Bergheim skule

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Bergheim skule i 2016.
Foto: Annette Langedal Holme/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Bergheim skule i Bergheim krins i gamle Breim kommune stod ferdig i 1927. Då Bergheim skule vart teken i bruk, vart Teita krins og Gåsemyr krins slegne saman til Bergheim krins. Skulehuset var i bruk fram til 1970, då vart krinsen lagt ned og elevane byrja på den nye skulen på Byrkjelo.

Skulehuset

Huset har to klasserom, gang og kammers i første høgda. I andre høgda var det ei stor leilighet for læraren og ei lita hybelleilighet. I kjellaren var det ein forsamlingssal som kunne nyttast som gymnastikksal.

Bygging av skulehuset

Byggekostnadane av skulehuset kom på kring 35 000 - 40 000 kroner. Gustav Støyva var ansvarleg for grunnarbeid og muring, Kristoffer Hjelle var ansvarleg for tømrararbeidet. Tømmeret vart drive ut i kyrkjeteigane, skore på saga på Sagfloten og kjørt på plass. Krinsen utførte mykje pliktarbeid under bygginga av huset. Huset hadde vore i bruk nokre år før det fekk bordkledning.

I 1934 fekk dei opparbeidd ein leikeplass. Jon Gåsemyr var leiar for dette arbeidet som kosta 200 kriner.

Anna bruksområde

Etter at skulen vart lagt ned vart huset nytta som grendahus.

Foto

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

  • Sandal, Per (1978) Soga om Gloppen og Breim, band 1. Sandane.
  • Sandal, Per (1979) Soga om Gloppen og Breim, band 2. Sandane.
  • Femårsmeldingar om folkeskulen 1891-1895, 1896-1900 og 1901-1905
  • Skriftnemnda (1989) Skulane i Breim 1739-1989.

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder

Koordinater: 61.716936° N 6.527306° Ø