Bernt Heiberg

Johan Bernt Krohg Heiberg (født 4. september 1909 i Oslo, død 29. september 2001 same stad) var ein arkitekt som virka i Oslo i perioden 1932-1980 (ca). Han var utdanna ved NTH i 1932. Han hadde arkitektpraksis hos Blakstad og Munthe-Kaas 1930-32, Bryn og Ellefsen 1932-36, Frithjof Stoud Platou 1936-40, og eigen praksis i Oslo sia 1940. Frå 1947 til 1968 var han i kompaniskap med Ola Mørk Sandvik. Heiberg var formann i Fortidsminneforeninga frå 1961 til 1971.

Eidsvoll verk, hovudbygningen frå 1958. Han vart fullførd i 1971.
Foto: Leif-Harald Ruud (2023).
Bernt Heiberg er gravlagt i familiegrav på Vestre gravlund i Oslo.
Foto: Stig Rune Pedersen (2013)
Stjerneblokkene ved Grorud stasjon i Oslo (1951-53), tegnet av Heiberg og Sandvik.
Foto: Stig Rune Pedersen (2011)

I Kristiansund tegna han ein einebolig for Gunnar Rolfsen i Langveien 51 i 1946, Herlofsengården i Storgata 11(?), ein forretningsgård, i 1947, og Nergata 12, på Nordlandet. Dette huset var bolighus og kontor for kjøpmann Hjelkrem. Det er kjend som Hjelkremgården, men gjekk også under namnet "Lille-Skaugum". Tegningane vart godkjende allereie i 1941, men huset, som er bygd i betong med fine detaljar i stein, vart først ferdig i 1946. I 2012 vart det ombygd til leiligheiter.

I lag med Sandvik teikna Heiberg i 1958 den nye hovudbygningen på Eidsvoll Verk. Tre år seinere teikna han, utan Sandvik sin medverknad, Fauske offentlige skole.

Døme på bygningar teikna av Heiberg

  • Fabrikkanlegg for Fabritius & søn Alnabru, Oslo, 1951.
  • Stjerneblokkene Grorud, Oslo, 1951-53.
  • Kjede- og rekkehus for Kreditkassens og Den norske Creditbanks boligbyggelag, Bjørnsletta, Oslo, 1953.
  • Oppsal skole, Oslo, 1960.
  • 7. juni-plassen 1, Utenriksdepartementet, 1962.
  • Tveita skole, Oslo, ca 1965.
  • Frognerveien 22, Oslo, 1965.
  • Døves kirke, Fagerborggata 12, Oslo, 1970–75.
  • Boligblokker Refstadsvingen 1-7, Bjerke, Oslo, 1962.
  • Rikstrygdeverket, Oslo, 1963.
  • BrageFram (UNO), Oslo, 1968.
  • IBM, Oslo, 1975.
  • Laboratoriebygget på Ullevål sykehus, Oslo, 1977.
  • DnB Kirkegaten, Oslo, 1979
  • Funksjonærbolig for Nore II kraftanlegg i 1946.
  • Barnehage for Dalen Portland Cementfabrik, Brevik, 1948
  • Grand Hotel, Rjukan i 1953.

Galleri

Kilder og lenker



  Denne artikkelen om en arkitekt er del av prosjektet «Gjenreisningsarkitektane» fra Nasjonalt Senter for Gjenreisingsarkitektur. Du kan gjerne bidra med flere biografier! Flere artikler finner du i Kategori:Arkitekter.