Belglii 32 (Bykle)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 26. jan. 2016 kl. 09:01 av Cnyborg (samtale | bidrag) ({{nn}})
Hopp til navigering Hopp til søk
Belglii 32
Utskilt: 1983
Stad: Hovden
Sokn: Bykle
Fylke: Aust-Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 2
Bnr: 440
Type: Bustadseigedom

Belglii 32 er ein bustadseigedom på Hovden i Bykle kommune. Dette huset vart oppsett i 1983 av familien Fosse/Sande, som flutte til Hovden frå Bergen i 1981:

  • Jane Kristin Fosse, f 1955, 2004 busett Hafrsfjord
g hv m Jan Erik Sande, f 1954, 2004 busett Bergen. Born:
  • Kjersti, f 1973, lærar, busett Kristiansand, g m Ove Alfredsen, born:
  • Simen, f 2001
  • Vibeke Fosse (fosterbarn), f 1973, lærar, 2004 busett Bø i Telemark, sjå nedanfor
  • Mariann, f 1978, busett Stavanger, p t (2004) under utdaning
sb m Mikkel Alex Bachmann, f 1960, 2004 busett Hafrsfjord, jfr Setebo, bnr 113. Born:
  • Stine Beate, f 1988

Jane Kristin er frå Odda, og dotter åt Ruth og Ingolf Fosse. I yrkeslivet dreiv ho frisørsalong på Hovden i 10 år. Sidan utdanna ho seg til barnevernspedagog. Jan Erik er bergensar og son åt Borghild og Erling Sande. Han arbeidde i turistnæringa på Hovden, m.a. som restauratør på Hovden Appartementshotell. Fosterdottera Vibeke er dotter åt Berit Fosse Hylland, syster åt Jane Kristin, og fråskild ektemake Alf Birger Hylland (sjå Malmvegen 23, bnr 331). Berit døydde i 1984, og Vibeke budde hjå morsystera frå 1985 til 1993.

Jane og Jan Erik skilde lag i andre halvparten av 1980-talet. Ho og borna vart buande, medan han flutte ut. Då også Jane nokre år seinare flutte or bygda, leigde ho bort huset til kommunen eitt år eller to, men i i 1996 selde ho det til dei som bur her nå.

Bjørnar Mørenskog.
Foto: Setesdølen
Hovden fjellstove 5.8.2005.
Foto: Aanund Olsnes
  • Bjørnar Mørenskog, f 1963
g m Torun Rundhovde, f 1964. Born:
  • Alida, f 1991
  • Erik, f 1995
  • Mikal, f 1997

Bjørnar er fødd i Kristiansand, som son åt Solveig og Bjarne Mørenskog (sjå Malmvegen 31), som emna på å starte opp ei turistverksemd på Hovden saman. I 1965 vart dei skilde, men Solveig sette likevel i gang med å byggje opp det som skulle verta Hovden hyttegrend, og Bjørnar vaks opp her. Frå 1977 hadde Solveig sambuaren Rudolf Müller, og desse dreiv då hyttegrenda saman til i 1991, frå 1987 hadde dei Bjørnar til hjelp.

I 1991 flutte Solveig og Rudolf til Vinje, og Bjørnar overtok då hyttegrenda. Same året bygde han overnattings- og serveringsverksemda Hovden fjellstove. Sidan har har han drive hyttene og fjellstoga som ein einskap. Verksemda er tilknytta organisasjonane Norske vandrerhjem og Den Norske Turistforening. Attåt sjølve fjellstoga er her nå 22 hytter. I alt er her overnattingsrom til 150 gjester.

Torun Rundhovde Mørenskog er frå Valestrandsfossen på Osterøy, og dotter åt Inger og Mikal Rundhovde. Ho har budd på Hovden frå 1988. I yrkeslivet er ho helsesyster i Bykle.


0941 Bykle komm.png Belglii 32 (Bykle) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Belglii 31 • Neste bolk: Belglii 33

Koordinater: 59.56069° N 7.36209° Ø