Bergfrid Fjose

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 18. mar. 2017 kl. 02:33 av Stigrp (samtale | bidrag) (portrett hentet fra Stortingets biografiske sider)
Hopp til navigering Hopp til søk
Bergfrid Fjose
Foto: Stortingsarkivet/Scanpix

Bergfrid Fjose (fødd Bergrid Mannsåker 31. mars 1915 i Ullensvang, død 13. mai 2004Voss) var lærar og politikar. Ho var den første kvinnelege stortingsrepresentanten frå Kristeleg Folkeparti, og var sosialminister i Lars Korvald si regjering i 1972–1973. Mange hugsar ho for «Fjose-posen», dei anonyme, men lett attkjennelege posane frå Vinmonopolet. Bergfrid Fjose vann respekt for måten ho forsvarte KrF sin edruskapspolitikk på, med eit prinsippfast bodskap levert med humor, sjarm og temperert av eit tolerant menneskesyn.

Ho var dotter av folkehøgskulestyrar, stortingsrepresentant og sokneprest Jon Mannsåker (1880–1964) og Anna Erika Stueland (1881–1966). Ho var den eldste av fem sysken; riksarkivar Dagfinn Mannsåker var ein av brørne hennar. Då ho vart født, var faren styrar ved Hardanger folkehøgskule. Som ung jente lurte ho seg inn i Olavshallen der for å høyre faren sine foredrag om norske soge og litteratur.

Då ho var tretten år gammal vart faren utnemnd til residerande kapellan på Voss. Han vart også valt inn på Stortinget for Venstre. Bergfrid vart i 1933 elev ved Voss Landsgymnas. Då faren ikkje stilte til attval til Stortinget i 1933 vart det ein nominasjonsstrid i Hordaland, og då Venstre ikkje ville nominere Nils Lavik på plassen vart Kristeleg Folkeparti stifta. Bergfrid Mannsåker gjekk ikke til dette partiet med ein gong; ho var med på å skipa Voss Unge Venstre. Ho trefte Olav Fjose ( på gymnaset, og etter examen artium byrja dei begge på Den nye lærerskole i Oslo. Olav Fjose studerte samstundes teologi på Menighetsfakultetet. I 1939 fekk ho ein lærarstilling ved Valdres folkehøgskule, og året etter fekk også Olav Fjose jobb der. Etter å ha kome saman i Valdres bestemte dei seg for å gifte seg i april 1940. I mellomtida braut krigen ut, og det var harde kampar fleire stader i Valdres våren 1940. Dei gifta seg den 18. april 1940, og dagen etter måtte dei evakuere. Olav Fjose vart involvert i Milorg i Oslo, og i 1943 måtte dei rømme, med to små born, på sykkel til Sverige.

Etter krigen fekk Olav Fjose jobb som vikarfengselsprest i Stavanger - han var ein av sju prestar som vart ordinert i Sverige under krigen. Det var i tida der at han overtalde Bergfrid Fjose til å gå over til Kristeleg Folkeparti. Dette skjedde i samband med at Kjell Bondevik vart nominert av Rogaland KrF. I 1947 fekk paret jobben som styrarar på UngdomsheimenKvamskogen, og var der til 1952. Så følgde fem år på Voss og ni år i Årdal, der han var prest og ho lærar. I 1966 flytta dei så til Fana, der dei budde til ham gjekk av med pensjon i 1979 og dei flytta til Voss.

Bergfrid Fjose var aktiv i lokalpolitikk i nesten tjue år før ho tok skrittet inn i rikspolitikken. 1951–1952 satt ho i komunestyret i Kvam, 1959–1963 i Årdal og 1968–1972 i Fana. I 1969 vart ho så valt inn på Stortinget, der ho satt i to periodar. Før valet i 1977 takka ho nei til attval. I tida på Stortinget var ho leiar i Løvebakken Mållag og fråhåldsgruppe på Stortinget.

I 1972 gjekk Trygve Bratteli sin første regjering av etter folkeavrøystinga om EF. Lars Korvald skipa då ein mindretalsregjering med Kristeleg Folkeparti, Venstre og Senterpartiet. Bergfrid Fjose vart statsråd i Sosialdepartementet. I tida der fekk ho igjennom forbod mot tobakks- og alkoholreklame. Den allereie nemnde «Fjose-posen» kom også. Tanken var at dei skulle vere umerke og anonyme, men sidan ingen andre hadde poser som kunne forvekslast med polposane var det like lett som før å sjå at nokon hadde vore på polet. Ein dag vart Bergfrid Fjose sett på gata i Oslo med ein slik grå, umerka pose, og dette vart kommentert. Ho visste ikkje at det var ein polpose hos hadde fått fatt på, men då det vart fortald til henne tok ho det med godt humør og lo med. Det var etter dette at polposane fekk tilnamnet sitt. Ho vart også populær då ho stilte opp på Chat Noir og song duett med Rolf Just Nilsen i ein revy av Dag Frøland og Tore Ryen.

Etter EF-avrøystinga 1972 gjekk regjeringa Bratteli av. Lars Korvald skipa ei mindretalsregjering med KrF, Senterpartiet og Venstre, og Bergfrid Fjose vart sosialminister. Dei viktigaste sakene ho i denne posisjonen fekk igjennom, var forboda mot tobaksreklame og alkoholreklame. Men også ei stortingsmelding om edruskapspolitikk førte til prinsippvedtak som vart varige.

Kjelder