Belglii 30 (Bykle)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Belglii 30
Utskilt: 1983
Stad: Hovden
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 2
Bnr: 439
Type: Bustadseigedom

Belglii 30 er ein bustadseigedom på Hovden i Bykle kommune. Dette huset vart oppsett av Knut og Gerd Norum i 1985.

  • Knut Magne Norum, f 1939, d 1988.
g m Gerd Magnhild Knudsen, f 1940, 2005 busett Eydehavn. Born:
  • Nina Marete, f 1963, kunderådgjevar, bank, busett Arendal.
  • Geir Magne, f 1965, lagersjef, busett Arendal.
  • Inger Marie, f 1967, sjå Belglii 18.

Knut og Gerd kom hit frå Arendal. Han var son åt Margit og Magnus Norum, medan hennes foreldre heitte Nelly og Algot Knudsen. Dei dreiv rekneskapsfirma på Hovden. Etter at Knut døydde, flutte Gerd attende til heimtraktene, og selde huset her til Magne Dagfinn Bakken.

Bakken og familien hans budde her til 1995, då dei flutte til eit nytt hus dei hadde bygd seg (sjå Tuftevegen 18, bnr 653), og selde bustaden her vidare til dei som bur her nå (2006):

Rune Portaasen. Bilete frå Setesdølen.
  • Rune Portaasen, f 1952
g m Inger Lill Nylehn Portaasen. Born:

Rune er frå Mjøndalen, og son åt Ingrid og Reidar Portaasen. Han og familien kom til Hovden i 1985, då han byrja som rektor ved Fjellgardane skule. Den stillinga har han framleis. Inger-Lill er også lærarutdanna, og arbeider som inspektør ved Hovden VGS. Ho er frå Krokstadelva, og dotter til Åse og Rolf Haugen. I politikken representerer ho AP i Bykle kommunestyre og Aust-Agder fylkesting.


0941 Bykle komm.png Belglii 30 (Bykle) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Belglii 29 • Neste bolk: Belglii 31

Koordinater: 59.56088° N 7.36167° Ø