Bernhard Pauss

Fra lokalhistoriewiki.no
Revisjon per 15. des. 2017 kl. 09:54 av Cnyborg (Samtale | bidrag)
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Bernhard Cathrinus Pauss (fødd 1839 i Drammen, død 1907 i Kristiania) var skulemann. Foreldra var skipsførar Nikolai Nissen Pauss og Caroline Louise Salvesen. Han var fyrste gong gift med Augusta Thoresen (f. 1822, d. 1875). Andre gongen var han gift med Anna Henriette Wegner (f. 1841, d. 1918). Han var far til mellom anna Augustin Thoresen Paus (1881–1945).

Han vart cand.theol. (1865) og var 1868–82 lærar i tysk og religion ved Krigsskulen. Misjonsinteressa førde til at han fekk tillitsombod i Santalmisjonen. Han redigerte Santalen frå starten i 1883 til han døydde.

I samarbeid med Hartvig Lassen gav han ut lesebøker for ulike alderssteg både i tysk og i morsmål. Særleg fekk bøkene for den høgre skulen stor utbreiing og var mykje brukte til innpå 1900-talet.

Kjelder og litteratur

Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Quercus robur1 ies.jpg
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!