Bergsetbreen

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 23. mar. 2021 kl. 12:26 av Kallrustad (samtale | bidrag) (lenkjer etc.)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Kart frå 1860-åra som viser ca-posisjonen til breane i Bergsetdalen på det tidspunktet.
Bergsetbreen fotografert av Axel Lindahl i 1880-åra.

Bergsetbreen (Krondalsbreen) er ein brearm av Jostedalsbreen og kjem ned i enden av Bergsetdalen som er den fremste delen av Krundalen i Jostedalen i Luster kommune i Sogn. Breen ligg kring ein times gangen frå garden Bergset som har gjeve namn til breen.

Bergsetbreen er ein av fleire brear som kjem ned i Bergsetdalen. Rett sør for Bergsetbreen ligg Vetledalsbreen og i nord Baklibreen. Eit par kilometer lenger nord-aust kjem Tuftebreen ned.

Bergsetbreen og dei andre breane i Bergsetdalen gjekk mykje fram under den vesle istida på 16- og 1700-talet. I 1684 hadde breane øydelagt stølane til gardane Grov og Bergset i Bergsetdalen. Rettsdokumentet om hendinga er det eldste kjende vitnemålet frå Noreg om at breane gjekk fram og øydela produktiv mark under den vesle istida.[1]

Sidan midten av 1700-talet har Bergsetbreen trekt seg mykje attende. Den siste framrykkinga til Bergsetbreen var i 1990-åra med maksimum kring 2001. Det siste tiåret har breen gått fleire hundre meter attende.

Notar

  1. Tingbok for Indre Sogn, 1684 (Jostedal historielag)