med eit kornopplaup i Dypvåg ved Tvedestrand i 1801, der han skal ha teke imot korn frå galeasen «Elsabe Maria».

Etterslekt

Beint og Kjersti fekk sju born, alle vaks opp og vart gift:

  1. Ingebor, fødd 1797, oppkalla etter farmora. Ho vart gift med Gunstein Olsen Kvisli.
  2. Tore, fødd 1799, oppkalla etter morfaren. Han flytta til Våle.
  3. Anne, fødd 1802. Ho vart gift med Vrål Mortensen Fossen.
  4. Jens, fødd 1806, oppkalla etter farfaren. Han flytta til Høgstli.
  5. Knut, fødd 1808, utdanna seg til lærar. Han flytta til Varden.
  6. Lars, fødd 1813. Han flytta til Hagane under Østerholt.
  7. Kristen, fødd 1816. Han flytta til Dalen.

Kjelder og litteratur

Eksterne lenkjer